Bli betre kjent – still spørsmål

Korleis kan vi bli betre kjent med menneska vi har rundt oss? Det kan vi gjere ved å stille dei spørsmål.

Accessibility icon Bli betre kjent – still spørsmål

Bli betre kjent – still spørsmål

Visste du at allereie som eit lite barn begynte du å knytte deg til dei nærmaste rundt deg?

Det å føle at vi ikkje er åleine, er viktig for alle menneske. Men korleis kan vi bli betre kjente med menneska vi har rundt oss? Då må du vere flink til å stille spørsmål!

To små jenter tråkker i sølevann
To små jenter tråkker i sølevann

Gode spørsmål
til ulike situasjonar

No skal du få forslag til spørsmål som passar til ulike situasjonar og saman med ulike menneske. Desse kan du anten berre stille når det passar, eller du kan ta initiativet til at de «leikar» ein bli-kjent-leik, der éin stiller spørsmåla og alle skal svare (du òg).

Med foreldre
  • Kva er det finaste som skjedde i dag? 
  • Kva ville du brukt pengane på, viss du vann ti millionar kroner i Lotto? 
  • Er det noko du skulle ønskje du var skikkeleg god til?
Med besteforeldre
  • Kva for ein matrett er du kjempegod til å lage? 
  • Kven i heile verda har du lyst til å treffe, og kva ville du sagt viss du traff han eller henne? 
  • Sei ein ting du er takksam for.
Med venner
  • Du får velje kva du vil i bursdagsgåve, utan å tenkje på pris. Kva ønskjer du deg? 
  • Korleis vil du beskrive dansestilen din? 
  • Kva tenkjer du på når du skal sove om kvelden?
Med lærarar
  • Kva er det finaste som skjedde i dag? 
  • Viss du fikk bestemme éin ting som skulle endre seg i Noreg, kva ville det ha vore? 
  • Kva er favorittfilmen din?
Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Samtalestartarar

Identitet og personlegdom

  • Kva for ein kjendis skulle du gjerne bytta livet med? 
  • Kva for nokre tre eigenskapar synest du beskriv deg sjølv? 
  • Fortel om ein gong du hadde skikkeleg latterkrampe. 
  • Fortel om ein gong du følte deg redd. 
  • Kva er den største komplimenten du har fått?
  • Kva ville du valt av «å gå tur i skogen» og «springe 60-meteren på tid»? Kvifor? 
  • Kva for ei årstid liker du best, og kvifor?
  • Kva er det beste du veit til middag?
  • Er det eit yrke du tenkjer at du verkeleg ikkje passar til? 
  • Kva for eit spørsmål skulle du ønskje at nokon stilte deg? 
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sort skrivebordslampe som lyser mot høyre på gul bakgrunn.
Sort skrivebordslampe som lyser mot høyre på gul bakgrunn.
Samtalestartarar

Framtidsdraumar

  • Kva liker du aller best å drive med på fritida i dag? 
  • Kva trur du at du liker å drive med om ti år? 
  • Sei tre positive ting om deg sjølv. 
  • Kva har du lyst til å jobbe med når du blir vaksen, og kvifor? 
  • Korleis trur du verda ser ut om ti år? 
  • Kor trur du at du bur om 20 år? 
  • Kva for eit land drøymer du om å reise til no i dag, og kvifor? 
  • Kva for ei veldedig sak vil du støtte, og kvifor? 
  • Viss du blir kjemperik som vaksen, kva vil du bruke pengane på? 
  • Har du lyst til å reise ut i verdsrommet? Kvifor / kvifor ikkje? 
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hvitt søkelys på gul bakgrunn
Hvitt søkelys på gul bakgrunn

Kjelder:

  • Kvam, Kjersti:
    Bedre kjent-boka (2021)
    Oslo. Cappelen Damm.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images