Ein himmel full av stjerner og planetar
Har du sett opp på nattehimmelen og tenkt på kor stort universet faktisk er? Med ein stjernekikkert kan du sjå nærmare på månen og andre planetar, men kva planetar og stjerner finst der oppe?
Big bang
Verdsrommet er ufatteleg stort. Ingen veit heilt sikkert korleis det oppstod.
Mange forskarar meiner at verdsrommet og solsystemet vårt vart til etter ein kraftig eksplosjon. Dette blir kalla for «Big bang», og det skjedde for 14 milliardar år sidan. Etter kvart samla støv og gass seg til planetar og stjerner.
Big bang
Solsystemet
Sola er ei stjerne
Sola er ei stjerne, og ho er ufatteleg varm. Ho er 150 millionar kilometer frå jorda. Sola gir oss lys og varme, og sørgjer for at vi har flytande vatn på jorda.
Jorda roterer rundt seg sjølv, samtidig som ho går i bane rundt sola. Dette gjer at vi får natt og dag. Viss jorda ikkje hadde rotert, ville vi hatt éin dag og éi natt i året. Begge ville vore på eit halvt år.
Dei gongene vi er nærmast sola, får vi sommar. Andre gonger er vi lenger frå, og då får vi vinter.
globus
Kjelder:
- Grøn, Øyvind; Elgarøy, Øystein: big bang i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/big_bang
- Ringnes, Truls: Melkeveien i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/Melkeveien
- Ringnes, Truls; Hammerstrøm, Maria; Aksnes, Kaare: solsystemet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/solsystemet
- Engvold, Oddbjørn: Sola i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/Sola
- Aksnes, Kaare; Hammerstrøm, Maria: Månen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/Månen
Bilde- og videorettar:
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images