Tankeeksperiment:

Viss artsmangfaldet
sat på Stortinget

Kva om vi fylte Stortinget med alle dyreartar i Noreg? Kven ville hatt makta i Noreg då?

To menneskefigurer med hjortehoder sitter foran PC og ser på noe sammen.
To menneskefigurer med hjortehoder sitter foran PC og ser på noe sammen.

Insekta regjerer

Insekta er kanskje den dyregruppa på jorda som har klart seg best. Det finst omtrent ein million ulike artar. Også i Noreg er det denne gruppa som er størst.

Menneske i mindretal

Vi har 49 000 ulike dyreartar i Noreg, og mennesket er blant dei minste gruppene. Sjølv om vi hadde slått oss saman med resten av virveldyra (dyr som elg, fiskar, fuglar og slangar), ville vi ikkje kome inn på Stortinget. Dette kjem av sperregrensa: Ein må få over 4 prosent av stemmene for å få plass, og vi ville fått berre 2 prosent!

Kvinne i skogen, med elgmaske holder på geviet i stoff.
Kvinne i skogen, med elgmaske holder på geviet i stoff.

Fleirtal til insekta

Plantane ville fått 12 prosent og soppane 18 prosent. Andre små artar som sniglar og midd ville fått 24 prosent. Insekta ville ha vore vinnarane med heile 44 prosent.

Anne Sverdrup-Thygeson er biolog og studerer levande organismar. Ho har laga eit morosamt tankeeksperiment om dette: Korleis ville det sett ut om artsmangfaldet sat på Stortinget?

Diagram over representasjon av artsmangfoldet i Stortingsseter.
Diagram over representasjon av artsmangfoldet i Stortingsseter.

Sopp og insekt i regjering

Insekt og sopp ønskjer mykje av det same. Derfor ville dei lage det vi kallar koalisjonsregjering. Det vil seie at dei trass i ulike meiningar ønskjer å jobbe saman. Dei kunne òg samarbeidd med plantar, mose og andre små organismar.

Fleirtalet i Stortinget ville då elske våte og mørke stader. Dei ville nok ha forbode flatehogst og kjempa hardt for å verne gammal skog. Der kunne milliardar av insekt og sopp hatt ein stad å bu.

Også jordbruket ville endra seg. Det ville bli færre maskinar, og sprøytemiddel hadde blitt forbodne.

Men nokre artar ville sakna menneska i regjeringa. Kakerlakkar, bananfluger, rotter, lus og husdyr har det godt når menneska har makta.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av to sirkler. Den ene sirkelen har illustrasjoner av to ulike typer av sopp og den andre av tre ulike insekter. Disse tangerer på midten, slik at den ene går inn i den andre. Ved siden av er det en snegle med sneglehus som holder et skilt hvor det står
Illustrasjon av to sirkler. Den ene sirkelen har illustrasjoner av to ulike typer av sopp og den andre av tre ulike insekter. Disse tangerer på midten, slik at den ene går inn i den andre. Ved siden av er det en snegle med sneglehus som holder et skilt hvor det står "Bevar skogen nå!".

Påverkar eit heilt økosystem

Mennesket er ein dyreart i mindretal. Likevel tek vi store avgjerder i Stortinget kvar dag. Avgjerdene påverkar dei største gruppene i økosystemet vårt, og artar dei fleste av oss aldri har høyrt om.

Eit økosystem er alt levande som finst på same staden. Til dømes i ein vasspytt, i ein hage eller i ein skog.

Person i militæruniform tråkker over ventet tre i skogen. Like ved stammen står to sopper.
Person i militæruniform tråkker over ventet tre i skogen. Like ved stammen står to sopper.

Endringar vil påverke alle

Alle artane i dette økosystemet er viktige for at vi menneske trivst og overlever.

Insekta vil nok aldri kunne styre Stortinget, men menneska som gjer det, må ta omsyn. Viss ikkje, vil endringane påverke oss alle. Då speler det ikkje lenger noka rolle kva for eit politisk parti vi tilhøyrer.

Converse sko sett ovenfra. På tuppen av høyre foter det klistret en blå Dymo-teipbit med teksten
Converse sko sett ovenfra. På tuppen av høyre foter det klistret en blå Dymo-teipbit med teksten "høyre". På ventre skotupp er en rød teipbit med teksten "venstre".

Kjelder:

  • Anne Sverdrup-Thygeson: Insektenes planet
    J.M. Stenersens forlag, 2018.
  • Fjell og vidde, nr. 3 juni 2021;
    Stortingsvalget 2021: Menneskene under sperregrensen.

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images