Språket mitt er slay!

Kva slags språk snakkar du? Det seier vel seg sjølv, tenkjer du kanskje. I Noreg snakkar dei fleste norsk, men visste du at det finst tallause variantar av norsk? Det kan dreie seg om dialekt, tospråklegheit eller eit behov for å markere at ein er ein del av eit fellesskap. Det er sannsynleg at du snakkar ein variant av det vi kallar ungdomsspråk.

Illustrasjon av en jordklode og mennesker som er på telefon eller pc. De skriver: Sjæl, lol, han reada meg!, omw, backer og slayyy!
Illustrasjon av en jordklode og mennesker som er på telefon eller pc. De skriver: Sjæl, lol, han reada meg!, omw, backer og slayyy!

Ungdomsspråk

Enkelt forklart kan vi seie at ungdomsspråk er det språket ungdom snakkar. Språk påverkar identiteten vår, og identiteten påverkar språket. Ved å lage sin eigen variant av språket markerer ungdommen at dei er ein del av ei gruppe, eit språkleg fellesskap. Ungdomsspråket tilhøyrer ungdomskulturen og er ein viktig identitetsmarkør. Språket vårt signaliserer altså kven vi er og kven vi ønskjer å vere. 

Illustrasjon av 4 ungdommer som tekster på telefonen. En av de skriver
Illustrasjon av 4 ungdommer som tekster på telefonen. En av de skriver "Haha ik!", og en skriver "det er sykt"

Språk mellom generasjonar

Snakkar du på same måten når du er saman med vennegjengen din, og når du er på middagsbesøk hos besteforeldra dine? Sannsynlegvis ikkje. Du tilpassar språket ditt til det sosiale fellesskapet du er ein del av, og til dei du kommuniserer med.

Det kan hende bestemor hadde pæsa ut eller bounca om du hadde banna, brukt engelske ord eller forkortingar ved middagsbordet. Du hadde kanskje ikkje vore heilt komfortabel med å få ein invitasjon frå bestefar der han skreiv “Bro, my place 16.00. Ikkje ditch!”. Ungdomsspråket tilhøyrer ungdommen, og når vaksne prøver å bruke ord og uttrykk, kjennest det som regel alltid litt feil. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Blank Word-bakgrunn med en illustrasjon av en bestefar som tekster. Bestefaren skriver
Blank Word-bakgrunn med en illustrasjon av en bestefar som tekster. Bestefaren skriver "Bro, my place 16.00. Ikke Ditch!!

Kreativt eller øydeleggjande?

Det er nokre som meiner at ungdomsspråket bidreg til å bryte ned det norske språket. Andre ser på ungdomsspråket som kreativt og nyskapande og som noko som berikar det norske språket.

Illustrasjon av en debatt mellom en mann og en jente. Mannen sier
Illustrasjon av en debatt mellom en mann og en jente. Mannen sier "Du må snakke ordentlig norsk", og jenta sier "Bro, språket mitt er slay"

Ungdomsspråk i SKAM

Dei siste åra har det vore fleire norske seriar som gir oss eit godt innblikk i ungdomsspråket. Den kanskje aller mest kjende serien er SKAM. SKAM er ein dramaserie der vi  følgjer livet til ein ungdomsgjeng på vidaregåande skule. Serien vart raskt eit globalt fenomen og fekk stor internasjonal suksess. I serien er det mange innslag av ungdomsspråk. Sjå berre på utdraget frå råmanuset under.

Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.
Hvit snakkeboble på blå bakgrunn.

EVA: Kva faen er alt dette maset om korleis person eg er?!?! Kanskje eg er ein person som berre gir opp da!! Eg veit ikkje eg!!! Korleis skal eg vite korleis person eg er liksom? Alle berre korleis person er du, korleis person er du, du må finne ut kven du er- det er så jævlig bullshitklisje!!  

ISAK: Wow. Ok. Chill.. Det var ikkje sånn meint. Sorry.  

EVA: nei. 

ISAK: …Eva. Det er ikkje så jævla komplisert liksom… Ein ER jo berre det ein GJER. 

EVA: Er det så enkelt?  

ISAK: Så viss du byt skule fordi ting er litt føkt, så ER du jo ein person som gir opp. 

EVA: Eg er ikkje fem år liksom. Trur du det omvendt psykologipisset funker på meg? 

ISAK: Eg veit ikkje. Gjer det det? You got to fight back, girl! 

