Dei høgaste bygningane i verda

Det krevst mykje ingeniørkunnskap for å bygga ufatteleg høge bygningar. Kor høgt kan ein eigentleg bygga?

Accessibility icon Dei høgaste bygningane i verda

Verdas høgaste

Den høgaste bygningen i verda er for tida skyskraparen Burj Khalifa. Han står i eit lite land som heiter Dubai. Han er 828 meter høg. I Saudi-Arabia blir det bygd ein endå høgare bygning, og han kjem til å bli over 1000 meter høg.

Kva er mogleg?

Kor høge skyskraparar er det mogleg å bygga? Det vil vera vanskeleg å bygga eit tårn som er over 2000 meter høgt. Det er cirka like høgt som ti vanlege skyskraparar oppå kvarandre. Å bygga slike megahøge bygningar er veldig vanskeleg.

Vinden truar

Det største problemet er vind. Når det blæs mykje, kan eit høgt hus vaia fram og tilbake. Og det kan gjera at dei som er inne i bygningen, blir kvalme.

Det går an å stoppa desse rørslene. Nokre av dei høgaste skyskraparane i verda har ei svær vekt som heng inni bygget. Ho dempar svingingane og blir derfor kalla ein svingingsdempar.

Svingingsdemparen er ganske imponerande. I Taiwan har ein av skyskraparane ein stor, gul svingingsdempar. Han heng i åtte supersterke kablar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Veldig langt opp

Ei anna utfordring er å komma seg til toppen av bygningen. Ein skyskrapar på over ein kilometer treng over 3000 trappetrinn. Det er ei lang trapp! Heisane må gå superfort. Nokre heisar går i 69 kilometer i timen. I den farten fyk ein opp fem etasjar i sekundet.

Bra for miljøet?

Megahøge skyskraparar består av veldig mykje betong og stål. Det er ikkje bra for miljøet, for fabrikkane som lagar desse materiala, slepper ut farlege gassar i atmosfæren. Sidan høge bygg treng masse material og veg mykje, er lågare bygningar slik sett meir miljøvennlege.

Men samtidig sparer høghus miljøet for biltrafikk. Viss høghus blir plasserte ved for eksempel togstasjonar, vil dei som jobbar i høghuset ofte ta tog i staden for bil. Mange skyskraparar blir i tillegg bygde nesten utan parkeringsplassar. I den høgaste bygningen i London, The Shard, jobbar over 5000 menneske, men det finst berre 46 parkeringsplassar. Då må folk ta bussen til jobb – og det er bra for miljøet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Topp 10

Sjå kva ti skyskraparar som akkurat no er dei høgaste i verda. Kor mange av dei har du høyrt om?

Kjelder:

  • Spennende vitenskap – Junior (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar

  1. Shutterstock
  2. Getty Images
  3. Shutterstock
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. The B1M – Youtube