Atmosfæren i rørsle – energi, vêr og klima

Atmosfæren er i konstant rørsle. Solstrålar treffer jorda, varmen blir fordelt, lufta strøymer, og vêr av alle slag oppstår. I denne artikkelen skal vi utforske korleis energi frå sola set i gang store sirkulasjonsmønster, korleis jordrotasjonen påverkar vindane, og korleis alt dette heng saman med vêr, klima og naturfarar. Vi skal også sjå på korleis vi kan bruke energien til atmosfæren på ein berekraftig måte, og kvifor det er viktig å forstå dette systemet for å møte framtidas utfordringar.

Accessibility icon Atmosfæren i rørsle – energi, vêr og klima

Atmosfæren er i konstant rørsle

Har du nokon gong kjent vinden i ansiktet og lurt på kvar han kjem frå? Eller sett på skyene og tenkt at dei bevegar seg så bestemte av garde, som om dei har ein plan? Ja, for dei har faktisk ein plan, eller rettare sagt: Dei følgjer eit system. Dei følgjer eit system som blir styrt av sola, jordrotasjonen og forskjellar i temperatur og trykk. Atmosfæren er nemleg ikkje berre fleire lag med luft og ulike molekyl og andre partiklar – han er ein energimaskin i konstant rørsle.

I denne artikkelen skal vi følgje energien frå sola og sjå korleis ho set i gang alt frå vindkast til orkanar. Vi skal forstå kvifor det regnar meir i Bergen enn i Roma, og kvifor det blæs så mykje på Jæren. Og vi skal sjå korleis vi menneske både påverkar og kan dra nytte av denne rørsla, på godt og vondt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jordkloden sett fra verdensrommet med tydelige skysystemer.
Jordkloden sett fra verdensrommet med tydelige skysystemer.

Frå solstrålar til stormar – atmosfæren som energimaskin

Alt startar med sola. Ho er som ein gigantisk varmeomn som sender ut energi i alle retningar. Berre ein liten brøkdel treffer jorda, men det er meir enn nok til å drive heile klimasystemet vårt. Utan sola – ikkje noko vind, ikkje noko  regn, ikkje noko liv.

Men sola varmar ikkje opp jorda jamt. Ekvator får mykje meir sol enn polane. Det er som når du sit framfor ein varmeomn: den delen av kroppen som er nærast, blir varmast. Ved ekvator treffer solstrålane rett på, medan ved polane kjem dei inn skrått og må spreie seg over eit større område. I tillegg må dei passere gjennom meir atmosfære, og då mistar dei energi på vegen.

Tenk på det som ei lommelykt: Om du lyser rett ned på golvet, får du ein liten, intens lysflekk. Men om du held lommelykta på skrå, blir lyset spreidd utover og blir svakare. Det same skjer med sollyset.

Resultatet? Store temperaturforskjellar mellom ulike delar av jorda. Og her kjem eit viktig prinsipp inn: atmosfæren strevar etter termisk likevekt, altså å jamne ut forskjellar i temperatur og trykk.Og slik er det også på stor skala i naturen. Når det er varmt éin stad og kaldt ein annan stad, blir  lufta sett i rørsle for å balansere forskjellane. Det er som om atmosfæren heile tida prøver å rydde opp i ein rotete energirekneskap.

Varm luft er lettare enn kald luft, og derfor stig ho. Når ho stig, blir det skapt eit lågtrykk ved bakken. Kald luft er tyngre og søkk, og det skaper høgtrykk. Lufta strøymer alltid frå høgtrykk til lågtrykk, akkurat som vatn som renn frå ein høg stad til ein lågare stad. Det er denne rørsla vi kjenner som vind.

Tenk deg at du opnar døra mellom eit varmt rom og eit kaldt rom. Du kjenner straks ein trekk, altså lufta som bevegar seg for å jamne ut temperaturforskjellen. Det same skjer i atmosfæren, berre i mykje større skala. Når varm luft stig ved ekvator og kald luft søkk ved polane, blir heile klimasystemet sett i gong. Det er dette som driv dei globale vindsystema, havstraumane og vêrmønstera vi ser kvar dag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Em fargerik vegg med skjermer som viser ulikt vær.
Em fargerik vegg med skjermer som viser ulikt vær.

Strålingsbalanse – energirekneskapen for jorda

Atmosfæren er som ein rekneskapsførar for energi. Han held styr på kor mykje energi som kjem inn frå sola, og kor mykje som går ut igjen frå jorda. Dette blir kalla strålingsbalanse, og denne er heilt avgjerande for at temperaturen på jorda skal halde seg stabil over tid.

