Blir vi asosiale av sosiale medium?

Du har sikkert høyrt kritikken mot sosiale medium før. Dei er tidstjuvar, invaderande og forvirrande. Dei øydelegg privatlivet ditt, og så vidare. Men kan dei faktisk gjera oss asosiale? Held den påstanden vatn?

Alle i en vennegjeng står ute mot en vegg og ser på hver sin smarttelefon

Sosial samhandling

Kva meiner vi med sosiale nettverk og samhandling? Sosial samhandling, både på nett og ansikt til ansikt, har stor effekt på korleis vi tenker og lærer. Korleis reagerer hjernen når vi er i grupper eller er med i eit nettverk?

Forsking viser auka aktivitet i hjernen når personar er ein del av ei gruppe. Auken skjer når vi tenker på oss sjølve, identiteten vår og er medvitne om kven vi føler tilhøyrsle til. Dette tyder på at dei sosiale samhandlingane våre utviklar identiteten vår. Vi treng sosial kontakt.

For mykje sosial samhandling er ikkje bra. Det er slitsamt alltid å vera sosial. Å involvera seg i andre personar krev mykje arbeid for hjernen. Vi treng difor både sosial kontakt og aleinetid.

Men klarer vi å ta pauser når vi alltid er tilgjengelege?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tenåringsgjeng og sosiale medier
Tenåringsgjeng og sosiale medier

Sosiale medium og det å vere avhengig

Psykiatrar påstår at det å vere avhengig av sosiale medium er eit problem. Ikkje minst viss du brukar fem timar dagleg med å sjekka Facebook. Forsking viser at personar sjeldan forlét huset, miste fleire jobbar og avbraut terapitimen for å sjekka oppdateringar. Dei valde ofte bort den sosiale kontakten med terapeuten til fordel for sosiale medium. Men kvifor det?

Jente uten smarttelefon mens alle andre i gjengen rundt henne sitter opphengt i hver sin smarttelefon
Jente uten smarttelefon mens alle andre i gjengen rundt henne sitter opphengt i hver sin smarttelefon

Påskjøning for hjernen

Vellykka samhandling gjer at vi opplever ei ekte påskjøning i hjernen. Frigjering av hormonet oksytocin gir ei kjensle av velvære. Oksytocin er kjent som kjærleiks- eller godleikshormonet. Det blir også frigjort dopamin, som gir eit rush av glede. Sosiale medium triggar nervebanen for påskjøning i hjernen og kan føra til at ein blir avhengig.

En vennegjeng som ler og har det morsomt samme i en by
En vennegjeng som ler og har det morsomt samme i en by

Lettare påskjøning

Ei av årsakene til at ein blir avhengig, er at dei sosiale «påskjøningane» via sosiale medium er lettare å oppnå utan å anstrenga seg. Narkotika fungerer litt på same måten, ved at han triggar nervebanen for påskjøning. Det blir ein snarveg til påskjøning for hjernen. Vi treng ikkje å yta så mykje sjølve. Hjernen vil til slutt forventa desse behagelege signala. Etter kvart klarer ikkje hjernen å kontrollera avhengnaden. Ein fare er at mennesket mistar noko av evna til empati. Empati betyr evna til å setja seg inn i andre sine kjensler.

Dame som holder smarttelefon med sosiale medier ikoner
Dame som holder smarttelefon med sosiale medier ikoner

Kontrollfrik

Ei anna side ved sosiale medium er at vi i stor grad kan bestemma korleis vil vil bli oppfatta av andre. Du kan lasta opp berre fine bilete og sletta dumme kommentarar. Dette tilfredsstiller ein prosess i hjernen som blir kalla «sjølvframstilling». Det vil seia at vi er konstant opptekne av å framstilla oss sjølve på best mogleg måte overfor andre. Då er det større sjanse for at andre skal lika oss.

Tenåringsjente som spiller basketball
Tenåringsjente som spiller basketball

Sjølvframstilling i sosiale medium

Ei moglegheit for dei som er sjenerte?

Personar som er litt nervøse eller sjenerte, kan kjenna seg meir frigjorde på sosiale medium. Ein kan knytta vennskapsband og relasjonar over heile verda. Det var ikkje mogleg før.

Menneskehjernen har utvikla eit system for å sikra at sosial samhandling skal gå føre seg så godt som mogleg. Sosiale medium kan forstyrra dette systemet og gjera oss asosiale. Heldigvis opnar dei òg opp for mange moglegheiter.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som sitter på en cafée og ser på smarttelefon
Dame som sitter på en cafée og ser på smarttelefon

Sjukt sosial

Kjelder:

  • Burnett, Dean (2018):
    Do Social Networks Make Us Antisocial?
  • Vitenskapens guide til lykken (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. NRK
    8. Getty Images
    9. NRK