Læreplantilkobling

Fag

Historie

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Historiebevissthet
  • Historisk empati, sammenhenger og perspektiver
  • Utforskende historie og kildekritisk bevissthet
  • Mennesker og samfunn i fortid, nåtid og framtid
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
10. trinn
Samfunnsfag
  • drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk
10. trinn
Samfunnsfag
  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
10. trinn
Samfunnsfag
  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
VG2
Historie
  • utforske fortiden ved å stille spørsmål og innhente, tolke og bruke ulikt historisk materiale for å finne svar
VG2
Historie
  • utforske og reflektere over hvordan fortiden minnes lokalt og nasjonalt
VG3
Historie
  • utforske en historisk person og diskutere hans eller hennes tenkning, handlingsrom og valg i lys av samtiden han eller hun levde i
VG3
Historie
  • drøfte bakgrunnen for verdenskrigene og et utvalg andre sentrale kriger eller konflikter, og reflektere over om fredsslutninger har bidratt til å skape fred og forsoning
VG3 påbygging
Historie
  • utforske en historisk person og diskutere hans eller hennes tenkning, handlingsrom og valg i lys av samtiden han eller hun levde i
VG3 påbygging
Historie
  • beskrive bakgrunnen for verdenskrigene og et utvalg andre sentrale kriger eller konflikter på 1900-tallet og reflektere over om fredsslutningene bidro til å skape fred og forsoning

Våpenbasert vitskap

Heilt sidan atomet vart splitta av fysikaren Ernest Rutherford i 1917, har forskarar og militæringeniørar jobba med å effektivisere og optimalisere våpenproduksjonen gjennom vitskapen. Det har resultert i nokre av dei mest øydeleggjande angrepa i menneskets historie.

Glowing Atom

Atomkappløpet startar

1945 vart to amerikanske atombomber, kalla «Little Boy» og «Fat Man», sleppte over to japanske byar, Hiroshima og Nagasaki. Det markerte slutten på andre verdskrigen. USA vart sett på som ei dominerande atommakt på den tida, og dei hadde vist den militære makta si for verda. Dermed starta våpenkappløpet mellom USA og Sovjetunionen, landet som i dag heiter Russland.

⬅  Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den einaste bygningen i hjartet av bombenedslaget som ikkje blei jamna med jorda. I dag fungerer han som eit minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945. 

Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den eneste bygningen i hjertet av bombenedslaget som ikke ble jevnet med jorden. I dag fungerer den som et minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945

Kappløpet mellom stormakter

Innan 1949 hadde Sovjetunionen utvikla og prøvesprengt den første atombomba si, RDS-1, også kjend som «First Lightning».

⬅  Atomprøvesprenging på Bikiniatollen i 1946.

1952 gjekk USA i gang med å skape hydrogenbomba. Tidlegare atombomber, som dei som vart brukte i Hiroshima, brukte energien som vart produsert i kjernefysisk fisjon. I denne prosessen vart uran og plutonium brukt til å skape ein kjedereaksjon saman med tritium og ein hydrogenisotop kalla deuterium. I denne reaksjonen blir atoma tvinga saman, og dei frigjer eksplosjonsenergi som er rundt 1000 gongar kraftigare enn atombombene under andre verdskrigen. Berre eit år seinare hadde Russland laga og testa si eiga hydrogenbombe.

I 1962 oppstår Cubakrisa, ein 13 dagar lang stillingskonflikt mellom USA og Sovjet, etter at USA oppdaga at Sovjet hadde bygd opp og lagra atomvåpen på Cuba, berre 145 kilometer frå Florida. USA danna ein blokade rundt Cuba for å hindre militært utstyr i å kome inn i landet, i håp om å stanse dei russiske militærforsyningane til Cuba. Krisa vart løyst etter at USA trua med å invadere Cuba, og Sovjet trekte seg ut frå øya. Seinare vart det kjent at Sovjets tilbaketrekking skjedde på eitt vilkår: USA måtte fjerne atomvåpenarsenalet sitt i Tyrkia.

USA og Sovjetunionen konstruerte ein doktrine kalla garantert gjensidig øydelegging, der begge partar anerkjende at viss ein av dei sende missil mot den andre, ville gjengjeldinga føre til at begge land vart øydelagde.

