Tankeeksperiment:

Viss artsmangfaldet
sat på Stortinget

Kva om vi fylte Stortinget med alle dyreartar i Noreg? Korleis ville maktfordelinga i Noreg sett ut då?

To menneskefigurer med hjortehoder sitter foran PC og ser på noe sammen.
To menneskefigurer med hjortehoder sitter foran PC og ser på noe sammen.

Insekta regjerer

Insekta er kanskje den mest vellykka dyregruppa på jorda. Det finst cirka ein million ulike artar. Det er over halvparten av alle kjende fleircella artar. Også i Noreg er det denne gruppa som regjerer.

Menneske i mindretal

I Noreg har vi 49 000 ulike dyreartar, og mennesket er i mindretal. Vi kunne slått oss saman med alle andre virveldyr (til dømes elg, fiskar, fuglar, slangar og froskar), og likevel hamna langt under sperregrensa for å få plass på Stortinget. I denne samanhengen er vi altfor få til å få meiningane våre fram.

Kvinne i skogen, med elgmaske holder på geviet i stoff.
Kvinne i skogen, med elgmaske holder på geviet i stoff.

Fleirtal til insekta

Plantane, derimot, ville fått 12 prosent og soppane 18 prosent. Andre små artar som sniglar og midd ville fått 24 prosent. Insekta ville vore vinnarane med heile 44 prosent. Og her har vi ikkje rekna med vevkjerringar, tusenbein og liknande.

Basert på dette reknestykket har biolog og professor Anne Sverdrup-Thygeson laga eit morosamt tankeeksperiment: Korleis ville det sett ut om artsmangfaldet sat på Stortinget?

Diagram over representasjon av artsmangfoldet i Stortingsseter.
Diagram over representasjon av artsmangfoldet i Stortingsseter.

Sopp og insekt i koalisjonsregjering

Sopp og insekt ville forma det vi kallar ei  koalisjonsregjering. Desse to gruppene meiner det same om mykje. Dei kan lett samarbeide med plantar, mose, blautdyr og andre små organismar.

Fleirtalet i Stortinget vil då elska ròtne, fuktige og mørke stader. Derfor ville dei nok ha kjempa hardt for skogvern, og dei ville ha totalforbode flatehogst. Ved å ikkje hogge gammal skog, ville dei sørgje for at milliardar av insekt og sopp har ein stad å bu.

Også jordbrukspolitikken ville endra seg. Det ville bli slutt på industrielt landbruk, og bruk av sprøytemiddel ville bli forbode.

Men nokre artar ville sakna menneska i regjeringa. Kakerlakkar, bananfluger, rotter, lus og husdyr har det godt når menneska har makta.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av to sirkler. Den ene sirkelen har illustrasjoner av to ulike typer av sopp og den andre av tre ulike insekter. Disse tangerer på midten, slik at den ene går inn i den andre. Ved siden av er det en snegle med sneglehus som holder et skilt hvor det står
Illustrasjon av to sirkler. Den ene sirkelen har illustrasjoner av to ulike typer av sopp og den andre av tre ulike insekter. Disse tangerer på midten, slik at den ene går inn i den andre. Ved siden av er det en snegle med sneglehus som holder et skilt hvor det står "Bevar skogen nå!".

Påverkar eit heilt økosystem

Mennesket er ein dyreart i mindretal. Likevel tek vi store avgjerder i Stortinget kvar dag. Desse avgjerdene har mykje å seie for dei største gruppene i økosystemet vårt, og for artar mange av oss aldri har høyrt om. 

Person i militæruniform tråkker over ventet tre i skogen. Like ved stammen står to sopper.
Person i militæruniform tråkker over ventet tre i skogen. Like ved stammen står to sopper.

Endringar vil påverke alle

Alle artane i dette økosystemet bidreg kvar dag til trivselen og overlevinga til mennesket. Dei gjer det til og med heilt gratis!

Insekta vil neppe kunne styre Stortinget. Men viss vi ikkje tek vare på artane rundt oss, vil endringane påverke oss alle. Då speler det ikkje lenger noka rolle kva for eit politisk parti vi tilhøyrer.

Converse sko sett ovenfra. På tuppen av høyre foter det klistret en blå Dymo-teipbit med teksten
Converse sko sett ovenfra. På tuppen av høyre foter det klistret en blå Dymo-teipbit med teksten "høyre". På ventre skotupp er en rød teipbit med teksten "venstre".

Kjelder:

  • Anne Sverdrup-Thygeson: Insektenes planet
    J.M. Stenersens forlag, 2018.
  • Fjell og vidde, nr. 3 juni 2021;
    Stortingsvalget 2021: Menneskene under sperregrensen

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images