Dei ortodokse kyrkjene

Den ortodokse kyrkja er den nest største kristne kyrkja i verda. Berre den katolske kyrkja er større.

Den kristne kyrkja vart delt i år 1054. Paven i Roma og patriarken i Konstantinopel var usamde om veldig mykje. Vi kallar dette “det store skismaet”.

Patriark – er namnet på den øvste leiaren for dei ortodokse kyrkjene. Sidan det er fleire ortodokse kyrkjer, er det òg fleire patriarkar. I den katolske kyrkja er paven øvste leiar for alle kyrkjene.

Konstantinopel – er byen Istanbul i dagens Tyrkia.

Skisma – er eit gresk ord som betyr usemje.

I ei ortodoks gudsteneste er det alltid nattverd, lesing frå Bibelen, bøn og song. Dei bruker røykjelse som ei gåve til Gud. I kyrkja kallar vi ei slik gåve for eit offer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sakramenta

Dei ortodokse kyrkjene har sju sakrament: nattverd, dåp, vigsel, konfirmasjon, skriftemål, salving av sjuke og ordinasjon.

Eit sakrament er det viktigaste som skjer i gudstenestene. Vi kallar det ei heilag handling.

Nattverd

I alle ortodokse gudstenester er det nattverd. Då blir det delt ut brød og vin. Brødet inneheld gjær. Dette blir kalla syra brød. I den katolske kyrkja er det ikkje gjær i brødet. Dette blir kalla usyra brød. Brød og vin er uttrykk for Jesu lekam (kropp) og blod.

Dåp

I dåpen blir ein Guds barn. Ifølge trua er alle menneske fødde med synd. Det betyr at vi tenkjer vonde tankar og gjer galne ting mot Gud. I dåpen blir dette vaska bort.

I dei ortodokse kyrkjene er det mest vanleg å dukke heile barnet under vatn. Heile tre gongar! Då blir heile kroppen fri for synd.

Vigsel

Å gifte seg er ei storhending i dei ortodokse kyrkjene. Ifølge Gud skal ikkje mennesket leve åleine, men saman med ein familie. Akkurat slik Adam og Eva, dei første menneska, gjorde.

Konfirmasjon

Dei ortodokse kristne har ofte konfirmasjonen saman med dåpen. Presten smør heilag olje på dåpsbarnet. Vi kallar det salving.

Skriftemål

Ortodokse kristne går til ein prest og fortel om syndene sine. Då får dei tilgiving for det dei har gjort.

Sjukesalving

Presten salvar den sjuke med heilag olje, og han ber om at den sjuke skal bli frisk.

Ordinasjon

Før ein prest kan begynne å arbeide i kyrkja, må han bli ordinert. Då blir han formelt tilsett og godkjend av forsamlinga. Det er berre menn som kan bli prestar i dei ortodokse kyrkjene.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Ortodoks dåp
Ortodoks dåp

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!