Men balansen er ikkje så enkel som at all energi som kjem inn, går rett ut igjen. Noko av sollyset blir reflektert, altså sendt tilbake mot verdsrommet, av lyse overflater som snø, is og skyer. Dette blir kalla albedo, og det varierer med fargen og strukturen på overflata. Nysnø har til dømes ein albedo på opptil 90 %, medan mørk asfalt berre reflekterer rundt 10 %. Det betyr at snø reflekterer mesteparten av sollyset, medan asfalt absorberer det og blir varm.

Resten av solenergien blir absorbert, altså teken opp, av bakken, havet og atmosfæren. Når jorda blir varma opp, sender ho infraraud stråling, også kjend som varmestråling, tilbake mot verdsrommet. Men her kjem drivhuseffekten inn: Gassar som vassdamp, CO₂ og metan fangar opp noko av denne varmestrålinga og sender henne tilbake mot jorda. Det er som å leggje eit teppe over planeten, det held på varmen.

Utan drivhuseffekten ville jorda hatt ein gjennomsnittstemperatur på rundt -18 °C. Takka vere dei naturlege drivhusgassane ligg temperaturen på ca. +15 °C, og det er heilt perfekt for livet på jorda. Men når vi menneske aukar mengda drivhusgassar, blir teppet tjukkare. Det er som å leggje på fleire dyner, og då blir det for varmt. Dette er kjernen i global oppvarming.

La oss sjå på eit konkret døme. Når du parkerer bilen i sola og lukkar vindauga, blir det fort varmt i bilen. Sollyset slepp inn, varmar opp seta og dashbordet, og varmen blir fanga. Det same skjer med jorda, berre i mykje større skala.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Solens radioaktive stråler som treffer jorda.
Solens radioaktive stråler som treffer jorda.

Global sirkulasjon – slik flyttar lufta på seg

Atmosfæren er ikkje berre nokre lag med gassar som ligg stilt rundt jorda. Han er i konstant rørsle, og denne rørsla følgjer mønster som er både føreseielege og komplekse. Det heile startar med sola, som varmar opp jorda ujamt. Ekvator får langt meir solenergi enn polane, og dette skaper store forskjellar i temperatur og dermed også i lufttrykk. Atmosfæren liker ikkje slike forskjellar og prøver heile tida å jamne ut desse forskjellane. Vi seier at han søkjer termisk likevekt. Det er denne prosessen som set luftmassane i rørsle.

Men lufta strøymer ikkje direkte frå ekvator til polane og tilbake. Viss jorda hadde stått stille og helst vore flat i tillegg, kunne det kanskje vore så lett. Men jorda er rund, og jorda roterer, og det gjer at luftrørslene blir bøygde (dei svingar) og blir delte inn i soner. Dette fører til at atmosfæren organiserer seg i tre store sirkulasjonsceller på kvar halvkule:

Desse cellene fungerer som eit globalt transportsystem for varme og fukt, og dei er heilt avgjerande for korleis klima og vêr fordeler seg på jorda.

Illustrerende verdensbilde av globale vindsystemer og temperaturvariasjoner.
Illustrerende verdensbilde av globale vindsystemer og temperaturvariasjoner.

Hadleycella – den tropiske motoren

Hadleycella er den mest kraftfulle og stabile av dei tre cellene. Ho strekkjer seg frå ekvator til omtrent 30° breiddegrad både nord og sør. Her er solinnstrålinga på sitt sterkaste, og det gjer at lufta ved bakken blir varma opp, blir lettare og stig. Lufta ved bakken inneheld alltid noko fukt. Når luft stig, utvidar ho seg og blir kjølt ned. Dette fører til kondensering av vassdamp, som igjen gir kraftig nedbør. Det er derfor vi finn tropiske regnskogar langs ekvator, som i Amazonas, Sentral-Afrika og Søraust-Asia.

Når lufta har stige og gitt frå seg fukta, bevegar ho seg bort frå ekvator i høgda, mot nord og sør. Etter kvart som ho blir ytterlegare kjølt ned, søkk ho igjen rundt 30° breiddegrad. Når luft søkk, blir ho komprimert og varma opp. Dette skaper høgtrykk og tørre forhold. Det er derfor vi finn mange av dei største ørkenområda i denne sona; som Sahara, Kalahari, Atacama og den arabiske ørkenen.

