Læreplantilkobling

Fag

Samfunnskunnskap

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling
  • Identitet og livsmeistring

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
10. trinn
Samfunnsfag
  • vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor

Dugnad for fellesskapet

Kva er eigentleg dugnad, og må vi stille opp viss nokon spør om det?

Accessibility icon Dugnad for fellesskapet

Velkomen til dugnad!

Bli med og ta eit tak for fellesskapet!

Har du blitt innkalla til dugnad? Fekk du invitasjon av skulen, idrettslaget eller naboane?

Voksen person raker løv i hagen.

Noregs nasjonalord

Ordet  «dugnad» er Noregs nasjonalord. Ordet vann konkurransen i 2004 og kom før «matpakke», «hæ?» og «koseleg».

På norrøn tid heitte det «dugnaðr». Det betyr å hjelpe kvarandre.

Ungdommer plukker søppel på en strand

Kva er dugnadsarbeid?

Mange nordmenn liker ordet “dugnad”.
Det viser at vi ønskjer å vere hjelpsame og varme menneske og at vi ikkje berre er  opptekne av pengar.

Økonomisk profitt betyr løn i form av pengar eller gåver. På ein dugnad skal deltakarane bidra frivillig. Dei får ikkje løn.
I staden for løn kan dei få nytte av resultatet.

Du kan til dømes vere med å rydde ei badestrand. Då kan du bade utan å trakke på noko skarpt.
Ein anna oppgåve kan vere å måle samfunnshuset. Då kan du glede deg over at huset ser bra ut.
Viss du rakar lauv i parken, kan du kose deg der. Du kan spele ball eller ha piknik.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre barn plukker søppel i skogen med grønne sekker og gripeklør.

Kva er dugnadsånd?

God dugnadsånd betyr å vere positiv til å bidra. Du forstår at når alle bidreg, blir resultatet best.

Ein for alle, alle for ein

Ordtaket «ein for alle, alle for ein» beskriv ei god dugnadsånd.
Jobben du gjer, bidreg til at alle får det betre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.

Ein viktig del av norsk kultur

Staten eig dei fleste skular, barnehagar og idrettsanlegg i Noreg. Det betyr at stadene er felleseige.
Kanskje er dette ei av årsakene til at dugnaden står sterkt i Noreg?

Etter andre verdskrigen var det ei sterk dugnadsånd i Noreg. Landet måtte bli bygt på nytt, og alle måtte bidra.

I dag kan vi kanskje oppleve noko av det same? Viss alle er med og planlegg 17. mai, då kan stemninga bli ekstra god.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fire personer løfter en vegg som skal brukes til å bygge et hus.

Uskrivne reglar

Til ein dugnad er det mange uskrivne reglar.
Arrangøren forventar at alle gjer ein jobb.

Alle er litt sjef

Ein dugnad har ofte ein flat struktur. Det vil seie at alle som deltek, er litt sjef.
Ofte kan du gjere den jobben som passar deg best.

Dugnadskomité

Dei fleste ønskjer ein effektiv dugnad. Då kan det lagast ein dugnadskomité. De bestemmer kven som skal gjere kva.

Dugnadskomiteen har òg ansvaret for at deltakarane ikkje blir utsette for fare.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et bord med papirer og kopper, og personer som planlegger noe.

Dugnadsplikt

Ordet dugnadsplikt kan verke som ei sjølvmotseiing.  Dugnad skal vel vere frivillig, og ikkje ei plikt?

Ordet “dugnadsplikt” blir brukt når nokon verkeleg treng gratis hjelp. Då kan til dømes idrettslaget spare pengar. Og då kan dei setje ned prisen på medlemskontingenten. Det betyr at fleire kan ha råd til å vere medlem i klubben.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fotballtrener forklarer tre gutter hva de skal gjøre med ballen foran to oransje kjegler.

Frivillig arbeid = dugnad?

Kva er forskjellen på dugnad, frivillig arbeid og gratis arbeid?

Er du på jobb, då skal du få løn.

Men det er ikkje uvanleg at naboar slår seg saman – i dugnad – og plukkar søppel i nabolaget.

Viss naboen din spør om du vil plukke søppel åleine, kva svarer du då?

Eller om naboen din seier at du skal få pengar for jobben.

Svarer du noko anna no?

Orda flyt litt i kvarandre. Vi kan skilje dei slik:

  • Frivillig arbeid er arbeid du gjer – uavhengig av andre – for noko du trur på, utan løn.
  • Gratis arbeid er nettopp dét: arbeid utan løn.
  • Dugnad handlar i stor grad om at ein saman jobbar både gratis – og frivillig – for fellesskapet.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En person vi kun ser overkroppen på gir penger til en vi kun ser hånda til.

Dugnad i andre land

Ordet «dugnad» er typisk norsk. Andre land har òg dugnader. I Estland heiter det «talgud». I Latvia heiter det «talkot». På finsk heiter det «talkoot».

«Barn raising»

På engelsk heiter det ‘barn raising’.
Det betyr å byggje ein låve saman.

Bonden kan kalle naboane inn til dugnaden. Bonden sjølv bidreg med mat og drikke til alle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Reisverket på en ny låve som bygges.

«Koronadugnad»

I 2020 kom korona til Noreg. Myndigheitene sa at alle måtte vere med på ein dugnad. Då skulle alle bruke munnbind, halde avstand og passe godt på hygienen.

Vanleg dugnad består av eit felleskap. Under korona gjorde dugnaden til at mange vart isolerte. Samhald vart bytt ut med einsemd.

Var det rett å bruke ordet «dugnad»? Tiltaka førte menneske frå kvarandre og ikkje saman. Eller var det rett bruk av ordet? Fekk vi auka samhald, trass i fysisk avstand? Kva tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung mann stående på toget med munnbind.

Kjelder:

  • Nordbø, Børge: dugnad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. januar 2022 frå https://snl.no/dugnad

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images