Knute på tråden

På sjøen bruker ein knutar til mykje meir enn å knyta skolissene. Tau må til for å fortøya båten trygt, når ein skal festa seglduk og presenningar, sikra lasta om bord, og sjølvsagt heisa flagget. Ein veit aldri når ein plutseleg kan få bruk for eit tau. Då er det viktig å kunna knyta ordentleg.

Nærbilde av tau

Kvifor ikkje berre knyta ein stor krøll?

Har du masse tau, er det freistande berre å knyta og surra til du er sikker på at alt sit godt fast. Men kva gjer du når du plutseleg er nøydd til å få opp knuten att i ein fart? Om du kan eit par gode knutar, og veit korleis du skal bruka dei, kan du raskt og enkelt festa alt du treng, og vera heilt trygg på at knuten ikkje går opp. I tillegg er det mykje meir imponerande.

Tau
Tau

Kva er ein god knute?

Først og fremst skal ein knute vera sikker, så han ikkje losnar av seg sjølv. Men ein god knute er også laga slik at du lett kan få han opp når du ikkje treng han meir. I tillegg er det ikkje dumt om han er fin å sjå på. Får du til alt dette, er du på veg til å bli ein knutemeister.

Kva kan vi bruka knutar til?

Tau kan sjølvsagt knytast fast i alt mogleg, men det er andre grunnar òg til å bruka knutar.

  • Skal du kasta eit tau over til nokon andre, er det enklare om tauet har noko tungt i enden. Då kan du laga ein tung knute på enden av tauet.
  • Viss du skal bruka tauet til å trekka noko tungt, kan det hjelpa å ha stoppeknopar på tauet som hendene kan få tak på.
  • Viss du treng eit langt tau, men berre har to korte, kan du skøyta dei saman. Det finst spesielle knutar som passar godt til dette.
  • I tillegg finst det ei rekkje knutar som berre er flotte å sjå på.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Skøyteknutar

På sjøen treng ein ofte å binda saman to tau. Vi kallar det å skøyta. Kva knute du bør bruka til dette, kjem an på kva slags tau du har.

Båtsmannsknop

Blir brukt til å knyta saman to tau som er like tjukke. Enkel å læra, og rask å få opp att.

Båtmannsknop illustrert
Båtmannsknop illustrert

Flaggstikk

Blir brukt til å knyta saman to tau som ikkje er like tjukke, for eksempel når du knyter fast flagglina til flagget. 

Flaggstikk illustrert
Flaggstikk illustrert

Dobbelt flaggstikk

Treng du å gjera flaggstikket ekstra sikkert, kan du gjera ein ekstra runde med det tynne tauet.

Dobbelt flaggstikk illustrert
Dobbelt flaggstikk illustrert

Josefineknute/karrakstikk

Blir brukt til å knyta saman to store, grove tau. Denne knuten blir brukt mest til pynt i dag.

Josefineknute/Karrakstikk illustrert
Josefineknute/Karrakstikk illustrert

Kjærleiksknute

Blir brukt til å knyta saman to tynne tau. Held godt når han blir strekt, og er lett å løysa.

Kjærlighetsknute illustrert
Kjærlighetsknute illustrert

Fortøyingsknutar

Når du treng å binda båten fast i ein påle eller noko anna som står fast på land, er det greitt å kunna laga ei trygg lykkje. Vi kan også bruka desse knutane til å festa fenderar på sida av båten.

Dobbelt halvstikk

Blir brukt til å fortøya raskt og enkelt i ein påle. Ein stor fordel med dobbelt halvstikk er at du kan laga det sjølv om tauet alt er stramt. Men pass på: Viss tauet blir veldig slakt, kan stikket gå opp!

Dobbelt halvstikk illustrert
Dobbelt halvstikk illustrert

Pålestikk

Pålestikk er litt vanskelegare enn dobbelt halvstikk. Denne knuten lagar ei trygg lykkje som ikkje går opp før du vil det.

Pålestikk illustrert
Pålestikk illustrert

Stoppeknop

Viss du treng betre grep i eit tau du skal trekka i, eller vil hindra at tauet flisar seg opp i enden, kan du laga ein stoppeknop på det.

Enkel knute 

Blir brukt som stoppeknop. Denne knuten har du sikkert laga før. Når han blir for stram, er det vanskeleg å få han opp att.

Åttetalsknop 

Blir brukt som stoppeknop. Enkel å få opp når du ikkje treng han meir. Viss du legg tauet dobbelt før du knyter, får du ei fin lykkje som toler mykje vekt utan å slita på tauet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stoppeknop illustrert
Stoppeknop illustrert

Kva slags tau er best?

Det meste av tau som blir brukt i dag, er laga av plast, men vi bruker også ein del tau som er laga av planter. Det er fordelar og ulemper ved begge. Tau av plast er sterkt og blir ikkje øydelagt av å vera vått lenge, men det er laga av olje som ikkje er bra for miljøet. Tau av plast blir heller ikkje brote ned i naturen, og endar ofte opp med å forsøpla hav og strender.

Måkerede
Måkerede

Kjelder:

  • Sjøfartsdirektoratet (2016): Vannviktig
    PDF-utgiving

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Skolerom
    7. Skolerom
    8. Skolerom
    9. Skolerom
    10. Skolerom
    11. Getty Images
    12. Skolerom
    13. Skolerom
    14. Skolerom
    15. Getty Images