Hadleycella er altså ein lukka sirkulasjon: varm, fuktig luft stig ved ekvator, blir kjølt og mistar fukt, strøymer bort frå ekvator i høgda, søkk ved 30°, og strøymer tilbake mot ekvator ved bakkenivå. Denne tilbakegående luftstraumen ved bakken er det vi kjenner som passatvinden. Passatvinden er ein stabil vind som blæs frå 30° N og S mot ekvator. Passatvindane er viktige for både klima og historisk sjøfart, og dei bidreg til å halde oppe den tropiske sirkulasjonen.

Ferrelcella – den ustabile mellomcella

Ferrelcella ligg mellom 30° og 60° breiddegrad nord og sør og er meir kompleks og dynamisk enn hadleycella. Ho er ikkje driven direkte av soloppvarming, men fungerer som ei slags koplingscelle mellom hadleycella og polarcella. I denne sona strøymer luft ved bakken frå høgtrykkssonene ved 30° mot lågtrykkssonene ved 60°. På grunn av corioliseffekten bøyer, altså svingar, denne luftstraumen mot høgre på den nordlege halvkula, og vi får vestavindar (vind som blæs frå vest mot aust).

Ferrelcella har store kontrastar mellom varm og kald luft, og det er her vi finn dei mest aktive vêrsonene. Når varm, fuktig luft frå sør møter kald, tørr luft frå nord, blir det danna «frontar», altså grenseområde mellom luftmassane. Desse frontane er ofte knytte til lågtrykkssystem, som gir skyer, nedbør og vind. Det er derfor vêret i denne sona er så skiftande og uføreseieleg.

Noreg ligg i den nordlege delen av denne cella, og det er vestavindane som fraktar lågtrykk og nedbør inn frå Atlanterhavet. Det er grunnen til at vi har eit mildt, fuktig og variert klima, særleg på Vestlandet. Ferrelcella er altså ei viktig årsak til at vi har grøne jorde og fossefall, og ikkje ørken og tørke.

Polarcella – den kalde sirkulasjonen

Polarcella strekkjer seg frå omtrent 60° breiddegrad og heilt til polane. Her er det kald luft som dominerer. Ved polane er lufta svært kald og tung, og ho søkk ned mot bakken og skaper høgtrykk. Denne kalde lufta strøymer sørover (eller nordover på den sørlege halvkula) mot lågare breiddegrader. Når ho møter varmare luft frå sør, blir det danna ein kraftig temperaturkontrast, det vi kallar ein polarfront.

Desse vindane er ikkje like stabile som passatvindane, men dei speler ei viktig rolle i å transportere kald luft sørover og halde oppe temperaturforskjellane mellom polane og lågare breiddegrader. Når polarfronten flyttar seg sørover om vinteren, kan han føre med seg kald luft og klarvêr til store delar av Europa og Nord-Amerika.

Forrige avsnitt

1 / 8

Neste avsnitt
Jordklode med piler som illustrerer strømmer i atmosfæren og havet
Jordklode med piler som illustrerer strømmer i atmosfæren og havet

Samspel mellom cellene

Dei tre cellene, hadley, ferrel og polar, fungerer ikkje isolerte, men i samspel. Dei dannar eit globalt system der energi og masse blir flytta rundt for å jamne ut forskjellar. Hadleycella er den mest stabile og direkte driven av solenergi. Ferrelcella er meir ustabil og indirekte driven av dei to andre. Polarcella er svakare, men viktig for å halde oppe temperaturgradientane mot pola.

Overgangssonene mellom cellene, ved 30° og 60° breiddegrad, er område med mykje vêr og vind. Ved 30° finn vi den subtropiske høgtrykkssona, som gir tørt klima. Ved 60° finn vi polarfronten, som gir lågtrykk og nedbør. Desse overgangane er også der vi finn jetstraumane, som vi skal sjå nærare på i neste kapittel.

Abstrakt illustrasjon av globale vindstrømmer
Abstrakt illustrasjon av globale vindstrømmer

Vindbelte og jetstraumar – atmosfærens høghastigheitsbanar

Dei tre sirkulasjonscellene, hadleycella, ferrelcella og polarcella, skaper ikkje berre vertikale rørsler i atmosfæren, men også horisontale luftstraumar, altså vind. Desse vindane følgjer visse mønster, og dei dannar det vi kallar globale vindbelte.

