Bob Dylan møter pressen i 1965

Bob Dylan ♬

Robert Allan Zimmerman vart fødd inn i ein jødisk familie i 1941. 21 år seinare bytte han namn til Bob Dylan. Robert vart tidleg interessert i musikk, og han høyrde mykje rock’n’roll på radio. Saman med gode kompisar på skulen spelte han i fleire band.

Då han begynte på universitetet i Minnesota, bytte han ut rocken med amerikansk folkemusikk. Den elektriske gitaren vart bytt ut med akustisk gitar og munnspel.

Visste du at …?

På ungdomsskulen deltok Zimmerman og banda i ein talentkonkurranse. Musikken var så bråkete at rektor slo av mikrofonane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mørk Bob Dylan-bakgrunn
Mørk Bob Dylan-bakgrunn

Bob Dylan blir plateartist

Vinteren 1961 flytta Dylan til New York. Her ville han bli musikar på heiltid. Han spelte overalt, og mange likte musikken hans. Ein produsent vart imponert og gav Dylan platekontrakt.

Den første plata hans vart spelt inn på tre dagar, men kritikarane var ikkje særleg begeistra. Som musikar var ikkje Dylan heilt utlærd, og tekstane var alvorlege og triste. På scena var han ganske god, men plata selde dårleg. Det gjorde ikkje Dylan så mykje, for han var allereie i gang med ny musikk.

Visste du at …?

Då Bob Dylan kom til New York vinteren 1961, laug han om sin eigen barndom. Han fortalde at han var ein foreldrelaus gut frå New Mexico som reiste rundt med eit sirkus.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bob Dylans debutplate
Bob Dylans debutplate

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!