Bli kjenD med …

Brachiosaurus

Denne dinosauren har ein stor kropp og veldig lang hals. Han kunne ete opptil 400 kilo plantar kvar dag.

Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Brachiosaurus kunne bli heile 21 meter lang! Han kunne vege 58 tonn. Ein stor elefant veg «berre» 5 tonn.

Dinosauren hadde lange bein, men eit ganske lite hovud. Tennene var store, og dei vart bytte ut fire gongar i året.

Brachiosaurus hadde ein kam på hovudet, nesten som ein hanekam. Halsen kunne løftast ni meter over bakken. Halen var ganske tjukk og kort.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brachiosaurus
Brachiosaurus

Levevis og forsking

Brachiosaurus åt sannsynlegvis blad som voks høgt over bakken. Han kunne nå opp til dei høgaste tretoppane. I «Jurassic Park»-filmane kan dinosaurane stå på bakbeina, men det stemmer nok ikkje. Dei åt mellom 200 og 400 kilo plantar kvar dag.

Desse dyra levde på land og ikkje i havet. Tidlegare meinte nokon at dyra ikkje kunne leggje egg før dei var over 100 år gamle. Ny forsking viser at det sannsynlegvis er feil.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brachiosaur og sjiraff
Brachiosaur og sjiraff

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images