Dei ortodokse kyrkjene

Den ortodokse kyrkja er den nest største kristne kyrkja i verda. Berre den romersk-katolske kyrkja er større. Den mest utbreidde av dei ortodokse kyrkjene i dag, er den russisk-ortodokse kyrkja.

Den kristne kyrkja vart splitta i år 1054, under det som blir kalla “det store skismaet”. Paven i Roma og patriarken i Konstantinopel skilde lag. På denne måten oppstod den ortodokse kyrkja og den katolske kyrkja som to skilde einingar.

Patriark – er namnet på overhovudet i den ortodokse kyrkja. Sidan den ortodokse kyrkja består av fleire sjølvstendige kyrkjer, er det òg fleire patriarkar. Dette er annleis i den katolske kyrkja, der paven er overhovud for alle dei katolske kyrkjene.

Konstantinopel –  er byen Istanbul i dagens Tyrkia. Tidligare namn på byen er Miklagard og Bysants.

Skisma – er eit gresk ord som betyr kløft/deling/usemje.

Historisk er dei ortodokse kyrkjene knytte til patriarkane i Konstantinopel (Tyrkia), Alexandria (Egypt), Antiokia (Syria), Jerusalem og Roma. Desse fem dannar oldkyrkja, og ho skal ha blitt grunnlagt av apostlane til Jesus.

Ordet ortodoks betyr rett tilbeding. Dei ortodokse kristne meiner å ha tatt vare på læra frå dei aller første kristne. Det same gjeld forma på gudstenestene. I ei ortodoks gudsteneste er det alltid nattverd, skriftlesing, bøn og song. Under gudstenesta spreier presten røykjelse i kyrkjerommet. Røykjelsen blir sett på som eit offer til Gud.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sakramenta

Den ortodokse kyrkja har dei same sju sakramenta som den katolske kyrkja: nattverd, dåp, vigsel, konfirmasjon, skriftemål, salving av sjuke og ordinasjon. Sakrament betyr heilag handling.

Nattverd og dåp blir sett på som dei to viktigaste sakramenta.

Nattverd

Nattverden blir gjennomført i alle ortodokse gudstenester. Under nattverden, også kalla kommunion, blir det delt ut vin og syra brød. Ifølgje ortodoks tru blir vin og brød forvandla til Jesu blod og lekam, og slik får alle som mottar nattverd ta del i dette.

Dåp

Dåpen markerer at den døypte er blitt eit av Guds barn. Gjennom dåpen blir også arvesynda vaska bort.

Praksisen rundt dåp varier i ulike kyrkjesamfunn. Nokre overauser heile eller delar av dåpsbarnet med vatn, medan andre praktiserer full neddykking. Full neddykking er den mest vanlege praksisen i ortodokse kyrkjesamfunn. Dei fleste som blir døypte, er barn, og ved full neddykking i vatn vil heile kroppen bli reinsa. Alle barna blir dykka tre gongar, som eit symbol på treeininga.

Vigsel

Å gifte seg er ei storhending for ortodokse kristne. Ifølge Gud er ikkje mennesket skapt til å vere åleine, men til å leve saman med familien sin. Dette tolkar dei ut frå forteljinga om då Gud skapte dei første menneska på jorda, Adam og Eva. Jesus viste òg til denne hendinga då han talte om ekteskapet.

Konfirmasjon

Dette blir òg kalla krismering. Krismere betyr salving, noko som blir gjort med den heilage oljen myron. Dei ortodokse kristne gjennomfører som oftast konfirmasjonen på same tid som dåpen. Presten salvar dåpsbarnet med korsteiknet på panna til barnet, auge, øyre, nasebor, brystkasse, rygg, hender og føter.

I nokre ortodokse samfunn blir det gjennomført ei “ungdomsvelsigning” når barna er 14-15 år gamle, men dette er berre ei forbøn og ikkje ei konfirmasjonshandling.

Skriftemål

Under skriftemål erkjenner den kristne syndene sine. Dei ortodokse har ingen faste skriftetider, men blir oppmoda til å skrifte med jamne mellomrom.

Sjukesalving

Presten salvar den sjuke med heilag olje, og ber for at den sjuke skal bli frisk igjen.

Ordinasjon

Dette er ei formell innsetting av ein prest, diakon eller biskop. Det er berre menn som kan ordinerast. Dersom dei er ordinerte før dei giftar seg, vil dei miste mogelegheita til giftermål. Menn som allereie er gift, kan bli ordinerte.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Ortodoks dåp
Ortodoks dåp

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!