Ein dag utan tal?

Du bruker tal kvar dag! Det finst ingenting du kan peike på utan at du samtidig må gi det eit tal. Du ser to personar eller éin bil – eller kanskje fem kattar. Kanskje du seier at noko er tre meter høgt eller to kilo tungt.

Kanskje du skal fortelje om korleis du kjem deg frå ein stad til ein annan, forklare ei matoppskrift eller seie noko om fotballkampen du spelte i går.

Det er ganske vanskeleg utan å bruke tal, ikkje sant?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt teller fingre
Gutt teller fingre

Titalsystemet

0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9

Det vanlege talsystemet vi bruker,  blir kalla titalssystemet, fordi det er bygd opp av ti ulike siffer. Med desse kan vi lage mange ulike tal.

Siffer er korleis vi skriv talet, mens tal er verdien – altså kor mykje det er av noko. Talet 25 består av to siffer: 2 og 5. Siffera 0-9 blir derfor brukte for å lage tal.

Posisjonssystemet fortel oss kva slags verdi siffera har i talet. Talet 35 betyr 3 tiarar og 5 einarar.

Bilde som viser forskjellen på tal og siffer
Ruteark
Ruteark

Rekkefølgja er likegyldig

Når vi skal leggje saman (addere) tal, speler ikkje rekkjefølgja noka rolle. Om vi reknar ut 4+5 eller 5+4, er svaret uansett det same. Det same gjeld om vi skal gonge saman to tal (multiplisere).

Jente løser mattestykker på tavle
Jente løser mattestykker på tavle

Partal og oddetal

Vi deler tala inn i partal og oddetal. Eit partal kan du dele på 2 og få eit heilt tal. Døme på partal er 2, 4, 6, 8, 10 og 12.

Eit oddetal kan du ikkje dele på 2 og få eit heilt tal. Døme på oddetal er 1, 3, 5, 7 og 9.

Tenk deg at du har tre eple, og dei skal bli delte likt mellom deg og ein venn. Då må de dele det eine eplet i to for å dele likt, og 3 er derfor ikkje eit partal.

Røde epler
Ruteark
Ruteark

Arabiske tal

Siffera som vi bruker for å lage tal, blir kalla for arabiske tal. Før dei arabiske tala vart tekne i bruk, brukte vi romartal. Det er mykje vanskelegare å bruke romartal enn arabiske tal når ein skal rekne eller vise store tal.

Å skrive tal med romartal vart gjort på ein heilt spesiell måte. Året 2021 som romartal ser slik ut: MMXXI.

Romertall
Ruteark
Ruteark

Den utrulege nullen

0 er ganske fantastisk. Du kan setje 0 føre eit tal, og verdien av talet blir ikkje endra i det heile. Du kan leggje til eller trekkje frå 0, og svaret blir ikkje endra. Set du derimot 0 bak eit tal, aukar det i verdi med ein gong. Viss du set 0 bak 1, får du 10.

På tallinja ser vi at 0 ligg som eit skilje mellom dei negative (-) og positive (+) tala.

Null på kalkulator
Null på kalkulator

Kjelder:

  • Aubert, Karl Egil: tall i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/tall

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images