Blir vi asosiale av sosiale medium?

Du har sikkert høyrt kritikken mot sosiale medium før. Dei er tidstjuvar, invaderande og forvirrande. Dei øydelegg privatlivet ditt, og så vidare. Men kan dei faktisk gjera oss asosiale? Held den påstanden vatn?

Alle i en vennegjeng står ute mot en vegg og ser på hver sin smarttelefon

Sosial samhandling

Før vi går vidare for å svara på spørsmålet, må vi definera kva vi meiner med sosiale nettverk og samhandling. Sosial samhandling, både på nett og ansikt til ansikt, har stor effekt på den kognitive evna, det vil seie korleis vi tenker, lærer og erkjenner. Korleis hjernen reagerer når vi er i grupper eller er med eit nettverk, viser nokre interessante funn.

Forsking som studerer bilete av hjernen, viser auka aktivitet i hjernen når personar tenker på det å vera ein del av ei gruppe. Når vi tenker på oss sjølve, identiteten vår og er medvitne om kva sosiale grupper vi kjenner at vi høyrer til i, viser områda i pannelappen høg aktivitet. Dette tyder på at dei sosiale samhandlingane våre utgjer ein stor del av identiteten vår. Menneske treng sosial kontakt.

På andre sida er for mykje sosial samhandling heller ikkje bra. Det er mentalt krevjande å vera sosial. Å involvera seg i ein annan person krev mykje arbeid for hjernen og er mentalt anstrengande. Det forklarer det motstridande ved at menneske treng både sosial kontakt og aleinetid.

Men klarer vi å ta pauser når vi alltid er tilgjengelege?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tenåringsgjeng og sosiale medier
Tenåringsgjeng og sosiale medier

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!