Det store energi-dilemmaet
Auka levestandard kan føre til høgare energiforbruk. Kva gjer vi då når vi ønskjer at alle skal ha god livskvalitet, samtidig som vi ønskjer å ta vare på kloden vår?
Kva vil du ofre?
Vi treng energi for å produsere mat og for å leve trygt og godt. Ville du byte ut mobilen din, eller varme i huset, for at nokon andre i verda kunne fått eit betre liv?
Lite fornøyd kvinne under dyna med lue på.
Energi er viktig for alle
Alle menneske treng noko som kan lage energi. Anten det er for å varme opp huset sitt eller lage mat. Di høgare levestandard vi har, dess meir energi brukar vi. For at fleire i verda skal få betre levestandard, må vi bruke meir energi. Det beste er å bruke fornybare energikjelder som vatn, vind og sol. Ikkje bruke opp olje, kol og gass. Dette er ikkje-fornybare energikjelder.
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Kva blir energien brukt til?
I industriland blir det meste av energien brukt til fabrikkar, matproduksjon, transport og private heimar. I utviklingsland blir det meste av energien brukt til matproduksjon.
Mange kjelder til energi
Energi er ikkje berre elektrisitet, som mange trur. Energi er «evna til å utføre arbeid». Det betyr at det er mange kjelder til energi. Desse er delt i to hovudgrupper: fornybare energikjelder og ikkje-fornybare energikjelder.
Høyspentkabler som går gjennom et landskap.
Utviklingsland
Dei mest vanlege energikjeldene i verda er olje, kol og gass. Alle desse energikjeldene slepp ut farlege gassar som øydelegg klimaet. I utviklingsland blir det brukt mykje kol. Det er den billigaste og enklaste kjelda til energi.
Industriland
I industriland brukar vi stadig meir solkraft, vindkraft og vasskraft. Dette er fornybare energikjelder, og dei slepper ikkje ut farlege gassar. I Noreg kjem over 60 prosent av energien frå slike energikjelder. Til samanlikning produserer Russland berre 3 prosent fornybar energi. USA ligg på berre 10 prosent.
Vannkraftverket i Gudbrandsdalen
Energibruk og klima
Energiforbruket til menneske er med på å øydeleggje klimaet. Spesielt bruken av ikkje-fornybare energikjelder. Mange land har derfor skrive under Paris-avtalen. Denne avtalen vart vedteken i 2015 og set krav til alle land. Alle skal jobbe for eit betre klima, og vi skal hjelpe utviklingsland til å bruke energien meir effektivt.
For å nå måla som vart sette i Paris-avtalen, er det ikkje berre å ta i bruk fleire fornybare energikjelder, då?
📷 Canadas statsminister Justin Trudeau var ein av dei mange statsleiarane som signerte Paris-avtalen i 2016.
Canadas statsminister Justin Trudeau signerer Paris-avtalen i 2016
Mobiltelefonen med bakdelen tatt av
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
UN Photo / Amanda Voisard
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-