Fuglelivet langs kysten

Det nære forholdet mellom mennesket og naturen er viktig, og i Noreg er det mange spennande fugleartar som lever og hekkar (får fugleungar) langs kysten. Hald auga opne når du er på sjøen, så kanskje du kan kryssa av nokre av desse på lista di.

Ærfugl 

Ærfugl er ein fugl i andefamilien som hekkar langs heile kysten i Noreg. Dei er gode symjarar, og kan dykka heile 60 meter ned i vatnet på jakt etter skjel og andre blautdyr. Hannane er svarte på undersida og kvite på oversida, mens hoene er brune og spraglete på heile kroppen.

Skarv 

Skarv er ein familie av ganske store fuglar som har lang hals og ein krum krok i enden av nebbet. I Noreg hekkar både toppskarv og storskarv frå Rogaland og opp til Troms og Finnmark. Skarven et i hovudsak fisk, og uheldigvis hamnar dei ofte i fiskegarna våre.

Terne 

Terner er slanke fuglar som har spisse vengetuppar, halefjører og nebb. To terneartar hekkar i Noreg: makrellterne og raudnebbterne. Dei er elegante flygarar som elskar å skifta retning i lufta, og dei kan brått finna på å stupdykka ned i havet for å fanga små fisk.

Lundefugl 

Lundene høyrer til alkefamilien. Med den svarte kroppen, dei kvite kinna og det store fargesprakande nebbet har han ein særprega utsjånad. Lundefuglen kan bli opptil 40 år gammal og lever i hovudsak på ein diett av sild. På grunn av overfiske har det vore vanskelegare å få tak i næring dei siste åra, og derfor blir han no rekna som ein trua art.

Grågås

Grågås er stamforma til dei fleste gjæsene du finn på gardar rundt om i Europa. Dei lagar reir på bakken i skjul av buskar og siv, og dei et berre planter. I gamle dagar meinte folk at ein kunne seie korleis avlinga ville bli ut frå korleis grågåsflokkane flaug når dei trekte sørover om hausten. 

Raudstilk 

Raudstilken er ein liten snipefugl med brun kropp og raude bein. Han nippar etter mat i myrvatn og langs kysten, og både hannen og hoa rugar like mykje på egga.

Tjeld 

Tjelden liknar litt på raudstilken, men han er større og kraftigere. Denne vadefuglen er lett å kjenna igjen med oransje nebb, svart hovud, rygg og venger og kvitt bryst.

Han bråkar ganske mykje og hekkar langs heile norskekysten. Det lange tynne nebbet bruker han til å plukka etter blautdyr og skaldyr i fjøra, og det er også godt eigna til å opna skjel med.

Havørn 

Havørna er den største rovfuglen i Noreg, med eit vengespenn på opptil 2,65 meter. Det er mykje lengre enn eit vakse menneske! Havørna hekkar langs heile kysten frå Troms og Finnmark til Oslofjorden, men bestanden har minka kraftig dei siste åra.

Før i tida trudde folk at havørna kunne finna på å røva med seg småbarn, men forsøk har vist at havørna ikkje klarer å letta med bytte på meir enn 2,5 kilo.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Måke 

Det finst mange måkar (eller måsar) som hekkar i Noreg. Nokre vanlege du kan støyta på, er gråmåke, sildemåke, fiskemåke og krykkje. Fordi nokre måkeartar søker næring nær oss menneske, har dei fått rykte på seg for å vera glupske og frekke, men dette viser berre kor tilpassingsdyktige måkar er. Som alle andre dyr leitar dei berre etter mat der dei ser moglegheitene.

Fuglereservat 

For at fuglane skal få ro i hekketida finst det mange fuglereservat langs kysten. Desse øyane er tydeleg merkte med skilt, og det er ikkje lov å komma nærare enn 50 meter i hekketida.

Fugleparadiset Vardø

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Forsøpling 

All forsøpling er ulovleg og dermed også straffbart. Søppel i naturen er stygt og kan gjera stor skade. Oljeutslepp er særleg skadeleg for sjøfugl. Berre ein liten oljeflekk kan vera livstruande, fordi oljen gjer at fjørdrakta blir dårlegare til å halda på varmen.

Fann seks døde sjøfugl i drivande garn

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder: 

  • Barth, Edvard Kaurin: ærfugl i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    https://snl.no/ærfugl
  • Helberg, Morten: skarver i Store norske leksikonsnl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    https://snl.no/skarver
  • Østnes, Jan Eivind: terner i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    https://snl.no/terner
  • Barth, Edvard Kaurin; Mehlum, Fridtjof; Syvertsen, Per Ole; Helberg, Morten: lunde i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    https://snl.no/lunde 
  • Kroglund, Rolf Terje: grågås i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    http://snl.no/grågås
  • Østnes, Jan Eivind: tjeld i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    https://snl.no/tjeld
  • Barth, Edvard Kaurin; Gjershaug, Jan Ove: havørn i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    https://snl.no/havørn
  • Helberg, Morten; Barth, Edvard Kaurin: måker i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. august 2020 frå
    https://snl.no/måker
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images og Redningsselskapet Youtube