Ekstremvêr

Ekstremvêr er vêr som er litt annleis og kraftigare enn det normale. Korleis oppstår ekstremvêr, og kva er koplinga til klimaendringane?

Accessibility icon Ekstremvêr

Ekstremvêr

Ekstremvêr er rett og slett vêr som er litt annleis enn det normale: uventa haglskurer, alvorlege overfløymingar og farlege hetebølgjer. 

Dei fleste forskarane meiner at meir ekstremt vêr skuldast det vi kallar global oppvarming. Når temperaturen på jorda blir høgare, er det større fare for meir øydeleggjande og kraftig vêr. 

Lyn over byen St. George

Ulike typar ekstremvêr

Støvstorm

Støvstormar oppstår i tørre område der sterk vind lett kan virvle opp laus jord. Vinden feiar med seg bittesmå partiklar, som slam, leire og støv. Alt dette blir til ei stor, tett støvsky. Dårleg sikt gjer det umogleg å køyre bil. Støvstormar varer kanskje berre nokre få minutt, men kan føre til alvorlege bilulykker. 

Sandstorm
Sandstorm
Skogbrann

Når kraftig tørke og varme tørkar ut planter og tre på ein stad, kan det starte brannar som spreier seg raskt. Skogbrann kan oppstå på alle kontinent, men ikkje Antarktis. 

Skogbrann, Colorado
Skogbrann, Colorado
Lynflaum

Lynflaumar oppstår når lågt land fløymer over raskt. Det kan komme av mykje regn eller snøsmelting. Lynflaumar kan oppstå som følgje av torebøyer som held seg i eitt område, eller av storm. 

Dei fleste flaumar kjem når ekstremt mykje regn får elvane til å fløyme over. Dei kan òg oppstå når springflo, det vil seie høgvatn, eller store bølgjer slår inn over land. Flaum kan skade hus, forureine drikkevatnet og spreie sjukdommar. 

Oversvømmelse, Pacific Junction, Iowa
Oversvømmelse, Pacific Junction, Iowa
Hagl

Hagl oppstår i toreskyer. Haglkorn er oftast på storleik med ei ert, men kan bli store som ein golfball! Dei kan øydeleggje avlingar, knuse vindauge og til og med skade menneske. 

Slik blir lyn til 

Dersom det blir veldig varmt langs bakken, vil den oppvarma og fuktige lufta stige opp. Når ho kjem opp i høgda, blir lufta kjølt ned, og fukta blir til iskrystall. 

Iskrystalla byrjar falle nedover gjennom den varme og fuktige lufta som stig opp. 

Då oppstår statisk elektrisitet. Det betyr at elektriske ladningar blir flytte frå eit objekt til eit anna. 

På denne måten blir skyene ladde opp negativt på botnen og positivt på toppen. Samtidig blir bakken ladd med ei positiv ladning. Lyn oppstår når spenninga mellom den negative og positive ladninga blir så stor at det oppstår ein gneiste imellom dei. 

Det er ikkje berre skyer som er årsak til lyn og tore. Sandstormar, vulkanutbrot og skogbrannar kan også generere statisk elektrisitet i atmosfæren som kan framkalle lyn. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hetebølgjer

Ei hetebølgje er ein periode med uvanleg varmt eller fuktig vêr – som held fram gjennom nettene – og som påverkar store område. Hetebølgjene kjem av eit system med høgt atmosfærisk trykk (lufttrykk), der luft frå dei øvre delane av atmosfæren sig nedover og roterer ut. 

Idet lufta sig ned, blir ho pressa saman, og dermed aukar temperaturen. Den utgåande straumen av luft gjer det vanskeleg for andre vêrsystem å komme inn i området. Storleiken og den låge farten på den varme lufta gjer at hetebølgja kan vare i dagevis eller vekevis. Mangelen på skyer betyr at det aktuelle området ligg under kraftig sollys. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Global oppvarming konsept
Global oppvarming konsept
Tørke

Når det forsvinn meir vatn enn det som kjem som regn, blir det tørke. Jorda tørkar ut, grunnvatnet søkk, og det regner ikkje. Tørke kan øydeleggje avlingar og gjere det vanskeleg for menneske som er avhengige av jordbruk, fiske eller husdyr. Tørke kan føre til svolt, krig og dødelege sjukdommar. 

Ørken
Ørken

I følgje FN så er det svært sannsynleg at det i heile verda har vore ein samla auke i talet på varme dagar og netter sidan 1950. Samtidig har det i same periode vore ein samla nedgang i tale på kalde dagar og netter.

FNs klimapanel reknar det også som sannsynleg at det sidan 1950 har blitt meir vanleg med hetebølgjer, ekstrem nedbør og flaum i meir enn halvparten av landområda som vi har målingar for. 

For å seie noko sikkert om ekstremvêr, er ein svært avhengig av å ha eit godt nettverk av målestasjonar som dekkjer fleire stader i verda. Mange stader finst det ikkje slike målestasjonar, og difor kan vi berre seie noko om dei stadene som vi har kunnskap frå. 

Fordi ekstremvêr ofte treffer svært lokalt, vil det også vere vanskeleg å overføre denne kunnskapen til større område. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ekstrem vær
Ekstrem vær

Kjelder:

  • Ekstremvær (2015)
    Orage Forlag
     AS
  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. iStock