Vindbelta er ikkje tilfeldige, men eit resultat av korleis lufta strøymer mellom høgtrykk og lågtrykk, og korleis jordrotasjonen bøyer desse rørslene gjennom corioliseffekten.

Illustrasjon av jorden og atmosfærens bevegelsesmønster.
Illustrasjon av jorden og atmosfærens bevegelsesmønster.

Passatvindane

Rundt ekvator, der hadleycella dominerer, stig varm, fuktig luft og skaper eit lågtrykksområde som meteorologane kallar den intertropiske konvergenssona (ITCZ). Her er det lite vind ved jordoverflata, og området blir ofte kalla stillebeltet. Når lufta har stige og bevegar seg bort frå ekvator i høgda, søkk ho igjen rundt 30° breiddegrad og skaper høgtrykk.

Frå desse høgtrykksområda strøymer luft tilbake mot ekvator ved bakkenivå. Men på grunn av corioliseffekten blir denne vinden bøygd mot høgre på den nordlege halvkula og mot venstre på den sørlege. Resultatet er at vinden ikkje blæs rett nord-sør, men i ei skrå retning. På den nordlege halvkula blæs ho frå nordaust mot sørvest, og på den sørlege halvkula frå søraust mot nordvest. Desse stabile og varme vindane blir kalla passatvindane, og dei har vore viktige for seglskip i århundre.

Vestavindane

I området mellom 30° og 60° breiddegrad, der ferrelcella dominerer, strøymer luft ved bakken frå høgtrykkssonene ved 30° mot lågtrykkssonene ved 60°. Igjen påverkar corioliseffekten vindretninga, og vinden blir bøygd mot høgre på den nordlege halvkula. Dette gir oss vestavindar, altså vind som blæs frå vest mot aust. Vestavindane er dominerande i breiddegradene våre og er hovudårsaka til at lågtrykk og nedbør ofte kjem inn over Noreg frå Atlanterhavet. Desse vindane er ikkje like stabile som passatvindane, fordi ferrelcella er meir ustabil og blir påverka av møtet mellom kald og varm luft ved polarfronten.

Polarvind

Lengst mot nord og sør, i polarcella, strøymer kald luft frå polane sørover (eller nordover på den sørlege halvkula). Når denne lufta nærmar seg lågare breiddegrader, blir ho også bøygd av på grunn av corioliseffekten. På den nordlege halvkula gir dette austlege vindar som vi kallar polaraustlege vindar, som blæs frå aust mot vest. Desse vindane er kalde og tørre, og dei speler ei viktig rolle i å drive kald luft sørover mot polarfronten, der ho møter varmare luft frå sør.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Jetstraumane

Mellom desse vindbelta, i overgangen mellom sirkulasjonscellene, finn vi nokre av dei mest fascinerande og kraftfulle fenomen i atmosfæren: jetstraumane. Jetstraumar er smale band av svært raskt gripande luft som er i den øvre delen av troposfæren, omtrent 10–15 kilometer over bakken. Dei kan ha hastigheiter på over 300 kilometer i timen og strekkjer seg over tusenvis av kilometer, men er berre nokre få hundre kilometer breie og nokre få kilometer tjukke.

Den viktigaste jetstraumen for oss i Noreg er den polare jetstraumen, som blir danna i grenseområdet mellom ferrelcella og polarcella. Her møtest kald luft frå nord og varm luft frå sør, og temperaturforskjellen skaper ein sterk trykkgradient i høgda. Det er denne trykkforskjellen som driv jetstraumen. Når temperaturkontrasten mellom luftmassane er stor, til dømes om vinteren, blir jetstraumen sterkare. Om sommaren, når kontrasten er mindre, blir han svekt.

Jetstraumen bevegar seg ikkje i ei rett linje, men bølgjar seg som ein slange rundt kloden. Desse bølgjene blir kalla rossbybølgjer, og dei har mykje å seie for vêret. Når jetstraumen bøyer seg sørover, kan han trekkje med seg kald luft frå nord, og når han bøyer seg nordover, kan det føre varm luft langt mot nord. Det er derfor vi av og til får uvanleg varme eller kalde periodar, fordi jetstraumen har endra bane.

Jetstraumen fungerer også som ein slags «motorveg» for lågtrykk. Lågtrykkssystem bevegar seg ofte langs jetstraumen, og når jetstraumen er sterk og rett, går lågtrykka raskt. Når han er svak og bølgjande, kan lågtrykka bli liggjande lenge over same område og gi langvarig nedbør eller vind.

