Bob Dylan møter pressen i 1965

Bob Dylan ♬

Robert Allan Zimmerman vart fødd inn i ein jødisk familie i 1941. 21 år seinare bytte han namn til Bob Dylan. Robert vart tidleg interessert i musikk, og han høyrde mykje rock’n’roll på radio. Saman med gode kompisar på skulen spelte han i fleire band.

Då han byrja på universitetet i Minnesota, bytte han ut rocken med amerikansk folkemusikk. Den elektriske gitaren vart bytt ut med akustisk gitar og munnspel.

Visste du at …?

På ungdomsskulen deltok Zimmerman og banda The Golden Chords på ein talentkonkurranse. Musikken var så bråkete at rektor slo av mikrofonane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mørk Bob Dylan-bakgrunn

Bob Dylan blir plateartist

Vinteren 1961 flytta Dylan til New York. Her ville han oppfylle draumen om å bli musikar på heiltid. Han spelte overalt og fekk mange gode tilbakemeldingar. Ein produsent frå Colombia Records vart imponert og gav Dylan platekontrakt.

Den første plata hans vart spelt inn på tre dagar, men kritikarane var ikkje særleg begeistra. Som musikar var ikkje Dylan heilt utlærd, og tekstane var alvorlege, mørke og triste. Som sceneartist var han ganske god, men plata selde dårleg. Det gjorde ikkje Dylan så mykje, for han var allereie i gang med nye musikalske prosjekt.

Visste du at …?

Då Bob Dylan kom til New York vinteren 1961 laug han om sin eigen barndom. Han fortalde at han var ein foreldrelaus gut frå New Mexico som reiste rundt med eit sirkus.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bob Dylans debutplate

Ein meister erobrar verda

Etter den første plata var Bob Dylan eit kjent namn i USA, men med neste plate, som inneheldt låtar som «Blowin’ in the Wind» og «Masters of War», vart han kjend i Europa òg.

På begynnelsen av 1960-talet var verda prega av stor politisk uro. Martin Luther King Jr. talte om draumen sin om eit likeverdig samfunn, president John F. Kennedy vart skoten, og det vart nesten atomkrig mellom USA og Sovjetunionen.

Bob Dylan var ikkje så oppteken av politikk, men vektla verdien av å vere ung. Alle hadde eit ansvar for å redde verda frå destruktive krefter. Han vart med det oppfatta som ein talsmann for dei unge.

«Blowin’ in the Wind» live på TV frå mars 1963.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bob Dylan og Joan Baez i 1963

Siste plate som protestsongar

Sommaren 1963 deltok Dylan på hundreårets viktigaste politiske arrangement, «The March on Washington». Dette var ei protestrørsle mot rasisme i USA. Kampen for dei svarte rettane til amerikanarane går framleis føre seg, og toppa seg i 2020 med «Black Lives Matter».

Med plata «The Times They Are a-Changin’» blir Dylan ein legendarisk protestsongar. Med tekstlinjene «Keep your eyes wide. The chance won’t come again», blir på mange måtar denne delen av karrieren hans oppsummert. Ikkje vent til i morgon, med det du kan gjere i dag. Etter dette slutta Dylan å vere protestsongar, men fansen forstod ikkje det før mange år seinare.

Visste du at …?

I låten «Only a Pawn in Their Game» legg Dylan ansvaret på politiet og politikarar som set svarte og kvite opp mot kvarandre. Ikkje så ulikt det som skjedde under protestrørsla «Black Lives Matter».

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bob Dylan – The Times they are a-Changin'

Kan ikkje gjere alle fornøgde

På midten av 1960-talet hadde Bob Dylan vorte allemannseige i USA. Han vart vurdert som ein som stod opp mot fattigdom, rasisme og sosiale forskjellar. Dylan sjølv mislikte denne rolla. «Eg kan ikkje gjere alle fornøgde», sa han i eit intervju. «Anten liker dei meg, eller så skjeller dei meg ut.» Han orka ikkje å leve slik, og bestemde seg for å følgje sin eigen veg og skriva songar om det han var oppteken av.

Bob Dylan i årboken til St. Lawrence College, 1964
Mørk Bob Dylan-bakgrunn

Frå folkemusikk til rock

I mars 1965 gir Dylan ut albumet «Bringing It All Back Home». Her blandar han dei gode tekstane frå folkemusikken med rock. Han oppfann ein heilt ny sjanger – folkrock.

