Ny epoke for jorda

Planeten vi bur på, har eksistert i 4,6 milliardar år, og mykje har forandra seg på den tida. Verdsdelane har flytta på seg, klimaet har forandra seg, artar har kome og gått – og mennesket har oppstått. Spor etter alt dette ser vi i fossil og ulike stoff som finst i jorda. Geologar, som er ekspertar på jordas utvikling, kan på den måten dele planeten si historie inn i tidsepokar.

Flyfoto av Hengifoss i Fljótsdalshreppur, Øst-Island
Flyfoto av Hengifoss i Fljótsdalshreppur, Øst-Island

Holocen – «heilt nyleg»

Tidsepokane trias, jura og krit – då dinosaurane levde – har mange høyrt om. I dag lever vi i det som blir kalla holocen. Det betyr «heilt nyleg». Denne perioden begynte for 11 700 år sidan, etter den siste store istida. Klimaet har for det meste vore det same i denne perioden. Det har gjort det mogleg for oss å planleggje framtida og forbetre liva våre ved å dyrke jorda, skaffe energi på nye måtar og byggje byar.

⬅  Mammuten døydde ut omtrent midt i holocen.

To mammuter som slåss med hverandre i en vinterlandskap
To mammuter som slåss med hverandre i en vinterlandskap

Antropocen

Nokre forskarar meiner no at den store påverknaden menneska har hatt på planeten vår, har ført oss inn i ein heilt ny geologisk tidsalder: antropocen –«menneskealderen».

Forskarar jobbar no med å bli samde om nøyaktig kva denne nye perioden er. For å setje ei grense mellom ulike tidsepokar må det vere nok bevis på at det over heile verda finst ein forskjell mellom steinlaga. Slutten på krittida blir til dømes kjenneteikna ved at ein ser mykje av metallet iridium. Dette metallet kom frå asteroidenedslaget som vart slutten på levetida til dinosaurane.

⬅  Dampmaskinen, som også finst i damplokomotiv, var oppfinninga som gjorde det mogeeg å begynne å lage ting i store fabrikkar. Dette blir kalla den industrielle revolusjonen. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et gammel damplokomotiv
Et gammel damplokomotiv

Når begynte antropocen?

Det vanskelegaste for geologane er å finne ut nøyaktig når perioden begynte. Somme meiner at det skjedde for tusenvis av år sidan då mennesket begynte å dyrke mat. Men det første jordbruket sette ikkje så sterke spor etter seg. Andre meiner at begynnelsen kan setjast til cirka 1750, då den industrielle revolusjonen starta. Frå dette tidspunktet auka mengda av miljøfarlige gassar i atmosfæren, og graving etter kol, olje og gass endra landskapet veldig.

Andre meiner at det var i 1950-åra at vi begynte å påverke jorda for alvor. Etter andre verdskrigen begynte verda å bli meir knytt saman. Talet på menneske på jorda vaks raskt, og atomkraft og atomvåpen vart oppfunne. Somme trur det vil vere dei radioaktive spora etter dei første atombombesprengingane som vil bli kjenneteiknet til framtidige geologar på antropocen, medan andre meiner det kan vere plastsøppel, sot frå kraftverk eller betong.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
3D illustrasjon av plast som flytter i åpent hav
3D illustrasjon av plast som flytter i åpent hav

Raske endringar

Uansett om vi kan finne ei bestemt grense eller ikkje, kan vi ikkje nekte for at mennesket har påverka miljøet. Vi har berre eksistert på jorda i kort tid, men på den tida har vi greidd å forandre planeten mykje raskare enn endringane som har skjedd tidlegare. Det har skjedd større forandringar  dei siste 100 åra enn det har dei 250 000 åra før det. Det er ingen teikn til at vi bremsar ned.

Betre forståing for framtida

Ikkje alle endringar har vore negative. Alle våre oppfinningar og oppdagingar gjer at mange har det betre no. Jobbar i fabrikkar har lyfta millionar av menneske ut av fattigdom.

Nye medisinar og vaksinar har òg gjort at mange fleire blir friske av sjukdommar enn før. Når folk har betre råd, treng dei ikkje å få så mange barn, og det fører til at talet på menneske på jorda veks saktare. Vi veit òg meir om planeten vår og universet enn nokon gong før, slik at vi kan lære av historia, og planleggje for framtida.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av en forsker som analyserer og bruker en dråpeteller med andre vitenskapelige elementer
Bilde av en forsker som analyserer og bruker en dråpeteller med andre vitenskapelige elementer

Større forskjellar

Men sjølv om liva våre stort sett er i ferd med å bli betre, har forskjellane mellom menneske vorte større. Mange menneske i fattige land er tvinga til å ta dårleg betalte jobbar der dei lagar ting til rike land. Viss alle skulle hatt det like trygt og godt som oss, ville det berre ha vore plass til 2–3 milliardar menneske på kloden. Befolkninga i verda har stige frå 1 milliard til over 7 milliardar sidan 1800-talet.

