Ulykker på havet 

Når ulykka er ute, blir ein fort mint på kor ugjestmildt havet kan vera. Vatn og vind kan raskt gjera deg kald, og hamnar du uti, kan du raskt bruka opp alle kreftene dine berre på å halda deg flytande. Å vera sjøvand handlar om å vita kva slags utstyr du treng å ha med og på deg når du er ute i båt.

Seilere med redningsvester
Seilere med redningsvester

Flyteutstyr 

Når du er i ein fritidsbåt som er mindre enn 8 meter lang, skal du ha på deg flyteutstyr. Det er faktisk ulovleg å la vera. Det betyr likevel ikkje at det er trygt å falla uti frå ein større båt! Bruker du ei eller anna form for flytevest, er du mykje tryggare, same korleis du ferdast på sjøen.

Eg kan jo symja! 

Om du er god til å symja, er det lett å tenka at du ikkje treng flytevest. Men sjølv om du sym bra på grunna eller i symjehallen, betyr ikkje det at du sym bra nok om det skjer ei ulykke. Sjølv dei beste symjarane treng flyteutstyr når det blir storm med høge bølgjer eller kraftig straum. Det kan òg vera at du mistar medvitet når du hamnar i vatnet – då hjelper redningsvesten deg!

Kva slags flyteutstyr er best? 

Det finst mange former for godkjent flyteutstyr: redningsvest, flytevest, vest som kan blåsast opp, flytejakke og flytegenser. Den store oransje redningsvesten med flytekrage er nok den aller sikraste, men det hjelper ikkje viss du ikkje har lyst til å ha han på deg. Derfor bør du skaffa deg eit flyteplagg som er så fint og behageleg at du faktisk bruker det når du er på sjøen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ta på deg vesten ordentleg 

Vesten skal festast godt rundt magen og mellom beina. Sjå her kva som skjer viss vesten sit laust!

Sjekk vesten 

Flyteutstyr blir slite. Sjekk jamleg at alle reimer og belte er heile, og at det ikkje er rifter i stoffet. Har du ein vest som kan blåsast opp, må du læra deg korleis du skal ta vare på vesten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutter sitter på kanten av en båt
Gutter sitter på kanten av en båt

Gode klede 

Vêrmeldinga treffer ikkje alltid blink. Skal du ut på ein lengre tur, bør du derfor vera budd på vêrendringar, og ha litt ekstra tøy med i bagasjen. Det er ikkje bra å vera for kald lenge. 

Regntøy 

Den lettaste måten å halda seg varm på, er å halda seg tørr. Godt regntøy skal vera tjukt og litt stivt, slik at det ikke blir fuktig på innsida. Sjekk at saumane på regntøyet er skikkeleg tette. Det beste er ei jakke som er både vind- og vasstett.

Ulltøy 

Når det er kaldt, er det vel og bra med store genserar eller fleece, men ingenting slår ulltøy. Ull held nemleg på varmen sjølv om du blir våt. Ullundertøy tar òg liten plass i bagasjen, så du kan faktisk ha med deg ein liten genser og longs i bagen, sjølv om du skal ut i sommarvarmen. Då har du tørt, varmt tøy å skifta til om vêret blir dårleg.

Viss det skjer ei ulykke der du fell uti og må flyta i iskaldt vatn i lang tid, kan du klara deg mykje lenger om du har ullundertøy inst.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder: 

  • Sjøfartsdirektoratet (2016): Vannviktig
    PDF-utgiving

Bilet- og videorettar:

    1. Redningsselskapet
    2. Getty Images
    3. Redningsselskapet
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images