For flytrafikk er jetstraumen både ei utfordring og ei moglegheit. Fly som reiser frå vest til aust, til dømes frå New York til Oslo, kan få medvind og spare både tid og drivstoff. Men fly som går motsett veg, må ofte bruke meir drivstoff for å kjempe mot vinden.

Jetstraumar finst også i tropane, dei såkalla subtropiske jetstraumane, som blir danna i grenseområdet mellom hadleycella og ferrelcella. Desse er vanlegvis høgare oppe og svakare enn dei polare jetstraumane, men dei speler ei viktig rolle i danninga av tropiske stormar og orkanar.

Til saman utgjer vindbelta og jetstraumane eit globalt nettverk av luftrørsler som styrer vêret, klimaet og energiflyten i atmosfæren. Dei er ikkje statiske, men endrar seg med årstidene, med havtemperaturar og med klimaendringar. Når vi forstår korleis desse systema fungerer, forstår vi også kvifor vêret er som det er, og korleis det kan endre seg i framtida.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Grafisk fremstilling av vindsystemene; Hadley-, Ferrel- og Polarcellene
Grafisk fremstilling av vindsystemene; Hadley-, Ferrel- og Polarcellene

Jordrotasjonen og corioliseffekten

Jorda roterer rundt sin eigen akse, og det har mykje å seie for korleis luft og vatn bevegar seg på jordoverflata. Når luft strøymer frå eit område med høgtrykk til eit område med lågtrykk, blir rørsla bøygd på grunn av jordas rotasjon, altså svingar vinden. Dette blir kalla corioliseffekten og er nemnt fleire gongar allereie.

På den nordlege halvkula blir rørsla bøygd mot høgre, og på den sørlege mot venstre. Det er derfor lågtrykk snurrar mot klokka i Noreg, og med klokka i Australia. Corioliseffekten påverkar også havstraumar, flyruter og vêrmønster.

La oss sjå på eit konkret døme: Om du står på ekvator og kastar ein ball mot nordpolen, vil han lande litt aust for der du sikta, fordi jorda har rotert under ballen medan han var i lufta.

Corioliseffekten er også grunnen til at passatvindane blæs frå nordaust og ikkje rett nord-sør. Han gjer at luftstraumane får ei spiralform, og det er denne spiralen som gir lågtrykk og stormar den karakteristiske snurren sin.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av Corioliseffekten.
Illustrasjon av Corioliseffekten.

Vêr og klima – atmosfæren sitt ansikt

Vêret er det vi kjenner kvar dag: regn, sol, vind, snø, temperatur. Klima er det langsiktige mønsteret, altså gjennomsnittet av vêret over tid, vanlegvis målt over 30 år.

Vêret oppstår når luftmassar med ulik temperatur og fukt møtest. Når varm, fuktig luft møter kald luft, stig den varme lufta, kondenserer og dannar skyer. Slik får vi nedbør i form av regn, snø eller hagl, avhengig av temperaturen.

Når det til dømes kjem varm luft frå sør som møter kald luft frå nord over Sør-Noreg, får vi ofte kraftig regn og tore. Det er fordi den varme lufta stig raskt og dannar store cumulonimbus-skyer.

I Noreg er vi spesielt påverka av vestavindbeltet og lågtrykk frå Atlanterhavet. Det gir oss eit variert og ofte vått klima, særleg på Vestlandet. Men det gir også mange gåver. Vi har rennande og herleg vatn, vi har vasskraft og vindkraft til å lage straum, og vi har rike naturressursar knytta til vêr og klima.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Hav, is og luft – eit tett samspel

Atmosfæren jobbar ikkje åleine. Han samarbeider tett med hydrosfæren og kryosfæren. Havet lagrar enorme mengder varme og transporterer energi rundt kloden gjennom havstraumar som golfstraumen. Utan golfstraumen ville Noreg hatt eit mykje kaldare klima – omtrent som Alaska.

El Niño og La Niña

Fenomen som El Niño og La Niña viser korleis hydrosfæren og atmosfæren heng saman. Når havtemperaturen i Stillehavet endrar seg, påverkar det vêret over heile verda – frå tørke i Australia til flaum i Sør-Amerika.

Is og snø har ei nøkkelrolle

Is og snø har høg albedo, altså dei reflekterer mykje sollys. Når isen smeltar, blir det reflektert mindre lys, og meir varme blir absorbert. Det skaper ei positiv tilbakekopling, ein prosess som forsterkar oppvarminga. Derfor er smeltinga i Arktis og Antarktis så viktig å følgje med på.

