
en jente flyr på egenhånd rundt i en by
Identifiser dine eigne sterke sider
Neste gong nokon spør kva du er god til, bruk moglegheita til å reflektere over dine «superkrefter». Desse superkreftene fortel mykje om potensielle yrke du kan utforske og trivast i som voksen.
Ved å forstå desse sterke sidene, kan du betre identifisere kva du er god til og kva du kanskje ønskjer å utvikle vidare. Desse er ikkje berre nyttige i skulen, men vil òg hjelpe deg i dagleglivet og i framtida.
På dei neste sidene får du presentert nokre ulike former for sterke sider.

en gutt sitter å tenker på å bli sterk

En jente sitter å leser med forstørrelsesglass
Kommunikative sider
Kommunikasjon og interaksjon
- Kva det betyr: Å kunne snakke klart og tydeleg så andre forstår deg, og å kunne lytte når andre snakkar. Det er som å vere ein god forteljar og lyttar i ei samtale.
- Eksempel: Å forklare spelereglar til ein venn, eller å lytte aktivt når nokon fortel korleis dei har hatt det i helga.

en gutt står å snakker selvsikker foran medelevene sine
Digitale sider
Digital kompetanse
- Kva det betyr: Å vite korleis ein bruker datamaskinar, nettbrett og andre teknologiar trygt og effektivt.
- Døme: Å bruke ein app for å lage digitale notatar til skulearbeidet eller å setje opp eit sikkert passord.

En jente som sitter å jobber på en pc

En gjeng med gutter som spiller fotball på en fotballarena

To glade jenter som klatrer. Hun ene hjelper hun andre oppover.

En gutt som står foran en blå himmel og tenker stort. Har på skjorte og dressjakke
Kreative sider
Kunstnerisk eller musikalsk talent
- Kva det betyr: Evna til å spele musikk, synge, danse, teikne eller lage kunst.
- Døme: Å spele i skulebandet, eller å måle eit bilde som uttrykkjer kjenslene dine.

Tre jenter som synger og spiller gitar
Fysiske sider
Atletiske ferdigheiter og fysisk uthaldenheit
- Kva det betyr: Å vere god i sport eller andre fysiske aktivitetar som krev styrke, hurtigheit og uthaldenheit.
- Døme: Å vere ein del av skulen sitt fotballag eller delta i langdistanseløp.
Kva for sterke sider kjenner du deg igjen i?

En gutt som er stolt etter å løpt på en friidrettsbane
Eit kart for framtida
Å kjenne dei sterke sidene dine er som å ha eit kart som viser veg til moglege framtider. Ved å forstå og utvikle desse sterke sidene, kan du navigere i utdanningsval og karrierevegar med større tryggleik og entusiasme.
Neste gong du tenkjer på kva du er god til, hugs at dei unike superkreftene dine er nøklane til den framtidige suksessen din!
Ved å fokusere på og utvikle desse sterke sidene, vil de ikkje berre førebu dykk for framtidige yrke, men også lære viktige livsferdigheiter som vil hjelpe dykk gjennom heile livet.