Dugnad for fellesskapet

Kva er eigentleg dugnad, og må vi stille opp viss nokon spør om det?

Accessibility icon Dugnad for fellesskapet

Velkomen til dugnad!

Finn fram spadar og raker, og ta i eit tak for fellesskapet!

Har du blitt innkalla til dugnad nokon gong? Kanskje av skulen, idrettslaget, eller i gata der du bur? Det blir forventa at du møter opp, er positiv og tar eit tak for fellesskapet.

Voksen person raker løv i hagen.
Voksen person raker løv i hagen.

Noregs nasjonalord

I 2004 vart ordet  «dugnad» kåra til Noregs nasjonalord. Orda «matpakke», «hæ?» og «koseleg» var òg med i konkurransen.

Ordet «dugnad» kjem av det norrøne ordet «dugnaðr». Det betyr å hjelpe kvarandre.

Ungdommer plukker søppel på en strand
Ungdommer plukker søppel på en strand

Kva er dugnadsarbeid?

Det kan vere mange årsaker til at ordet  «dugnad» fekk prisen og vart Noregs nasjonalord. Mange nordmenn ønskjer å identifisere seg med verdiane til dugnaden. Vi vil vere hjelpsame, varme medmenneske og ikkje berre vere opptekne av økonomisk profitt.

Med økonomisk profitt meiner vi løn i form av pengar eller gåver. Under ein dugnad skal jobben bli gjort frivillig. Dei som deltek får ingenting, men kan ha nytte av resultatet.

Er du med på å rydde ei badestrand for søppel, kan du bade utan å trakke på noe skarpt. Er du med på å måle samfunnshuset, vil du kunne glede deg over at huset ser bra ut. Viss du rakar lauv i parken, kan du kose deg der og spele ball eller ha piknik.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre barn plukker søppel i skogen med grønne sekker og gripeklør.
Tre barn plukker søppel i skogen med grønne sekker og gripeklør.

Kva er dugnadsånd?

Med god dugnadsånd meiner vi at du er positiv til både innkallinga og arbeidet som skal gjerast. Du inspirerer dei andre i gruppa og tenkjer at viss alle bidrar, då blir resultatet bra.

Ein for alle, alle for ein

Ordtaket «ein for alle, alle for ein» kan beskrive ei god dugnadsånd. Det éin gjer, gjer hen for alle. Det alle gjer, gjer dei òg for den eine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.
En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.

Ein viktig del av norsk kultur

I Noreg er dei aller fleste skular, barnehagar og idrettsanlegg felleseige og eid av staten. I lange periodar har Noreg hatt ein sterk stat og lite privatisering. Kan dette vere ei av årsakene til at dugnad har vorte ein viktig del av norsk kultur?

Etter andre verdskrigen måtte landet bli bygt på nytt. Vi var avhengig av ei sterk dugnadsånd.  Arbeidet bidrog til å styrke stoltheita og identiteten til nordmenn. Éin ting var dei faktiske resultata, men samarbeidet hadde òg ein høg eigenverdi.

Det same kan vi kanskje oppleve i dag?
Viss alle er med på førebuingane, til dømes før 17. mai, då kan stemninga bli ekstra bra.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fire personer løfter en vegg som skal brukes til å bygge et hus.
Fire personer løfter en vegg som skal brukes til å bygge et hus.

Uskrivne reglar

Til ein dugnad finst det ingen faste reglar, men mange uskrivne reglar. Arrangøren av dugnaden går ut ifrå at alle som deltek, forstår verdien av innsatsen og at alle kan få glede av resultatet.

Alle er litt sjef

Ein dugnad har ofte ein flat struktur. Det betyr at alle som deltek, er litt sjef. Ofte kan du sjølv bestemme kva for ei oppgåve du vil gjere.

Dugnadskomité

Dei fleste ønskjer seg ein effektiv dugnad. Nokre gongar blir det oppretta ein dugnadskomité. Komiteen kartlegg kva som skal gjerast, kva som skal handlast, kva deltakarane må ta med, og kor mange menneske ein treng for å gjere jobben.

Dugnadskomiteen har òg ansvaret for at deltakarane ikkje blir utsette for fare eller gjer arbeid der det blir kravd ekspertise.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et bord med papirer og kopper, og personer som planlegger noe.
Et bord med papirer og kopper, og personer som planlegger noe.

Dugnadsplikt

I fleire samanhengar vert det snakka om dugnadsplikt. Er ikkje dette ei sjølvmotseiing? Dugnad skal jo vere frivillig og ikkje ei plikt.

Begrepet “dugnadsplikt” kan til dømes bli brukt av eit idrettslag. Det betyr at dei treng at medlemmar og føresette bidreg. Då kan idrettslaget spare pengar og setje ned prisen på  medlemskontingenten. Det gjer at fleire kan ha råd til å melde seg inn i idrettslaget.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fotballtrener forklarer tre gutter hva de skal gjøre med ballen foran to oransje kjegler.
Fotballtrener forklarer tre gutter hva de skal gjøre med ballen foran to oransje kjegler.

Frivillig arbeid = dugnad?

Viss dugnadsplikt er eit begrep, kva er då forskjellen på dugnad, frivillig arbeid og gratis arbeid?

For arbeidet du gjer på jobb, skal du få løn.

Men det er ikkje uvanleg at naboar slår seg saman – i dugnad – og plukkar søppel  og ryddar i nabolaget. Dei fleste seier ja til å delta i dugnad.

Men korleis opplever du det viss naboen spør om du vil plukke søppel åleine?

Kva svarer du viss naboen seier at du skal få løn?

Definisjonene flyt litt i kvarandre, men vi kan skilje dei slik:

  • Frivillig arbeid er arbeid du gjer – uavhengig av andre – for noko du trur på, utan løn.
  • Gratis arbeid er nettopp dét: arbeid utan løn.
  • Dugnad handlar i stor grad om at ein saman jobbar både gratis – og frivillig – for fellesskapet.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En person vi kun ser overkroppen på gir penger til en vi kun ser hånda til.
En person vi kun ser overkroppen på gir penger til en vi kun ser hånda til.

Dugnad i andre land

Ordet «dugnad» er typisk norsk. Også andre land har dugnad. I Estland heiter det «talgud». I Latvia heiter det «talkot». På finsk heiter det «talkoot».

«Barn raising»

Engelskmennene har eit eige ord for det å kalle inn til dugnad for å byggje ein låve. Det heiter ‘barn raising’.

Bonden sjølv kan gi deltakarane mat og drikke.

Dette er reglar som ikkje står skrivne nokon stad, men som er baserte på tillit, samvit, etikk og moral.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Reisverket på en ny låve som bygges.
Reisverket på en ny låve som bygges.

«Koronadugnad»

Då koronapandemien kom til Noreg våren 2020, sa myndigheitene at alle måtte vere med på ein felles dugnad. Det norske folket skulle ikkje stille med spadar og river, men bruke munnbind, halde avstand og passe på hygienen.

Då regjeringen valde å bruke ordet «dugnad», var tanken god. Men ein vanleg dugnad betyr felleskap. Koronadugnaden bidrog til isolasjon. Samhald vart bytt ut med einsemd.

Var det rett å bruke ordet «dugnad»? Bidrog ordet til auka samhald? Kva tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung mann stående på toget med munnbind.
Ung mann stående på toget med munnbind.

Kjelder:

  • Nordbø, Børge: dugnad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. januar 2022 frå https://snl.no/dugnad

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images