Atmosfæren i rørsle – energi, vêr og klima
Atmosfæren er i konstant rørsle. Solstrålar treffer jorda, varmen blir fordelt, lufta strøymer, og vêr av alle slag oppstår. I denne artikkelen skal vi utforske korleis energi frå sola set i gang store sirkulasjonsmønster, korleis jordrotasjonen påverkar vindane, og korleis alt dette heng saman med vêr, klima og naturfarar. Vi skal også sjå på korleis vi kan bruke energien til atmosfæren på ein berekraftig måte, og kvifor det er viktig å forstå dette systemet for å møte framtidas utfordringar.
Jordkloden sett fra verdensrommet med tydelige skysystemer.
Solens radioaktive stråler som treffer jorda.
Global sirkulasjon – slik flyttar lufta på seg
Fordi sola varmar opp ekvator meir enn polane, får vi store forskjellar i temperatur og trykk på jorda. Varm luft ved ekvator stig opp, og kald luft frå høgare breiddegrader, altså nærare polane, strøymer inn for å erstatte henne. Dette set i gang globale sirkulasjonsmønster. Denne sirkelen av luft som stig og søkk blir ikkje danna direkte frå nord- eller sørpolen til ekvator i to store rørsler. På grunn av jordas storleik, rotasjon og korleis sola varmar opp ulike breiddegrader, har det danna seg faste mønster i korleis lufta sirkulerer. For å forstå desse mønstera, deler vi atmosfæren inn i tre hovudceller på kvar halvkule. Vi kallar dei hadleycella, ferrelcella og polarcella.
Illustrerende verdensbilde av globale vindsystemer og temperaturvariasjoner.
Hav, is og luft – eit tett samspel
Atmosfæren jobbar ikkje åleine. Han er i konstant samspel med havet og kryosfæren (is og snø). Havet lagrar enorme mengder varme og transporterer energi rundt kloden gjennom havstraumar som golfstraumen. Fenomen som El Niño og La Niña, som vi skal sjå meir på seinare, er døme på korleis hav og atmosfære påverkar kvarandre. Når til dømes havtemperaturen i Stillehavet endrar seg, påverkar det vêrmønster over heile verda, frå tørke i Australia til flaum i Sør-Amerika.
Is og snø reflekterer mykje sollys, vi seier at dei har høg albedo. Når isen smeltar, blir mindre sollys reflektert og meir varme blir absorbert. Det skaper ei tilbakekopling som forsterkar oppvarminga. Derfor er smelting av is i Arktis og Antarktis ein viktig del av klimadebatten.
Naturfarar og risiko – når atmosfæren viser musklar
Atmosfæren kan vere vakker og livgivande, men også kraftig og farleg. Ekstremvêr som stormar, hetebølgjer, tørke og styrtregn er naturfarar som oppstår når atmosfæren får ekstra mykje energi å jobbe med.
Klimaendringar gjer at slike hendingar blir vanlegare og meir intense. Eit varmare hav gir kraftigare og fleire orkanar. Meir vassdamp i lufta gir meir intens nedbør. Og hetebølgjer blir lengre og farlegare.
Å forstå atmosfæren er derfor også viktig for beredskap og risikovurdering. Kor stor er sjansen for flaum i eit område? Korleis kan vi varsle ekstremvêr i tide? Dette er spørsmål geofag prøver å svare på.
Berekraftig energi frå atmosfæren
Atmosfæren er ikkje berre ei utfordring, han er også ein ressurs. Vind og sol er blant dei viktigaste fornybare energikjeldene vi har, og dei hentar all sin energi frå solinnstråling og rørslene til atmosfæren.
Vindkraft utnyttar rørsler i lufta, og er spesielt effektiv i kystområde og på fjell.
Solenergi fangar opp strålinga frå sola og gjer henne om til straum eller varme.
Bølgjekraft og tidvatn er også indirekte drivne av sol og måne.
Utfordringa er å bruke desse ressursane på ein berekraftig måte, utan å øydeleggje natur, landskap eller lokalsamfunn. Her må vi tenkje heilskapleg og langsiktig.
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.
Atmosfæren er nøkkelen til framtida
Atmosfæren er i konstant rørsle. Han fordeler energi, skaper vêr og klima og gir oss både utfordringar og moglegheiter. Ved å forstå korleis han fungerer, kan vi føreseie, tilpasse oss og utnytte ressursane på ein klok måte.
I denne artikkelen har vi sett korleis sola set i gang heile maskineriet, korleis lufta bevegar seg i globale mønster, og korleis dette påverkar alt frå regnvêr i Bergen til tørke i Afrika. Vi har også sett korleis vi kan bruke denne kunnskapen til å møte framtidas utfordringar.
Neste gong du kjenner vinden i ansiktet, kan du tenkje på alt som ligg bak, og kor viktig det er å forstå det usynlege, men livsviktige systemet som omgir oss.
En person som kaster vann opp i luften en kald vinterdag, slik at vannet frosser i luften. Det dannes en sirkel i luften av isvannet og et hjertet i midten.
Kjelder:
Havforskningsinstituttet (2019). Hva er polarfronten? Henta frå: https://www.hi.no/hi/nyheter/2019/oktober/hva-er-polarfronten
Intergovernmental Panel on Climate Change. (2021). Climate Change 2021: The Physical Science Basis. Climate Change 2021: The Physical Science Basis
NASA Earth Observatory. (2023). Global Energy Balance. https://earthobservatory.nasa.gov/features/EnergyBalance
UNEP. (2021). Global Methane Assessment. https://www.ccacoalition.org/resources/global-methane-assessment-full-report
Met Office UK. Weather conditions https://weather.metoffice.gov.uk/learn-about/weather/how-weather-works/high-and-low-pressure/weather-conditions
CICERO. (2019). Mysteriet metan. https://cicero.oslo.no/no/artikler/mysteriet-metan
Miljødirektoratet. (2022). Klimarisiko. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/internasjonalt/barekraft/barekraftsrapportering-for-naringslivet/vesentlighetsanalyse/klimarisiko/Miljødirektoratet (2018): Utredning om konsekvenser for Norge av klimaendringer i andre land Utredning om konsekvenser for Norge av klimaendringer i andre land