(Råmanus, Andem, 2018).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Nordens språkpris

Manusforfattar Julie Andem fekk faktisk Nordens språkpris i 2016 for manuset i serien. Juryen meinte at språket i serien engasjerte eit ungt nordisk publikum og bygde bru mellom dei nordiske språka. Er ikkje det kult? At ungdom frå Sverige og Danmark kjenner seg igjen i og forstår det norske ungdomsspråket.

Manusforfatteren for dramaserien Skam, Julie Andem, mottar Nordens språkpris
Manusforfatteren for dramaserien Skam, Julie Andem, mottar Nordens språkpris

Språk til utlån!

Men kvar kjem eigentleg alle orda ungdommane brukar i språket sitt frå? Mange av dei låner vi faktisk frå andre språk. Du lever i det ein kan kalle for ei globalisert verd. Du reiser, flyttar, kommuniserer, handlar og jobbar meir på tvers av landegrenser enn det generasjonane før deg har gjort. Du ser kanskje engelskspråklege seriar på Netflix, gamar med folk frå andre land, eller handlar klede i  internasjonale klesbutikkar?

En jordklode med snakkebobler over. I snakkeboblene står det: Obsessed!, Mindset, You know, btw, ilu og basic.

Importorda

Så kva skjer då, når du som ungdom er ein del av denne globaliserte verda? Jau, du låner ord. Og sakte, men sikkert blir desse orda du låner ein heilt vanleg del av  daglegtalen din. Ditt personlige språk. Vi kallar slike lånord for importord

Visste du at orda betale, fridom og begynne er ord vi nordmenn har lånt for mange hundre år sidan? Sannsynlegvis ikkje. Importorda blir som regel ein heilt vanleg del av språket vårt, og vi tenkjer ikkje på dei som noko vi har fått utanfrå. At nyare ord som selfie, game og chatte er lånte frå engelsk, er sannsynlegvis lettare å forstå. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en jente som sier
Illustrasjon av en jente som sier "Jeg må endre mindset" til venninnen sin.

Banning

Banning er òg eit kjenneteikn ved ungdomsspråket. Nokre gongar banner vi fordi vi ønskjer å få utløp for kjenslene våre. Til dømes då vi fekk  dårleg karakter på den f**** matteprøva, eller trakka på ein j**** legokloss veslesøster ikkje hadde rydda opp. Andre gongar brukar vi banneord med eit sosialt motiv. Eit døme på dette kan vere at du vil verke tøff eller markere gruppeidentitet. Du veit, når heile jentegjengen ser på kvarandre og berre «slaaaay».

Blank Word-bakgrunn med snakkebobler som sier stygge ord med symboler
Blank Word-bakgrunn med snakkebobler som sier stygge ord med symboler

Ungdomsspråk- ei byrde eller ei beriking?

Ungdomsspråket er altså ein måte å markere tilhøyrsle og uttrykke eigen identitet. Det er kanskje ikkje så viktig å kategorisere ungdomsspråk som positivt eller negativt. Det blir berre unødvendig drama og fuss. For ein ting er heilt sikkert.

Så lenge det finst ungdom, finst det ungdomsspråk. At ungdommen har sin eigen variant av språket, er slettes ikkje eit nytt fenomen. Spør berre bestefaren din om han er “slapp i kloa” eller “eit ålehue”. Kanskje han svarer deg med “jøssenam på trappa, kvar har du lært dei uttrykka der?” Det er jo eit fint utgangspunkt for ein samtale rundt språkskillsa til bestefar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en bestefar og en gutt som snakker sammen. I gutten sin snakkeboble står det
Illustrasjon av en bestefar og en gutt som snakker sammen. I gutten sin snakkeboble står det "et ålehue!" og i bestefaren sin står det "jøssenam på trappa, hvor har du lært de uttrykkene der?"

Kjelder:

  • Andem, Julie:
    Skam sesong 1: Eva, Råmanus
    (2018)
    Armada forlag
  • Hausund, Ingrid Kristine:
    Ungdomsspråk
    (2006)
    Fagbokforlaget

Bilde- og videorettar:

    1. Adobe Stock
    2. Adobe Stock
    3. Adobe Stock
    4. Getty Images
    5. Skolerom
    6. Foreningen Norden – Flickr
    7. Adobe Stock
    8. Adobe Stock
    9. Skolerom
    10. Adobe Stock