Kvar kjem bunaden frå?

Du tenkjer kanskje at bunaden som mange i Noreg tek fram på 17. mai, er lik den bondefolk pynta seg med for hundre år sidan? Det stemmer ikkje heilt. Dagens bunader er rett nok inspirerte av kleda som nordmenn gjekk med før i tida, men det at bunaden er eit festplagg i dag, må vi truleg takke ei dame som heitte Hulda Garborg for.

Ved århundreskiftet mellom 18-og 1900-talet blomstra nasjonalromantikken opp i heile Europa, og nasjonalkjensla vart dyrka for alt ho var verdt. I 1905 vart Noreg fritt frå Sverige, og det førte også til at nordmenn fekk eit særleg behov for skape sin eigen nasjonale identitet. Og her kom Hulda på bana. Ho gav ut boka Norsk Klædebunad, og trekte fram ordet og omgrepet «bunad» som det ypparste av norske klesplagg. Nasjonaldrakta vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude

Bunadens mor

Hulda var ein trendsetjar som fekk byfolk til å interessere seg for norske folkedrakter. Ho var inspirert av ulike mønster og snitt i bondedraktene ho hadde sett på reisene sine, og deretter designa ho ei heilt ny drakt – ein bunad, nærmare bestemt Valdresbunaden.

Hulda Garborg

Kortreist mote

Bunaden skulle vere eit alternativ til moten i Paris, og det var viktig at bunaden var voven av norskprodusert stoff, som ull og lin, ikkje bomull og silke, som dei gamle folkedraktene gjerne hadde. Fargane skulle vere laga av norske plantar, men elles var det fritt fram å sette saman si eiga drakt.

Nærbilde av detaljer på en bunad

Kunst i handverket

Seinare vart det mykje strengare reglar for korleis dei ulike bunadane skulle sjå ut. På 1940- og 50-talet var det veldig viktig at bunaden vart historisk korrekt.

No har det såkalte «bunadspolitiet» roa seg ned. I dag finst det 450 ulike bunadar i Noreg, kvar med si lokale historie og tilhøyrsle.

Rosemåling i bunaden

Nokre bunadar er enkelt utforma, andre er vakkert broderte. Utsmykkingane er ofte inspirerte av tradisjonelle kvardagssklede, søndagsklede og høgtidsklede frå den bestemte staden. Men også andre kunstuttrykk vart brukte som inspirasjon, som til dømes rosemålinga på eit skåp i Trøgstad. Rosemålinga på skåpet vart inspirasjonen til broderia på Løkendrakta frå Østfold på 40-talet.

Løkendrakten

Hipp hipp hurra!

17. mai og bunad høyrer tett saman. Omtrent halvparten av alle kvinner pyntar seg i bunad denne dagen. Derimot er det ikkje så mange menn som gjer det same, berre 9 prosent. Men det er stadig fleire menn som får bunad, og det viser seg at 18. mai er dagen då mange menn plutseleg bestemmer seg for å bestille ei nasjonaldrakt.

17. mai i Førde 2006

Kostbar

Dei dyraste bunadane kan koste så mykje som 200 000 kroner! Du kan få kjøpt ein ny bil for dei same pengane. Men dette er dei mest ekstreme tilfella. Å sy ein bunad er eit strevsamt arbeid og eit imponerande handverk. Det kan ta eit utal med timar med nål og tråd for å skape dei mest kunstferdige broderia. Dessutan er bunadssølvet gjerne også handlaga i Noreg. Vanlegvis kostar ein bunad mellom 20 000 og 50 000 kroner, alt etter kva slags drakt det er og om ho er laga i Noreg eller ikkje.

Bunad fra Setesdal

Verdifull

Verdien av ein bunad er likevel umogleg å måle i berre pengar. Han betyr ofte svært mykje for eigaren, og for det norske samfunnet er han rekna for å vere ein viktig del av ein levande norsk kultur. Foreininga Den Norske Husfliden er sterkt engasjert i å ta vare på bunadstradisjonane. Dei sørgjar for at kunnskapen om kulturarven vert ført vidare.

Bunad

Ei gåve som varer livet ut

Bunad er ei flott gåve å få til konfirmasjonen. Stadig fleire jenter får bunad når dei skal konfirmerast. Men med tanke på kor dyrt eit slikt festantrekk er, er det lurt å vere  medviten om at det kan bli eit press om at alle jenter «må» ha bunad til konfirmasjonen.

Bunad

Gutane kjem etter

Så kvifor er det så få gutar som ønskar seg bunad til konfirmasjonen? Dei får bunad gjerne seinare, som eksamenspresang. Somme meiner det er fordi gutar modnast seinare enn jenter, og dermed ønskjer dei seg bunad først når dei kjem i 25-årsalderen. Bunad har kanskje tradisjonelt sett også vore ei «jentegreie». Men det er heldigvis i ferd med å snu.

Mannlig bunad

Meir enn eit festantrekk

Bunaden symboliserer stoltheit og kjærleik til norske tradisjonar, som ligg i kvart sting i bunaden. I designet er det ingenting som er tilfeldig. Bunaden symboliserer tilhøyrsle, han viser kvar du har røtene dine.

Han symboliserer også samhøyrsle – vi blir ein synleg del av ein felles kulturarv når vi har bunad på. Bunaden gir plass til alle som høyrer til i Noreg. Han har trygge røter i både nasjonalromantisk tradisjon og nyskapande oppfinnsomheit. Slik er bunaden med på å definere og utvide den norske fellesskapen.

Slik reagerer norsk-amerikanare på å få sin eigen bunad:

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
3 damer og 2 menn i bunad

Fri fantasi

Ein bunad kan ikkje vere kva som helst, og det finst eit eige institutt som passar på at ingen tullar med saum og fargar når bunadar skal syast. Slik vert tradisjonen ført vidare i si ekte form. Men nokre «rebellar» har kasta bunadsreglane og lagar såkalte fantasistakkar, og desse har blitt veldig populære dei siste åra.

Designarane av fantasistakkane er moderne Huldaer som plukkar tekstilar, form og farge frå øvste hylle og set dei saman til nye nasjonaldrakter. Men draktene har samtidig solide røter i kulturarven som bunaden er ein del av. Enkelte rynkar på nasen og synest fantasistakkane er eit forferdeleg brot med «regelboka», mens andre meiner at det er eit friskt og vakkert tilskot til bunadstradisjonen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To forskjellige bunander

Kjelder:

  • Noss, Aagot: bunad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 4.
    febraur 2021 fråhttps://snl.no/bunad

Bilet- og videorettar:

    1. Nasjonalmuseet
    2. Nasjonalbiblioteket
    3. Getty Images
    4. Norsk Flid Husfliden – YouTube
    5. Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum
    6. Arild Finne Nybø (CC BY-SA 2.0)
    7. Nasjonalbiblioteket
    8. Shutterstock
    9. Norske Bunader
    10. Norske Bunader
    11. Norske Bunader / discovery plus Norge – YouTube
    12. Foto: Siren Lauvdal – Model: Ingvild K.M. / Team Models