Eldre litteraturhistorie på null komma niks:
Del 2: Renessansen
Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for si store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hjel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida
Eldre tekstar kan lære oss mykje om samfunnet på den tida dei vart skrivne. Eldre litteratur er som ein nøkkel til å forstå kva idear, tankar og verdiar som var viktige den gong. Vi blir kjende med menneske som voks opp under andre forhold enn vi gjer no.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Litteratur blir delte inn i historiske periodar
Eldre litteratur blir delte inn i ulike litteraturhistoriske periodar. Dei ulike periodane vart prega av tankane i den tid og syn på verda. Mange av desse kjenneteikna finn ein òg i kunst, musikk og arkitektur.
Dette er den andre teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Den handlar om renessansen.
Renessansen
“For eit meisterverk mennesket er! Så opphøgd i fornufta si! Så uavgrensa i evnene sine!” Dette er ord frå skodespelet «Hamlet» som vart skrive av William Shakespeare. Denne skildringa viser korleis dei såg på mennesket i renessansen. Renessansen starta i Italia rundt 1350 og spreidde seg til store delar av Europa. Den varte fram til 1600.
📷 William Shakespeare
Fargerikt takmaleri der jomfru Maria er på vei opp mot himmelen omgitt av mange engler.
Gammelt bibliotek med takmalerier og fulle bokhyller på hver side av rommet.
Tankar og kjensler
I 1605 gav den spanske forfattaren Miguel de Cervantes ut «Don Quijote». Boka blir seinare sett på som Vestens første moderne roman. Tittelen er namnet på hovudpersonen. Han er ein forvirra adelsmann som innbiller seg at han er ein riddar som skal redde verda. Den svært synlege eg-forteljaren og innblikket lesaren får i tankane og kjenslene til hovudpersonen, fortel oss kor viktig det indre mennesket var i renessansen.
Don Quijote på hest og Sancho Panza på esel stående ved siden av en vindmølle i solnedgang.
Maleri der en hvitkledd og livredd Ophelia står foran kongen og dronningen mens hun blir holdt hardt i armen av en mann med røde klær.
Å vere…menneske
Å vere, eller ikkje vere, spør den forvirra Hamlet. Noko vi kanskje òg spør oss i dag? Ein ting er sikkert. Sjølv om Hamlet levde på 1600-talet, kan han lære oss noko. Det sørgjer litteraturen for. Kven veit? Kanskje du er den neste? Den som viser korleis det er å vere menneske i 2023? Uttrykt med kjenslene dine, tankar og ord.
Nærbilde av en ung hånd som skriver med blyant på en skriveblokk.
Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Kjelder:
- Smidt, Kristian: Hamlet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2023 frå http://snl.no/Hamlet
- Aardal, Jorunn; Falkeid, Unn: Dekameronen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2023 frå https://snl.no/Dekameronen
- Skei, Hans H.: renessansen – litteratur i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2023 frå http://snl.no/renessansen_-_litteratur
- Styve, Per Sigurd Tveitevåg; Bjerkestrand, Nils E.: renessansen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2023 frå http://snl.no/renessansen
- Sparre, Knut Enger: Don Quijote i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2023 frå http://snl.no/Don_Quijote
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Benjamin West 1792 / Public domain
-
Getty Images
-
Getty Images
-