Kva er “godt vêr”?

Korleis påverkar vêret naturen og oss menneske?

Accessibility icon Kva er “godt vêr”?

Vêr og klima

Vêret er korleis temperatur, vind og nedbør er akkurat no. Klima er korleis vêret har vore over lengre tid.

Men kva er eigentleg godt og dårleg vêr? Det kjem an på kvar enkelt av oss. Nokon liker regn, medan andre liker sol. Nokon elskar snø, medan andre føretrekkjer sol og varme på ei badestrand. Uansett så får vi ikkje gjort noko med vêret.

Temperatur

Vi opplever temperatur ulikt. For å vite kor varmt eller kaldt det faktisk er, bruker vi eit termometer. Då kan vi måle temperatur ute i naturen, eller du kan måle om du har feber.

Temperaturen varierer veldig på jorda. Nokre stader er det veldig varmt. Andre stader er det iskaldt. Temperaturen varierer òg mellom årstidene. Det er varmare om sommaren og kaldare om vinteren.

Dei som bur i områda rundt ekvator, har det varmare enn dei som bur andre stader på jorda. Ekvator går rundt midten av jordkloden som eit “belte”.

I Noreg er det varmare om sommaren enn om vinteren. Det er fordi vår del av jordkloden er nærmare sola om sommaren enn om vinteren.

Havstraumar

Havet er varmare nærmare ekvator. Havstraumar fører med seg varmt vatn herfrå til kaldare område. Ein slik havstraum er Golfstraumen. Han fører med seg varmt vatn frå Mexico opp mot Noreg. Derfor er klimaet vårt mildare enn det ville ha vore utan.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Vind, høgtrykk og lågtrykk

Lufta rundt oss bevegar seg. Vi kallar dette for vind. Vinden kan vere så sterk at han riv tak av hus og flyttar bilar. Den aller sterkaste vinden blir kalla orkan. Vinden kan òg vere så svak at vi knapt kjenner han.

Lufta veg noko

Varm luft er lettare enn kald luft, og ho stig derfor til vêrs. I eit rom vil det alltid vere varmare oppunder taket enn nede ved golvet.

Det blir skapt vind når varm luft stig og kald luft søkk.

Høgtrykk og lågtrykk

Viss vi har mykje kald luft, blir det kalla for eit høgtrykk. Då får vi ofte sol og pent vêr.

Når det er mykje varm luft, blir det kalla for eit lågtrykk. Då får vi ofte mykje nedbør.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nedbør

All nedbør er vatn og kjem som regn, snø, sludd og hagl. Om nedbøren kjem som regn eller snø, avheng av temperaturen.
Når varm luft stig og møter kaldare luft, kan det òg bli torevêr. Då vil elektriske ladningar som oppstår, utløyse lyn.

Lyn over byen St. George
Lyn over byen St. George

Kjelder:

  • Seter, Kristin: vær i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/vær
  • Dannevig, Petter: strøm – havstrøm i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/strøm
  • Pedersen, Bjørn: temperatur i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/temperatur
  • Harstveit, Knut; Sivle, Anders Doksæter; Evans, Anna Kathinka Dalland: lufttrykk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/lufttrykk

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images