Slummen i Nairobi, Kenya.
Slummen i Nairobi, Kenya.

Overfolking

Den raske auken i talet på menneske har veldig stor innverknad på miljøet. Vi har endra over halvparten av landjorda ved å rydde skog, byggje byar og demme opp elvar. Talet på ulike dyr og plantar har derfor vorte mykje mindre over heile jorda.

⬅  I Hong Kong bur innbyggjarane veldig tett. 

Eksempel på hvor tett innbyggere bor i Hong Kong med følge av overbefolkning
Eksempel på hvor tett innbyggere bor i Hong Kong med følge av overbefolkning

Klimaendringar

Ein annan stor miljøpåverknad er klimaendringane. Sidan 1750 har altfor mykje skadeleg gass vorte sleppt ut i atmosfæren. Dette kjem frå industrien, til dømes frå oljeplattformer, kolgruver, jordbruk og søppelfyllingar.

Dette endrar klimaet raskare enn nokon gong tidlegare. Varmare klima får isen på Grønland og i Antarktis til å smelte. Dette vil sannsynlegvis føre til at havnivået stig opp mot fem meter dei neste hundreåra. Område langs kysten vil bli overfløymde, og dette er dei stadene der det bur flest menneske.

⬅  Karbondioksid frå dei første åra av den industrielle revolusjonen varmar framleis opp planeten. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Isfjell, Antarktis
Isfjell, Antarktis

Forureining av vatn

Dagens jordbruk fører òg til at vatn, elvar og hav blir forureina av overflødig gjødsel. Gjødsla renn ut i vatnet og gjer at det veks fram giftig plankton, som kan drepe fisk, skaldyr og andre dyr som lever i sjøen.

Påverknaden til mennesket

Kva vil geologar i framtida bruke som kjenneteikn på antropocen? 

1. Artar på villspor 
Handel og trafikk over heile kloden har gjort at dyr og plantar har blitt frakta til stader der dei ikkje høyrer heime.

2. Byar 
Byar dekkjer mindre enn 2 prosent av jorda, men husar meir enn halvparten av menneska i verda.

3. Atmosfæren 
Klimagassar har samla seg opp i atmosfæren i stor fart og ført til oppvarming av kloden.

4. Gruvedrift 
Menneske forandrar jorda på jakt etter kol, olje og byggjemateriale. Dette forandrar landskapet og gir forureina elvar.

5. Vassbruk 
Demningar i elvar endrar landskapet og tilgangen til vatn.

6. Skogar 
Menneske har hogge ned halvparten av trea i verda, øydelagt  leveområda til dyra og hindra dyra i å tilpasse seg klimaendringane.

7. Jordbruk 
Jordbruk påverkar dyr, plantar og lufta på jorda.

8. Ulike plantar og dyr 
900 artar har vorte borte dei siste 500 åra, og utryddinga skjer stadig raskare.

9. Kystfarvatn 
Giftige stoff frå jordbruket fører til meir plankton som øydelegg for livet i sjøen.

10. Overfiske 
For mykje fiske har skadd både arten som blir fiska, og andre artar som er avhengige av han.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Hva vil fremtidens geologer bruke som kjennetegn på antropocen
Hva vil fremtidens geologer bruke som kjennetegn på antropocen

Kvifor treng vi en ny epoke?

Vi veit at vêret, ulike dyr og plantar og landskap på jorda òg i tidlegare tider har endra seg mykje. Det har skapt forhold som er mykje varmare og kaldare enn slik det er no. Så kva er det som gjer endringane i antropocen annleis?

For første gong i jorda si historie er det éin art som har ført til alle desse endringane. Og ikkje nok med det: Vi menneske veit at vi gjer det. Dette er ein av grunnane til at mange geologar er så opptekne av dette. Dei håpar at dette kan gjere at folk endrar syn på forholdet mellom mennesket og jorda. Ved å forstå at vi påverkar miljøet så mykje, har vi moglegheit til å bestemme korleis framtida skal sjå ut.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som holder en globus med et munnbind med et hjerte tegnet i midten
Dame som holder en globus med et munnbind med et hjerte tegnet i midten

Kjelder:

  • Historien om mennesket – Junior (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Howard Hughes Medical Institute
    12. Getty Images