Eldre litteraturhistorie på null komma niks:

Del 4: Opplysingstida

Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?

Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.

Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida

Kva treng du for å komme inn i eit hus? Ein nøkkel. Det er nettopp det gamle bøker er. Ein nøkkel til å forstå samfunnet i den tida. Lære om kva idear, tankar og verdiar dei hadde i tida bøkene vart skrivne. Vi blir kjende med korleis folk voks opp før. Vi lærer om korleis forholda var heilt annleis enn dei er no.

Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.

Litteratur blir delt inn i historiske periodar

Litteraturhistorie. Kva betyr det? Det er tekstar som er skrivne frå no og bakover i tid. Historia blir delt inn i periodar. Dei kjenner vi igjen på korleis folk levde. Og kva som var viktig i samfunnet. Det same gjeld for kunsten og musikken. Og for korleis ein bygde hus. Dette er den fjerde teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Denne handlar om opplysningstida.

Ei tid for dei store spørsmåla

Under den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet ropte folk: «fridom, likskap og brorskap». Opplysingstida handla mykje om dette. Folk var lei av å bli behandla dårleg av dei som lagde lovene. Lovene var ikkje rettferdige. Mange følte seg òg urettferdig behandla av Gud og kyrkja. No var tida inne for å tenkje annleis. Våge å stille spørsmål om urettferda.

Kobberstikk av mange pent kledde menn som sitter eller står mens de skriver eller samtaler med hverandre.
Kobberstikk av mange pent kledde menn som sitter eller står mens de skriver eller samtaler med hverandre.

All styresmakt må gå ut frå folket

Etter revolusjonen i Frankrike skreiv nokon ned det vi kallar menneskerettar. I teksten står det mellom anna: «All styresmakt må komme frå folket». Det betyr at folk ønskte demokrati og rett til å bestemme over sitt eige liv. Demokrati er at fleirtalet bestemmer kven som skal styre samfunnet. Om desse ikkje følgjer lovene, kan dei straffast.

Litteratur formidlar farlege tankar

Fleirtalet i Frankrike ønskte forandringar. Dei ønskte at makta skulle bli delt rettferdig, og at alle skulle ha moglegheit til eit godt liv. Forfattarar skreiv mykje om dette. Litteraturen viste at samfunnet kunne endrast med kunnskap og fornuft. Dei som bestemte, likte ikkje dette, og dei kunne straffe dei som skreiv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kobberstikk av en nasjonalforsamling med mange menn.
Kobberstikk av en nasjonalforsamling med mange menn.

Litteraturen kritiserte samfunnet

Forfattaren Ludvig Holberg vart fødd i Noreg. Han budde nesten heile livet i Danmark. Han kritiserte samfunnet med humor og teater. Han våga å kritisere dei som bestemte.

Tidleg fantasy

Ludvig Holberg skreiv romanen «Niels Klims reise til den underjordiske verda». I boka kritiserte han dei som styrte samfunnet. Holberg skreiv det vi i dag kallar fantasy. Det er historier som ikkje kan skje i røynda. Han skreiv om ei underjordisk verd der samfunnet var heilt annleis enn røyndommen. Fantasy har vorte veldig populært i vår tid. Ikkje minst bøkene om Harry Potter og Ringdrotten (Ringenes Herre på bokmål).

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Ludvig Holberg.
Portrett av Ludvig Holberg.

Niels Klims reise til den underjordiske verda

Hovudpersonen Niels Klim er i Bergen. Der fell han ned i eit hol og hamnar i landet Potu. Her er det kvinnene som styrer. Menn arbeider i huset. Alle får tru på det dei vil. Etter kvart blir Niels Klim ein brutal keisar. Folka blir sinte og jagar han bort. Til slutt kjem han tilbake til Bergen.

Samfunnskritikk pakka inn i humor og satire

Romanen skulle lære lesarane noko om samfunnet dei levde i. Holberg brukte humor og fantasi for å kritisere røyndommen. Han var derfor ein modig og viktig forfattar i opplysingstida. Han blir rekna som ein av dei første som skreiv fantasy.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann står på en stor stein i en underjordisk hule der sollyset lyser ned fra huleåpningen.
En mann står på en stor stein i en underjordisk hule der sollyset lyser ned fra huleåpningen.

Litteraturen skulle endre samfunnet

Holberg brukte litteraturen for å kritisere samfunnet. Han skreiv om ytringsfridom, likskap for lova, kjønnsroller og maktfordeling. Litteraturen skulle få folk til å tenkje over problem i samfunnet, og gjere noko med dei. Ytringsfridom er å ha lov til å seie, skrive og meine det du vil.

Portrett av Georg Brandes.
Portrett av Georg Brandes.

Kritisk litteratur er framleis viktig

Det er framleis viktig at forfattarar er kritiske til samfunnet. Maja Lunde har skrive mange bøker. I bokserien «Klimakvartetten» skriv ho kritisk om korleis vi menneske jobbar med klima og miljø.

Zeshan Shakar

I 2022 gav Zeshan Shakar ut romanen «De kaller meg ulven». Han skriv om det å flytte til Noreg frå eit anna land med ein heilt annan kultur. Det kan vere vanskeleg.

Sigrid Agnethe Hansen

Har du fått med deg ungdomsromanen «Ser du dette?»? Den vart skriven av Sigrid Agnethe Hansen i 2020. I romanen ser vi korleis unge har det i det moderne samfunnet vårt. Ikkje minst på sosiale medium.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.
En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.

Holberg har ikkje gått ut på dato

Det er framleis mange forfattarar som kritiserer samfunnet. Målet er det same som på 1700-talet. Litteraturen skal få folk til å diskutere positive og negative sider ved samfunnet.

Blyant med glødende og rykende spiss på sort bakgrunn.
Blyant med glødende og rykende spiss på sort bakgrunn.

Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Kjelder:

  • Drangsholt, Janne Stigen: Zeshan Shakar i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. februar 2023 frå https://snl.no/Zeshan_Shakar

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Offentlig eiendom
    7. Getty Images
    8. Offentlig eiendom
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images