Bli kjenD med …

Brachiosaurus

Kompakt kropp, lang hals og eit lite hovud. Denne dinosauren kunne ete opptil 400 kilo plantar kvar dag.

Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Brachiosaurus kunne bli mellom 18 og 21 meter lang. Vekta kunne vere opp mot 58 tonn. Ein stor elefant kan til samanlikning vege mellom 3 og 5 tonn.

Han hadde relativt lange bein, men eit ganske lite hovud med store tenner. Desse tennene vart bytte ut fire gongar i året.

Brachiosaurus hadde ein kam stikkande opp over dei store nasebora. Den lange og kraftige halsen kunne hevast inntil ni meter over bakken. Halen var forholdsvis tjukk og kort.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brachiosaurus
Brachiosaurus

Levevis og forsking

Brachiosaurus åt sannsynlegvis blad som voks høgt over bakken. Han hadde ein lang hals som kunne nå opp til dei høgaste tretoppane. Forskarar trur at dinosaurane ikkje kunne stå på bakbeina slik dei gjer i «Jurassic Park»-filmane. Dei åt antakeleg mellom 200 og 400 kilo plantar kvar dag.

Forskarar trur at desse dyra levde på land og ikkje i havet. Tidlegare meinte nokon at dyra ikkje vart kjønnsmodne før dei var over 100 år gamle. Dette blir sett på som feil i dag, basert på nye funn og vidare forsking.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brachiosaur og sjiraff
Brachiosaur og sjiraff

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images