Corioliseffekten – ein avgjerande mekanisme for jordas klimasystem
Kvifor bevegar ikkje vinden og havstraumane seg i rette linjer fra ein stad til ein annan? Svaret finn vi i corioliseffekten, ein grunnleggjande mekanisme som påverkar alt frå lokale vindsystem til globale havstraumar. For å forstå jordas klima, vêr og havdynamikk må vi forstå corioliseffekten.
Korleis oppstår corioliseffekten?
Corioliseffekten kjem av at ulike breiddegrader på jorda roterer med ulik fart. Ved ekvator bevegar jordoverflata seg raskast fordi ho har størst omkrins, medan farten er nesten null ved polane fordi rotasjonsaksen går gjennom polpunkta. Når ein luftmasse nærmar seg polane eller ekvator, beheld han den opphavlege rotasjonsfarten frå området han kom frå. Dette skaper ei avbøying av rørslebanen: På den nordlege halvkula blir rørsla bøygd mot høgre, medan ho på den sørlege halvkula blir bøygd mot venstre. Det er dette som skaper corioliseffekten.
Eit konkret døme er når kald luft strøymer sørover frå polarområda. I staden for å gå rett sørover, bøyer ho av mot høgre og dannar det vi kjenner som polarfronten, ein viktig faktor i vêrsystema over Nord-Atlanteren. Tilsvarande blir den søratlantiske straumen påverka. Dette er ein straum som fraktar vatn frå Brasil mot Afrika.
Kvifor er corioliseffekten viktig?
Corioliseffekten speler ei heilt sentral rolle i korleis luftstraumane på jorda bevegar seg, både i dei store sirkulasjonsmønstera som hadley-celler, ferrel-celler og polarfrontar. Desse systema er store globale luftstraumar som transporterer varme og fukt rundt på planeten, og corioliseffekten bestemmer korleis desse luftstraumane bøyer av og organiserer seg i soner med ulikt klima.
Kjelder:
Bülow, M.W. (red.) 2018 Naturgeografi Grundbogen C Kap. 5.3 Det globale lufttrykk- og vindsystem
NVE (2024). Digital veileder; Grunnleggende meteorologi Hentet fra: https://veiledere.nve.no/veileder-for-feltobservasjoner-og-vurderinger-av-snoskredfare/a-meteorologi-for-snoskredvarslere-og-observatorer/a-1-grunnleggende-meteorologi/
SNL (uå) Corioliskraften Henta frå: https://snl.no/corioliskraften
Wikipedia (uå) Gaspard-Gustave Coriolis Henta frå: https://no.wikipedia.org/wiki/Gaspard-Gustave_Coriolis
YouTube: Met Office: What is global circulation? Part Three The Coriolis effect & winds Hentet fra: https://www.youtube.com/watch?v=PDEcAxfSYaI
YouTube: Atlas Pro: The Coriolis Effect Explained Hentet fra: https://www.youtube.com/watch?v=HIyBpi7B-dE&t=39s
Yr.no (2013) Store værsystemer i lille Norge. Henta frå: https://www.yr.no/artikkel/store-vaersystemer-i-lille-norge-1.11225740