Eldre litteraturhistorie på null komma niks:

Del 3: Barokken

Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?

Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.

Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida

Eldre tekstar kan lære oss mykje om samfunnet på den tida dei vart skrivne. Eldre litteratur er som ein nøkkel til å forstå kva idear, tankar og verdiar som var viktige den gongen. Vi blir kjende med menneske som voks opp under andre forhold enn vi gjer no.

Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.

Litteratur blir delt inn i historiske periodar

Eldre litteratur blir delt inn i ulike litteraturhistoriske periodar. Dei ulike periodane er prega  av tankane i tida og synet på verda. Mange av desse kjenneteikna finn ein òg i kunst, musikk og arkitektur.

Dette er den tredje teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Denne handlar om barokken.

Barokken

Menneske i renessansen viste ei begeistring over å vere menneske som kunne utforske verda. Menneskesynet til barokken på 1600-talet blir ein kontrast til dette. “Dagen viker og går bort. Himmelen blir tung og sort. Solen har oss alt forlatt. Nær oss er den mørke natt.” Dette er eit vers frå den kjende salmediktaren Dorothe Engelbretsdotter. Salmen seier mykje om korleis mennesket såg på verda i barokken.

📷  Dorothe Engelbretsdotter
Papirbakgrunn opp ned
Papirbakgrunn opp ned

Sterk tru på autoritetar

I barokken tok paven og kyrkja tilbake mykje av makta dei hadde hatt tidlegare. Det vart dermed strengare reglar for korleis folk skulle tru på Gud. Dei som bestemte i samfunnet, meinte dei hadde fått makta si frå Gud. Derfor måtte folk flest følgje reglane deira og sjå opp til dei. Men Gud stod over alt og alle. Samfunnet vart dermed styrt av autoritetar.

Gud var løysinga

Menneska og tankane i barokken var prega av alvor. Verda kunne opplevast utrygg og farleg. Ein såg på livet på jorda som ein slags mellomstasjon før det evige livet med Gud. Mange lengta derfor etter evig liv og lykke etter døden. Gud var løysinga på alt det vonde.

Sterk gudstru i litteraturen

Litteraturen var prega av sterk gudstru og eit alvorleg syn på livet. Litteraturen skulle formidle religiøse tema. Han skulle òg gi ære til kongar eller Gud sjølv. Den aller vanlegaste sjangeren var salmar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Takmaleri i duse farger der Gud er omgitt av mange små og store engler.
Takmaleri i duse farger der Gud er omgitt av mange små og store engler.

Barokken i Noreg

Barokken kom frå Europa til Noreg i 1680. Vi har fleire forfattarar frå denne perioden. Petter Dass, Thomas Kingo og Dorothe Engelbretsdotter er dei mest kjende. Dorothe Engelbretsdotter var salmediktar, og den første norske kvinnelege forfattaren vi veit om. Ho var òg den første forfattaren i Noreg som fekk lønn frå staten.

Dorothe Engelbretsdotter

Engelbretsdotter sine salmar hadde naturleg nok religiøse tema. Dei var prega av ein sterk lengsel etter døden og himmelen. Engelbretsdotter høyrde til overklassen i samfunnet. Det betydde ikkje at livet hennar var enkelt. Ho opplevde fleire ulykker. Det pregar diktinga hennar. Ho mista mann og sju barn. I tillegg brann huset hennar ned til grunnen. Kanskje ikkje så rart at ho uttrykte eit ønske om eit betre liv etter døden?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Takmaleri i duse farger der mange mennesker, engler og korset er på vei oppover mot himmelen.
Takmaleri i duse farger der mange mennesker, engler og korset er på vei oppover mot himmelen.

I dag må vi eigentleg ikkje tru på noko som helst

I dag lever vi i eit sekularisert samfunn. Det betyr at kyrkja ikkje styrer samfunnet på same måten som tidlegare. Vi kan tru på det vi vil, eller ikkje på tru noko som helst. I barokken var kristendommen den einaste religionen vi hadde i Noreg, og det var ikkje valfridom slik vi har i dag. Det er litteraturen og spesielt salmane eit tydeleg bevis på. Anten trudde du på Gud, elles så var du på veg til fortaping.

Er barokkens tankar framleis relevante?

Det er mange tankar og tema frå barokken som framleis er aktuelle i dag. For Dorothe Engelbretsdatter skriv ikkje berre om himmel og helvete. Ho skriv òg om sorg og sakn, og om ein lengsel etter dei ho har mista. Ho skriv om det å finne tryggleik, bli trøysta og verna. Til alle tider kjenner vi behov for det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En kvinne står med fingrene i ørene og ser opp mot himmelen med et frustrert ansiktsuttrykk.
En kvinne står med fingrene i ørene og ser opp mot himmelen med et frustrert ansiktsuttrykk.

Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Kjelder:

  • Vold, Thurid; Rise, Harald: barokken i Store norske leksikon på snl.no. Henta 16. februar 2023 frå http://snl.no/barokken

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images