Bli kjenD med …

Brachiosaurus

Kompakt kropp, lang hals og eit lite hovud. Denne dinosauren kunne ete 400 kilo plantar kvar dag.

Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Brachiosaurus kunne bli mellom 18 og 21 meter lang. Han kunne vege opp mot 58 tonn. Ein stor elefant veg «berre» mellom 3 og 5 tonn.

Han hadde lange bein, men eit ganske lite hovud. Tennene var store, og dei vart bytte ut fire gongar i året.

Brachiosaurus hadde ein kam på hovudet – nesten som ein hanekam. Den lange og kraftige halsen kunne hevast inntil ni meter over bakken. Halen var tjukk og kort.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brachiosaurus
Brachiosaurus

Levevis og forsking

Brachiosaurus åt sannsynlegvis blad som voks høgt over bakken. Han hadde ein lang hals som kunne nå opp til dei høgaste tretoppane. Forskarar trur at dinosaurane ikkje kunne stå på bakbeina slik dei gjer i «Jurassic Park»-filmane. Dei åt antakeleg mellom 200 og 400 kilo plantar kvar dag.

Forskarar trur at desse dyra levde på land og ikkje i havet. Tidlegare meinte nokon at dyra ikkje kunne leggje egg før dei var over 100 år gamle. Dette stemmer nok ikkje, basert på nye funn og vidare forsking.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brachiosaur og sjiraff
Brachiosaur og sjiraff

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images