Bli ein økokrigar
Forskarar, miljøforkjemparar og myndigheiter over heile verda prøver å redde jorda frå ei skremmande framtid. Tanken på å miste gorillaer, havskilpadder og nashorn er ikkje til å halde ut. Viss du trur at det å redde planeten berre er ein jobb for folk med stor påverknadskraft og mykje makt, då må du tenkje om igjen. Små økokrigarar i heile verda har nemlig begynt å gjere ein forskjell … og det kan du også!
Rotete hagar er attraktive heimar
Du kan hjelpe planeten ved å rydde mindre i hagen. Litt ugras, ei blomsterpotte opp ned eller litt nedfallsfrukt lokkar til seg eit yrande dyreliv.
Unngå gift
I staden for å bruke gift er det andre metodar for å fjerne uønskte gjestar i hagen. Unngår du å bruke gift, reduserer du utslepp av karbondioksid.
Graslauk held skadedyra unna og kan brukast til matlaging også, så ingenting går til spille, og jorda blir ikkje forureina.
Hvitløk
Lat det blomstre
Ta ein titt på blomstrane i hagen. Er dei dekte av bier og sommerfuglar? Viss svaret er nei, då har du ikkje plantar som lokkar insekta til seg. Insekt og sommerfuglar elskar høgt gras og blomsterenger. Så lat noko stå igjen når du klipper graset.
Bygg eit insekthotell
Bygg eit insekthotell av brukte materialar. Du kan bruke øydelagde blomsterpotter, treverk, furukongler og gamle røyr. Berre sørg for at det er hol i ulike storleikar der gjestane dine kan krype inn. Før du veit ordet av det, hjelper du planeten.
Kjelder:
- Historie & vitenskap (nr. 2/2020)
Orage Forlag AS
- NAOB (16.06.2020): erosjon
https://naob.no/ordbok/erosjon
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
NRK Unormal – YouTube
-
Peter Scott / The Art Agency
-
Getty Images
-