Kvar kjem bunaden frå?

Du tenkjer kanskje at bunaden som mange i Noreg tek fram på 17. mai, er lik den som bondefolk pynta seg med for hundre år sidan? Det stemmer ikkje heilt, sjølv om bunader er inspirerte av kleda som nordmenn gjekk med før i tida. Det at bunaden er eit festplagg i dag, må vi truleg takke ei dame som heitte Hulda Garborg for.

Ved århundreskiftet mellom 18-og 1900-talet blomstra nasjonalromantikken opp i heile Europa, og nasjonalkjensla stod sterkt. I 1905 ble Noreg fritt frå Sverige, og det førte også til at nordmenn ønskte å skape sin eigen nasjonale identitet. Og her kom Hulda på bana. Ho gav ut boka Norsk Klædebunad, og trekte fram bunad som det ypparste av norske klede. Nasjonaldrakta vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude

Bunadens mor

Hulda var ein trendsetjar som fekk byfolk til å interessere seg for norske folkedrakter. Ho vart inspirert av ulike mønster og snitt i bondedraktene ho hadde sett, og deretter designa ho ei heilt ny drakt som vart til Valdresbunaden.

Hulda Garborg
Hulda Garborg

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!