Når havisen i Arktis smeltar om sommaren, blir det meir mørkt hav som absorberer meir sollys. Det gjer at temperaturen stig endå meir, og meir is smeltar. Vi får ein vond sirkel.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Naturfarar og risiko – når atmosfæren viser musklar

Atmosfæren kan vere vakker og livgivande, men også kraftig og farleg. Når han får ekstra mykje energi å jobbe med, kan det oppstå ekstremvêr: stormar, hetebølgjer, tørke og styrtregn. Klimaendringane vi står midt oppi no, gjer at slike hendingar blir vanlegare og meir intense. Eit varmare hav gir kraftigare orkanar. Meir vassdamp i lufta gir meir intens nedbør. Og hetebølgjer blir lengre og farlegare.

I 2023 vart Sør-Europa ramma av ei hetebølgje med temperaturar over 45 °C. I Noreg har vi hatt styrtregn som har ført til flaum og jordskred, særleg i område med bratt terreng og tett busetnad.

Å forstå atmosfæren er viktig for beredskap og risikovurdering. Kor stor er sjansen for flaum i eit område? Korleis kan vi varsle ekstremvêr i tide? Dette er spørsmål geofag prøver å svare på, og som blir stadig viktigare i ei verd med eit meir ustabilt klima.

Berekraftig energi frå atmosfæren

Atmosfæren er ikkje berre ei utfordring, han er også ein ressurs. Vind og sol er blant dei viktigaste fornybare energikjeldene vi har. Dei hentar all sin energi frå solinnstråling og rørslene til atmosfæren.

Vindkraft bruker rørsla i lufta til å lage straum. Denne krafta er mest effektiv i kystområde og på fjell. Solenergi fangar opp solstråling og gjer henne om til straum eller varme.

Bølgjekraft og tidvatn er også drivne av sol og måne.

Utfordringa er å bruke desse ressursane på ein måte som ikkje øydelegg naturen eller lokalsamfunn. Det handlar om berekraft, om å finne balansen mellom behov og omsyn. Eit døme er korleis vindmøller på land kan gi mykje straum, men dei kan også påverke fugleliv og landskap. Derfor må vi planleggje nøye og tenkje heilskapleg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.

Atmosfæren er nøkkelen til framtida

Atmosfæren er i konstant rørsle. Han fordeler energi, skaper vêr og klima, og gir oss både utfordringar og moglegheiter. Ved å forstå korleis han fungerer, kan vi føreseie, tilpasse oss og bruke ressursane på ein klok måte.

Neste gong du kjenner vinden i ansiktet, kan du tenkje på alt som ligg bak: sola, jordrotasjonen, trykkforskjellar, havstraumar og is. Alt heng saman. Og alt påverkar deg – kvar dag.

En person som kaster vann opp i luften en kald vinterdag, slik at vannet frosser i luften. Det dannes en sirkel i luften av isvannet og et hjertet i midten.
En person som kaster vann opp i luften en kald vinterdag, slik at vannet frosser i luften. Det dannes en sirkel i luften av isvannet og et hjertet i midten.

Kjelder:

Havforskningsinstituttet (2019). Hva er polarfronten? Henta frå: https://www.hi.no/hi/nyheter/2019/oktober/hva-er-polarfronten

Intergovernmental Panel on Climate Change. (2021). Climate Change 2021: The Physical Science Basis. Climate Change 2021: The Physical Science Basis

NASA Earth Observatory. (2023). Global Energy Balance. https://earthobservatory.nasa.gov/features/EnergyBalance

UNEP. (2021). Global Methane Assessment. https://www.ccacoalition.org/resources/global-methane-assessment-full-report

Met Office UK. Weather conditions https://weather.metoffice.gov.uk/learn-about/weather/how-weather-works/high-and-low-pressure/weather-conditions

CICERO. (2019). Mysteriet metan. https://cicero.oslo.no/no/artikler/mysteriet-metan

Miljødirektoratet. (2022). Klimarisiko. https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/internasjonalt/barekraft/barekraftsrapportering-for-naringslivet/vesentlighetsanalyse/klimarisiko/Miljødirektoratet (2018): Utredning om konsekvenser for Norge av klimaendringer i andre land Utredning om konsekvenser for Norge av klimaendringer i andre land

Close Icon

Loading...