Han hadde vorte kjend som visesongar med kassegitar, men no var det slutt på den tida. No ville han skrive musikk etter sine eigne reglar, og ikkje følgje kravet til fansen om nye protestsongar og folkeviser. No var det rockemusikk som gjaldt for å få fram dei gode tekstane.

Sommaren 1965 sjokkerte Dylan fansen på Newport Folk Festival. Her spelte han med elektriske instrument på scena for første gong. Mange i publikum bua og var sinte. Dermed gjekk Dylan av scena etter berre tre låtar. Nok fekk vere nok.

Då han kom ut igjen på scena spelte han to låtar med kassegitar og munnspel. Dette var avskjeden hans med det gamle publikummet sitt og kassegitaren.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Bob Dylan-kunst i Minneapolis

Like a Rolling Stone

Med låten «Like a Rolling Stone» forandra Dylan musikkhistoria. Her eksperimenterer han med det meste. Låten varer over 6 minutt, og han blandar stilartar og instrument. Teksten er full av forakt mot dei som har kritisert han. Dylan «spyr» nærast ut teksten. Han tek ikkje omsyn til lyttaren med den aggressive haldninga si.

Dette hadde ingen høyrt før, og det forandra korleis artistar og publikum vurderte verda. No var alle reglar brotne, og musikken kunne endeleg sleppast heilt laus. Bob Dylan hadde sett ein ny standard, og han vart eit tidlaust ikon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Background image layer 1 Background image layer 2
Bob Dylan på scenen i 1974

Nyfrelst artist

På slutten av 1970-talet var det ein som kasta eit sølvkors opp på scena til Bob Dylan. Han tok det opp, hengde det rundt halsen og tok det som eit teikn frå Gud. Dei neste åra brukte Dylan musikken og scena til å formidle ein kristen bodskap. Mange i publikum mislikte dette sterkt, og forlét konsertarenaen. Kritikarar tok òg sterk avstand frå dette. Der publikum ville høyre «Like a Rolling Stone», ville Dylan heller snakke om Jesus.

Mørk Bob Dylan-bakgrunn

Ære i Det kvite huset

I 1997 får Dylan ei utmerking av president Bill Clinton i Det kvite huset. Orda som fell då han får medaljen er smått legendariske: «Han hadde sannsynlegvis større påverknad på generasjonen min enn nokon annan kreativ artist. Stemmen hans og tekstane har ikkje alltid vore gode for øyret, men gjennom karrieren sin har Bob Dylan aldri jobba for å glede andre. Han har forstyrra freden og gjort dei mektige ukomfortable.»

Bill Clinton
Bob Dylan på scenen

Kunstmåling

Bob Dylan har gitt ut 34 studioalbum, og han har vore ein av verdas mest kjende musikarar sidan 60-talet. Gjennom heile karrieren sin har han måla. Hausten 2010 stilte han ut over 40 måleri i København. Motiva er frå Brasil. Ein kunstkritikar meiner at bileta aldri hadde voete stilte ut om ikkje det var for Dylans musikalske ry.

Nobelprisen i litteratur

Som den første låtskrivaren nokosinne fekk Bob Dylan Nobels litteraturpris i 2016. Han hadde vore nominert mange gongar før, men det hadde blant fleire vorte oppfatta som ein spøk. Han fekk prisen for nyskaping innan den amerikanske songtradisjonen. Dylan er eit stort lyrisk talent, og har skapt tekstar som vil stå for all framtid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mørk Bob Dylan-bakgrunn

Kjelder:

  • Bergan, Jon Vidar; Selnes, Gisle: Bob Dylan i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2021 frå https://snl.no/Bob_Dylan
  • Den komplette guiden til Dylan (2019):
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Robert N. Zagone (CC BY-SA 4.0)
    2. Brett Jordan (CC BY 2.0)
    3. Rowland Scherman / Bob Dylan – YouTube
    4. Tony Hall (CC BY 2.0)
    5. St. Lawrence College Yearbook (CC BY 2.0)
    6. Sharon Mollerus (CC BY 2.0) / RockFM – YouTube
    7. Ukjent (CC BY 2.0) / Metamorphosis Ya – YouTube
    8. Mark A. Patrick (CC BY-SA 2.0)
    9. Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0)
    10. Raph_PH (CC BY 2.0)