Innan juli 1968 vart Ikkjespreiingsavtalen signert av USA, Sovjetunionen og Storbritannia. Avtalen skulle hindre at land som ikkje hadde atomvåpen, skulle kunne utvikle dei. I dei kommande åra vart det signert fleire atomavtalar mellom USA og Sovjetunionen, til dømes The Strategic Arms Limitation Talks (SALT I og SALT II), for å minske spenninga mellom dei og avgrense produksjonen av atomvåpen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Nuclear Bomb Explosion, Baker Day Test, Bikini, 25th July 1946

Bygging av A-bomba

Etter at dei tyske vitskapsmennene Otto Hahn og Fritz Strassmann oppdaga kjernefysisk fisjon i 1938, vaks frykta i USA for at Tyskland skulle klare å utvikle den første atombomba. For å kome dei i forkjøpet samla president Roosevelt eit team med vitskapsfolk og militærekspertar, kalla Urankomiteen. Tre år seinare kunne dei hauste den første eksplosive frukta si, plutoniumbomba «Dings». Dette var ei oppfinning som innleidde atomvåpenkappløpet.

⬅  Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon, står utstilt på Deutsches Museum i München.
Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon står utstilt på Deutsches Museum i München

Vegen til ei atombasert verd

1945 – USA  
Den første vellykka prøvesprenginga i verda skjedde i juli 1945 på testområdet Trinity i Jornada del Muerto-ørkenen i New Mexico.


1949 – Sovjetunionen 
I august 1949 testa Sovjet si første atombombe, RDS-1, på testområdet Semipalatinsk i det som i dag heiter Kasakhstan.

1952 – Storbritannia  
Storbritannia etablerte eit atomprogram i 1947 og testa bomber utanfor Australia. Dei sleppte den første bomba si i oktober 1952.


1950–1960-talet – Israel  
Sjølv om Israel aldri har gjennomført atomprøvesprenging, er det ei utbreidd oppfatning at landet har atomvåpen.

1960 – Frankrike 
Frankrike gjekk inn i atomkappløpet i februar 1960 og sprengde den første bomba si i Saharaørkenen i Algerie, kalla «Gerboise Bleue» eller blå ørkenrotte. Den hadde ei sprengkraft på 70 kilotonn.


1964 – Kina  
Kina fekk hjelp frå Sovjetunionen heilt fram til slutten av 50-talet, og i oktober 1964 sprengde dei den første atombomba si, med kodenamnet «Project 596». Sprengkrafta var på 22 kilotonn.

1974 – India  
India starta atomprogrammet sitt i 1944, men ikkje før i mai 1974 viste dei fram den militære styrken sin med ei bombe på åtte kilotonn, med kodenamnet «Smilande Buddha».


1998 – Pakistan  
Som gjengjelding for ei rekkje kjernefysiske testar utførte av India i 1998 gjennomførte Pakistan sine første seks kjernefysiske testar i mai 1998.

2006–2017 – Nord-Korea  
Trass i åtvaringar frå USA om ikkje å teste atomvåpen, har Nord-Korea gjennomført seks underjordiske kjernefysiske testar under eit anlegg kalla Punggye-ri sidan oktober 2006.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Storbritannia testar i Australia

Mellom 1952 og 1963 utførte Storbritannia ei rekkje kjernefysiske testar på det golde kontinentet Australia, med løyve frå styresmaktene. Dei vart gjennomførte på tre stader – Montebelloøyene, Emu Field og Maralinga – og tolv store atombombetestar med eit omfang frå 1,4 til 98 kilotonn vart detonerte. Dei følgjande åra prøvde britane å rydde i det kjernefysiske rotet sitt. «Operation Brumby» i 1967 fjerna og gravla avfall og restar i håp om å minske dei radioaktive spora etter Storbritannia. Trass i denne innsatsen er landskapet framleis ikkje friskmeldt 60 år seinare, og dyrelivet har framleis ikkje komme tilbake til desse forureina områda.

⬅  Monte Bello utanfor vestkysten av Australia vart brukt av Storbritannia som  område for atomprøvesprengingar.  

Monte Bello utenfor Australias vestkyst ble brukt som område for atomprøvesprengninger av Storbritannia

Fakta om atomvåpen

«Fat Man» og «Little Boy» drap meir 200 000 personar fordelte på angrepa på Hiroshima og Nagasaki i Japan i 1945.

Med dagens nedbrytingsfart er det rundt 230 år med uran tilgjengeleg frå kjende stader på kloden.

Ein gjennomsnittleg atomvåpentest vil øydeleggje alt innanfor ein 80 kilometer radius.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et skilt som beskriver radioaktiv stråling

Trusselen i dag

Russland og USA har rundt ti gongar fleire stridshovud enn resten av verda til saman.

Russland: 6490
USA: 5800
Frankrike: 300
Kina: 290
Storbritannia: 215
Pakistan: 150
India: 130
Israel: 80
Nord-Korea: 20

Stridshoder

Kjelder:

  • Historie og vitenskap (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. brewbooks – Flickr
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images