Dei ortodokse kyrkjene

Berre den romersk-katolske kyrkja er større enn dei ortodokse kyrkjene. Den mest utbreidde av dei ortodokse kyrkjene i dag, er den russisk-ortodokse kyrkje.

Den kristne kyrkja vart splitta i år 1054, under det som blir kalla “det store skismaet”. Paven i Roma og patriarken i Konstantinopel skilde lag.

Patriark – er namnet på overhovudet i den ortodokse kyrkja. Sidan den ortodokse kyrkja består av fleire sjølvstendige kyrkjer, er det òg fleire patriarkar. I den katolske kyrkja er det berre éin pave.

Konstantinopel –  er byen Istanbul i dagens Tyrkia.

Skisma – er eit gresk ord som betyr kløft/deling/uesemje.

Historisk er dei ortodokse kyrkjene knytte til patriarkane i Konstantinopel (Tyrkia), Alexandria (Egypt), Antiokia (Syria), Jerusalem og Roma. Desse fem dannar oldkyrkja /strong>, som kanskje vart oppretta av disiplane til Jesus.

Ordet ortodoks betyr rett tilbeding. Dei ortodokse kristne meiner dei trur på den rette måten, slik dei første kristne gjorde. Det same gjeld gudstenestene. I ei ortodoks gudsteneste er det alltid nattverd, skriftlesing, bøn, song og røykjelse. Røykjelsen blir brukt som eit offer til Gud.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sakramenta

Dei ortodokse kyrkjene har dei same sju sakramenta som den katolske kyrkja: nattverd, dåp, vigsel, konfirmasjon, skriftemål, salving av sjuke og ordinasjon. Sakrament betyr heilag handling.

Nattverd og dåp blir sett på som dei to viktigaste sakramenta.

Nattverd

Nattverden blir gjennomført i alle ortodokse gudstenester. Under nattverden – kommunion – blir det delt ut vin og syra (gjæra) brød. Ifølge ortodoks tru blir vin og brød til Jesu blod og lekam (kropp).

Dåp

I dåpen blir ein Guds barn. Gjennom dåpen blir òg arvesynda vaska bort.

Måten ein døyper barn på varierer i ulike kyrkjesamfunn. Nokon tek berre litt vatn på hovudet til barnet, medan andre praktiserer full neddukking. Det siste er mest vanleg i ortodokse kyrkjer. Ved full neddukking i vatn vil heile kroppen bli reinsa for synd. Alle barn blir dukka tre gongar, som eit symbol på treeininga.

Vigsel

Å gifte seg er ei storhending for ortodokse kristne. Ifølgje Gud er ikkje mennesket skapt til å vere åleine, men til å leve saman med familien sin. Dette tolkar dei ut frå forteljinga om då Gud skapte dei første menneska på jorda, Adam og Eva.

Konfirmasjon

Dei ortodokse kristne gjennomfører som oftast konfirmasjonen – krismeringa – samtidig med dåpen. Presten salvar dåpsbarnet med korsteiknet på panna til barnet, auge, øyre, nasebor, brystkasse, rygg, hender og føter.

I nokre ortodokse samfunn blir det gjennomført ei “ungdomsvelsigning” når barna er 14-15 år gamle. Dette er berre bøn for den enkelte, og ikkje ei konfirmasjonshandling.

Skriftemål

Under skriftemål erkjenner den kristne syndene sine. Dei ortodokse blir oppfordra til å skrifte med jamne mellomrom.

Sjukesalving

Presten salvar den sjuke med heilag olje, og ber for at den sjuke skal bli frisk igjen.

Ordinasjon

Ordinasjon er innsetjing av ein prest. Det er berre menn som kan bli ordinerte. Dersom dei er ordinerte før dei giftar seg, må dei leve ugifte. Menn som allereie er gifte, kan bli ordinerte.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Ortodoks dåp
Ortodoks dåp

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!