Eit rush av lykke

Kva gjer deg glad? Livet er fullt av augneblink som gir oss eit rush av lykke, ei kriblande kjensle som gjer det umogleg å ikkje smila breitt eller hoppe av glede.

Kva er lykke for deg?

Kva som gjer oss lykkelege, varierer frå person til person. Likevel finst det ein del ting som mange menneske liker. Desse skal vi sjå nærare på i denne teksten.

Glede over trening

Det kan vere tungt å komme i gang, men mange opplever at trening gir dei glede og energi. Når vi trenar, frigjer kroppen endorfin som dempar ubehag og gjer oss glade. Trening dempar også stress fordi kroppen produserer mindre stresshormon når vi bevegar oss.

Ofte er det koseleg å trene fordi vi trenar med gode venner. Dessutan er det gøy å klare noko ein har øvd på lenge. Ein annan ting er at vi søv betre når vi har brukt kroppen. 

Har du høyrt om «runner´s high»? 

Når ein trenar lange økter, til dømes når ein spring langt, lagar kroppen endorfin for å dempe smerte og hjelpe oss å presse oss endå hardare. Det gir oss eit skikkeleg lykkerush som gir oss lyst til å springe langt neste gong òg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Finn glede i naturen

Mange blir glade av å vere ute i naturen. Her kan ein få frisk luft, nyte sola, kjenne regnet i ansiktet og fryde seg over vakre solnedgangar og flotte landskap. 

Ute i naturen er det lettare å kople av og la tankane vandre. Mange blir rolegare når dei er ute i naturen. Viss ein går eller joggar ein tur, får ein brukt kroppen, og viss ein tek med seg ein venn, kan det bli endå koselegare.

Fellesskap er viktig

Menneske er sosiale vesen som liker å vere saman med andre. Tenk på kjensla du får når du og vennen din ler av ein dårleg vits, eller når laget ditt skårar i ein viktig kamp. Når vi har det bra saman med andre, gir det oss ei kjensle av fellesskap.

Musikk

Visste du at du kan bli glad av å lytte til musikk du liker? Set på yndlingslåta di, og kjenn kva det gjer med deg! Musikk kan dempe stress og uro fordi lykkehormona til kroppen blir sette i sving. Viss du er nedfor, kan det vere freistande å setje på trist musikk, men kanskje det er betre å setje på ein gladlåt for å snu kjenslene?

Le deg glad

Den enklaste måten å frigjere endorfin på, er rett og slett å le. Det er viktig å le lenge og ofte, anten åleine eller saman med andre. Det er vanskeleg å seie om ein god latter verkeleg forlengjer livet, men latter gjer oss i alle fall gladare!

Meistre noko nytt

Mange blir også glade av å lære noko nytt. Hugsar du kor stolt du vart første gongen du klarte å knyte di eiga skolisse eller sykle utan støttehjul?

Set deg eit mål

Det kan kjennast godt å jobbe mot eit mål. Ofte opplever ein både oppturar og nedturar undervegs. Nedturane kan vi snu til noko positivt viss vi lærer av dei. Når vi endeleg når målet, kjennest det skikkeleg bra.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ei god gjerning

Det å gjere noko for andre kan også gi oss mykje glede. Å sjå eit ansikt lyse opp på grunn av noko vi har gjort, kan gi ei sterk lykkekjensle. Det kjennest bra når andre set pris på oss for den vi er. Berre prøv sjølv! Gjer nokon andre glad, og kjenn kor godt det kjennest for deg òg.

Prøv sjølv

No har du lese om fleire ting som kan gi oss glede og lykkekjensle. Kva for nokre av desse tinga gjer deg glad? Prøv nokre av dei neste gong du er litt nedfor, så kanskje dagen din blir betre. Vi håpar denne lista kan hjelpe deg å få eit skikkeleg lykkerush!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay