Det sårbare demokratiet

Mange tek demokratiet for gitt, men demokratiet er ganske sårbart. Fleire land i verda opplever at ein går bort frå folkestyre til meir autoritære og diktatoriske styresett. Men finst det andre måtar å skape folkestyre på enn dagens demokrati?

Accessibility icon Det sårbare demokratiet

Står demokratiet for fall?

Fleire demokrati har vorte skaka det siste tiåret. Det har vore misnøye med den politiske styringa og økonomiske kriser. Vi har sett politiske leiarar som ønskjer å gå tilbake til autokrati. Autokrati betyr at  enkeltpersonar, eller ei lita gruppe, har mesteparten av makta. Folk flest mister stemmeretten og påverknadskrafta dei har i eit demokrati.

Lita støtte

I den vestlege verda er støtta til demokratiet på sitt lågaste sidan andre verdskrigen. Det gjer at mange ikkje engasjerer seg i politiske val eller ikkje bruker stemmeretten sin. Viss dette held fram, vil berre halvparten av innbyggjarane i Vesten stemme om fem år.

Kva vil styre oss?

Forsvinn demokratiet? Kva vil i så fall erstatte det? Blir det diktatur som frå begynnelsen av førre hundreår? Eller er det kunstig intelligens som vil styre oss i framtida?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En mann styrer mange mennesker med tråder.
En mann styrer mange mennesker med tråder.

Lærer vi noko av historia?

Mykje av det som skjer i verda i dag, har skjedd før. Men lærer vi eigentleg noko av historia? Folk flest ønskjer å leve trygt og godt. Dei vil bestemme over sitt eige liv. Kvifor er det då så mange som opplever det stikk motsette?

Ulike styreformer

Demokrati er ei styreform som er ulik styreformer som diktatur, anarki og meritokrati. Demokrati har vore meir unntaket enn regelen. Mange land og område har ofte vorte styrte av oligarkar, despotar og diktatorar.

Diktatorar og oligarkar

Eit diktatur blir ofte styrt av éin person, slik som diktatoren Adolf Hitler i Tyskland under 2. verdskrigen. Folk flest fekk ikkje vere med og bestemme. Eit diktatur kan òg bli styrt av oligarkar. Det er når ei lita gruppe sit med makta. Mange av desse statsleiarane var og er despotar – som betyr brutale og valdelege leiarar.

 

Anarki og meritokrati

I eit anarki som styringsform har ingen overordna makt. Samfunnet blir styrt gjennom samarbeid og eit ønske om fri vilje. Eit meritokrati blir styrt av dei med spesielle evner og ferdigheiter. Dette er ei svært sjeldan styreform!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!