Det store energi-dilemmaet
Auka levestandard kan føre til høgare energiforbruk. Kva gjer vi då når vi ønskjer at alle skal ha god livskvalitet, samtidig som vi ønskjer å ta vare på kloden vår?
Kva vil du ofre?
Energi er viktig for mellom anna livskvalitet, levestandard, matproduksjon og velferdsutvikling. Ville du byte ut mobilen, favorittretten din eller varme i huset for at nokon andre i verda skulle fått betre levestandard?
Lite fornøyd kvinne under dyna med lue på.
Energi er viktig for alle
Energi er ein føresetnad for utvikling. Anten det er «fornybare energikjelder» eller «ikkje-fornybare energikjelder». Tilgang på energi er viktig for å ha ein høg levestandard. Di høgare levestandard, dess meir energi blir brukt. Høg levestandard betyr at vi har gode moglegheiter til å leve gode liv. Det betyr òg at di fleire land som får høgare levestandard, dess meir energi treng vi.
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.
Kva blir energien brukt til?
I Noreg står industri og bergverk for det største forbruket av energi, etterfølgt av transport og private heimar. Det same gjeld i dei andre industrilanda. I utviklingsland er det i stor grad matproduksjon som brukar mest energi.
Mange kjelder til energi
Mange tenkjer kanskje på elektrisitet når vi snakkar om energi, men definisjonen på energi er «evna til å utføre arbeid». Det betyr at det er mange kjelder til energi. Desse er delt i to hovudgrupper: fornybare energikjelder og ikkje-fornybare energikjelder.
Høyspentkabler som går gjennom et landskap.
Utviklingsland
Dei mest vanlege energikjeldene i verda er olje, kol og gass. Dette er fossilt brensel. Alle desse energikjeldene slepper ut klimagassar som har store konsekvensar for klimaet. I utviklingsland er spesielt kol ei viktig energikjelde. Kol er den billigaste og enklaste kjelda til energi.
Industriland
I industriland brukar vi stadig meir energikjelder som er fornybare. Solkraft, vindkraft og vasskraft er alle kjelder til energi som ikkje slepper ut klimagassar. Desse energikjeldene kan vi heller ikkje bruke opp. I Noreg kjem heile 62 prosent av energien frå fornybare energikjelder – mellom anna vasskraft. Til samanlikning produserer Russland berre 3 prosent fornybar energi, og USA berre 10 prosent.
Vannkraftverket i Gudbrandsdalen
Energibruk og klima
Energibruk er den største kjelda til klimautslepp. Rundt to tredjedelar av klimagassane kan knyttast til bruk av fossilt brennstoff for å lage energi. Mange land har skrive under Paris-avtalen. Med denne avtalen har ein blitt einige om å jobbe for eit betre klima. Er det ikkje berre å bruke fleire fornybare energikjelder, då, for å nå desse måla?
For å nå måla som vart sette i Paris-avtalen, er det ikkje berre å ta i bruk fleire fornybare energikjelder, då?
📷 Canadas statsminister Justin Trudeau var ein av dei mange statsleiarane som signerte Paris-avtalen i 2016.
Canadas statsminister Justin Trudeau signerer Paris-avtalen i 2016
Mobiltelefonen med bakdelen tatt av
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
UN Photo / Amanda Voisard
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-