Møt Emil
Emil er ein skuleelev som elskar kunst og å vere kreativ. Han liker å måle, skrive, spele musikk og opptre.
Viss du og liker å teikne, lage dine eigne historier eller stå på scena, kan du vere ein «kunstnarisk» type, akkurat som Emil.

Portrett av Emil

Lyspære

En vei

Lyspære
Tenk utanfor boksen
For deg som er kunstnarisk og liker å vere kreativ, finst det mange spennande jobbar som ikkje berre handlar om å teikne og måle. Her er eit par idear:
- Videospeldesignar: Liker du tanken på å lage dine eigne spel? Som videospeldesignar kan du skape spelverder, lage karakterar og tenkje ut historier. Dette yrket blandar kunst, teknologi og historieforteljing.
- Lyddesignar for teater og film: Er du interessert i lyd og musikk? Som lyddesignar kan du lage lydeffektar og musikk for teaterstykke, filmar og andre kunstuttrykk. Dette er ein måte å vere kreativ med lyd på.
