Kvar kjem bunaden frå?

Du tenkjer kanskje at bunaden som mange i Noreg tek fram på 17. mai, er lik den bondefolk pynta seg med for hundre år sidan? Det stemmer ikkje heilt. Dagens bunader er rett nok inspirerte av kleda som nordmenn gjekk med før i tida. At bunaden er eit festplagg i dag, må vi truleg takke ei dame som heitte Hulda Garborg for.

Ved århundreskiftet mellom 18- og 1900-talet blomstra nasjonalromantikken opp i heile Europa, og nasjonalkjensla vart dyrka for alt ho var verdt. I 1905 gjekk Noreg ut av unionen med Sverige, og det førte også til at nordmenn fekk eit særleg behov for skape sin eigen nasjonale identitet. Og her kom Hulda inn på bana. Ho gav ut boka Norsk Klædebunad, og trekte fram ordet og omgrepet «bunad» som det ypparste av norske klesplagg. Nasjonaldrakta vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude

Bunadens mor

Hulda var ein trendsetjar som fekk byfolk til å interessere seg for norske folkedrakter. Ho var inspirert av ulike mønster og snitt i bondedraktene ho hadde sett på reisene sine, og deretter designa ho ei heilt ny drakt, nærmare bestemt Valdresbunaden.

Hulda Garborg
Hulda Garborg

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!