5 trinn ved drukning
Dette må du gjera om du er vitne til ei drukningsulykke:
1. Ring 113
Først må du ringa 113, eller få nokon andre til å ringa mens du går i gang med å hjelpa. Når dei svarar, må du fortelja dei dette:
– Kven som ringer, og kva nummer dei kan nå deg på
– Kva som har skjedd
– Kvar pasienten er
Set telefonen din på høgtalar. Operatøren kan rettleia deg vidare.
3. Få personen på trygg grunn
Du må få personen til ein stad der han ligg trygt. Bøy hovudet til sida for å tømma munn og svelg for vatn. Dersom personen ikkje reagerer på tilrop eller forsiktig risting, skal du gå ut frå at vedkommande er medvitslaus.
mann redder person fra drukning
4. Sjekk om personen pustar
Bøy hovudet bakover og opn munnen for å gi frie luftvegar. Legg øyret inntil for å sjekka om personen pustar normalt.
Dersom han er medvitslaus, men pustar fint, skal du legga han i stabilt sideleie. Hald personen varm og kontroller jamleg at han pustar, mens du ventar på hjelp.
Førstehjelp illustrert
Førstehjelp ved drukning
Kjelder:
- Redningsselskapet (07.08.2020): Slik redder du en person som holder på å drukne
https://www.redningsselskapet.no/sikker-til-sjos/slik-redder-du-en-som-holder-pa-a-drukne/
- Redningsselskapet (07.08.2020): Førstehjelp ved drukning
https://www.redningsselskapet.no/sikker-til-sjos/forstehjelp-ved-drukning/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images og RS
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images og RS
-