Betre å vere føre var enn altfor tidleg far

Veit du kva det vil seie å vere føre var? Det betyr å vere forsiktig slik at det ikkje skjer noko uønskt som ein må rette opp seinare. Når ein skal ha sex med andre og vil unngå å bli gravid eller få seksuelt overførbare infeksjonar, bør ein vere føre var. Å vere føre var i denne samanhengen betyr å bruke prevensjon, og rett prevensjon. Prevensjon sørgjer nemleg for at du ikkje gjer nokon gravid, og at du ikkje blir gravid sjølv.

Nokre former for prevensjon beskyttar mot sjukdommar òg. Det finst mange forskjellige former for prevensjon. Det finst òg mange meiningar om prevensjon.

I denne artikkelen skal du lese om kva for prevensjonsmiddel som finst, kvifor det er viktig å beskytte seg ved samleie, kven du kan snakke med om prevensjon, og korleis du får tak i prevensjon.

Det er ikkje lett å vite kva som passar deg. Nokre jenter synest for eksempel p-piller er ei super form for prevensjon. Andre synest p-piller er heilt pyton. Ofte prøver ein forskjellige typar prevensjon før ein finn ut kva ein sjølv synest er best.

Det aller viktigaste er nok praten du tar med helsepersonellet som skal skrive ut resept på prevensjonen.

I Noreg er det slik at legar, helsesjukepleiarar og jordmødrer kan skrive ut resept på prevensjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kondom

Ein kondom ser ut som ei slags hette av gummi eller latex. Ein trær kondomen over penis når han er stiv. Når du får utløysing, vil kondomen fange opp sædcellene så dei ikkje kjem vidare inn i skjeden til ho du har sex med.

Kondom er det einaste prevensjonsmiddelet som beskyttar deg mot både graviditet og seksuelt overførbare infeksjonar som for eksempel klamydia eller HIV.

Kondom er også den einaste prevensjonen du får utan resept frå legen din.

Ein kan kjøpe dei i alle matbutikkar. Du kan òg bestille kondomar gratis på www.gratiskondomer.no. Når du bestiller, vil du få 15 kondomar i løpet av ei veke. Kondomane blir sende i ein kvit konvolutt og kjem i postkassa di.

På helsestasjonen og hos helsesjukepleiar på skolen din kan du òg få gratis kondomar.

Somme synest det er skikkeleg kleint å styre med kondom når ein skal ha sex. Men her er det altså berre å hugse at øving gjer meister. Øv nokre gonger aleine, så er det null stress.

Og jenter! De bør òg kunne træ på ein kondom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!