Tekstforfattarar kan jobbe med ulike typar tekstar avhengig av kvar dei er tilsette. Felles for alle er at dei skal skrive gode, seljande og grammatisk korrekte tekstar – enten korte eller lange – på oppdrag for andre.
Som tekstforfattar i reklamebransjen er målet ofte å fange merksemda til mottakaren og skape interesse for eit produkt, eller å gjere ei merkevare meir populær.. Det handlar gjerne om å formidle ein på ein fengjande og annleis måte. Samtidig må bodskapen vere presis og lett forståeleg.
Oppdraga kan også dreie seg om å prøve å endre folk sine haldningar, til dømes viss du jobbar for ein frivillig organisasjon.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein tekstforfattar:
• lage tekstar til annonsar, brosjyrar, plakatar, emballasje, reklamefilmar, nettsider, bloggar eller sosiale medium
• språkvaske, kvalitetssikre og omsetje tekstane til andre
• publisee på nett og oppdatere nettsider
• skaffa seg kunnskap om dei målgruppene ein lagar tekstar eller anna innhald for
• jobba med idéutvikling, gjerne i team
Tekstforfattarar i reklamebyrå jobbar ofte med kreative prosessar, frå idé til ferdig kommunikasjonsløysing. Som tekstforfattar kan du også jobbe med tekstar til til dømes TV- eller radioprogram eller sceneframsyningar.
Tekstforfattaren samarbeider ofte med andre medarbeidarar, til dømes art director, grafisk designar, andre tekstforfattarar, rådgivar, prosjektleiar og andre som jobbar med kommunikasjon.