Er sosiale medium skadelege?

Du har sikkert høyrt at sosiale medium kan vere skadelege. Vi kan bli avhengige. Dei kan øydelegga privatlivet ditt. Men kan dei gjera oss asosiale? Facebook, Instagram, Snap og Twitter er eksempel på sosiale medium.

Alle i en vennegjeng står ute mot en vegg og ser på hver sin smarttelefon

Sosial samhandling

Forsking viser auka aktivitet i hjernen når vi er saman med andre. Sosiale nettverk og samhandling gjer noko med identiteten din. Du blir betre kjend med kven du er. Alle treng sosial kontakt.

For mykje sosial samhandling er ikkje bra. Det er slitsamt å vera sosial. Det krev mykje arbeid for hjernen. Vi treng difor både sosial kontakt og aleinetid.

Men klarer vi å ta pauser når vi alltid er tilgjengelege?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tenåringsgjeng og sosiale medier

Sosiale medium og det å vere avhengig

Forskarar påstår at det å vere avhengig av sosiale medium er eit problem. Ikkje minst viss du bruker fem timar dagleg med å sjekka Facebook. Du går glipp av mykje anna gøy viss du blir avhengig av sosiale medium.

Jente uten smarttelefon mens alle andre i gjengen rundt henne sitter opphengt i hver sin smarttelefon

Påskjøning for hjernen

Når vi har det godt saman med andre, får vi ei påskjøning i hjernen. Frigjering av hormonet oksytocin gir ei kjensle av velvære. Det blir også frigjort dopamin, som gir eit rush av glede.

En vennegjeng som ler og har det morsomt samme i en by

Enkel påskjøning

Ei av årsakene til at ein blir avhengig, er at ein ikkje treng å anstrenga seg så mykje for å få påskjøning. Narkotika fungerer litt på same måten. Det blir ein snarveg til påskjøning for hjernen. Etter kvart klarer ikkje hjernen å kontrollera avhengnaden.

Dame som holder smarttelefon med sosiale medier ikoner

Kontrollfrik

På sosiale medium kan du visa dei beste sidene ved deg sjølv. Dette tilfredsstiller ein prosess i hjernen som blir kalla «sjølvframstilling». Det vil seia at vi er konstant opptekne av å framstilla oss sjølve på best mogleg måte. Då er det større sjanse for at andre skal lika oss.

Tenåringsjente som spiller basketball

Sjølvframstilling i sosiale medium

Ei moglegheit for dei som er sjenerte?

Personar som er litt sjenerte, kan kjenna seg frigjorde på sosiale medium. Ein kan knytta vennskapsband og relasjonar over heile verda.

Menneskehjernen prøver å gjera sosial samhandling så god som mogleg. Sosiale medium kan forstyrra dette systemet og gjera oss asosiale. Heldigvis opnar dei også opp for mange moglegheiter.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som sitter på en cafée og ser på smarttelefon

Sjukt sosial

Kjelder:

  • Burnett, Dean (2018):
    Do Social Networks Make Us Antisocial?
  • Vitenskapens guide til lykken (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. NRK
    8. Getty Images
    9. NRK