Energi kjem i mange former

Vi tenkjer kanskje mest på elektrisk straum når vi tenkjer på energi, men energi kan komme i mange former. Kva for nokre energikjelder kan gjere ein positiv forskjell for klimaet?

Accessibility icon Energi kjem i mange former

Energi kjem i mange former

Kanskje er det mest elektrisk straum vi tenkjer på med energi, men han kan komme i mange former. Energi kan aldri oppstå eller forsvinne, men kan gå over til andre former.. Når du spring, skaper du rørsleenergi eller kinetisk energi. Det blir skapt ein kjemisk energi når vi et mat. Tenk deg at du først et og så spring – då går energien frå kjemisk til kinetisk energi.

Vi får mest energi frå sola. Ho er ei fornybar energikjelde. Solenergi sørgjer for krinsløpet til vatnet, vind, bølgjer og fotosyntese. Dei energikjeldene vi bruker mest av, er kol, olje og gass. Dette er fossile, ikkje-fornybare energikjelder som blir brukte opp.

Solen skinner på blå himmel
Solen skinner på blå himmel

Sola gir energi

Fornybare energikjelder, slik som sola, blir ikkje brukte opp. Vi kan òg bruke sola for å få elektrisk energi, men då treng vi solcellepanel. Viss vi nyttar all energi frå sola til elektrisk energi, kunne vi hatt 15 000 gongar meir energi.

I nokre land, der dei har meir sollys, blir det brukt meir solenergi enn det vi gjer i Noreg. Solcellepanel kan bli utnytta i endå større grad. I varme land bruker dei òg sola til å varme opp vatn direkte. Då har dei vatn i ein behaldar på taket, og så blir vatnet varma opp av sola gjennom dagen.

Vasskraft

I Noreg produserer vi mykje elektrisk straum ved å bruke vasskraft frå fossar og større elvar. Sidan vi har så mykje elektrisk straum tilgjengeleg, bruker vi òg mykje. Å bruke vasskraft gjer at ein må byggje demningar. Det blir gjort for å samle opp vatnet og sleppe det ut ved behov. Kraftverka treng òg vegar, straummaster og kraftlinjer.

Når ein byggjer demningar, blir landområde lagde under vatn. Det kan skade dyre- og plantelivet i området. I nokre land har ein bygd store demningar for å lage innsjøar for vasskraft. Då har folk måtte flytte frå heimstaden sin fordi han har blitt lagd under vatn.

Vindkraft

Har du vore på ferie i Danmark og sett alle vindmøllene? Dei bruker vind for å lage elektrisk straum. Tyskland og USA har også mange vindmøller, og det finst nokre i Noreg. Vind er ein fornybar ressurs, og han forureinar ikkje – men det finst likevel ulemper. Vindmøllene er veldig høge, tar stor plass og lagar støy. For fuglar kan dei vere veldig farlege.

Bølgjer og geotermikk

Nokre kilometer under jordoverflata finst det ein varm og glødande masse som blir kalla mantel. Denne varmen kan vi hente og bruke på overflata. Det blir kalla geotermisk energi.

Bølgjekraft kan òg bli gjort om til elektrisk energi. Då bruker ein energien som bølgjene lagar gjennom rørslene sine. Men desse to formene for å lage elektrisk energi er kostbare og ganske vanskelege å få til. Derfor er dei lite brukte i dag.

📷  Varm kjelde som kokar over på Island, viser at temperaturen under jordoverflata er ganske høg.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Fossil energi

Naturressurssane kol, olje og gass ligg under jordoverflata. Det blir kalla fossil energi. Det er fordi det består av restar av døde dyr og plantar som levde for mange millionar år sidan. Når vi bruker fossil energi, slepp vi ut mange giftige klimagassar. Det gjer at klimaet på jorda endrar seg.

Fossil energi gjer òg at regn kan falle ned som sur nedbør. Det kan gjere skade på innsjøar, jord, skog og bygningar. Sur nedbør er forureina luft blanda med regn. Du kan førestelle deg sur nedbør som at det regnar sitronsaft i staden for reint vatn.

Ein olje- og gassnasjon

Noreg er ein olje- og gassnasjon. I 1969 gjorde ein det første store oljefunnet i Nordsjøen. Seinare har vi funne mange nye område der vi hentar opp olje og gass. Det vi ikkje bruker sjølve, sel vi til andre land. Dette har gitt Noreg store inntekter, og det har gjort at vi har hatt råd til å utvikle ein velferdsstat. Motstandarar av oljeleiting meiner at det har store miljømessige konsekvensar. Tilhengjarar meiner at det er med å skape velferd og arbeidsplassar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Atomkraft

Kjernekraftverk, eller atomkraftverk, gir mykje elektrisk energi. Denne energien er miljøvennleg, men ulykker kan få store konsekvensar for klimaet. I 1986 eksploderte eit kjernekraftverk i Tsjernobyl i Ukraina. Mange som budde i nærleiken, vart veldig sjuke. I Japan vart eit kjernekraftverk i Fukushima ramma av eit jordskjelv i 2011. Etter desse ulykkene har mange land derfor vedteke å stengje atomkraftverka sine.

Spare straum

I Noreg bruker vi mykje elektrisk straum. Å vite akkurat kor mykje vi bruker, er veldig lurt. Då kan vi prøve å redusere forbruket litt. Lågare temperatur i huset hjelper. I tillegg kan vi hugse å slå av elektriske apparat som ikkje er i bruk, og vi kan passe på kor mykje vatn vi bruker.

I mange norske hus finn du varmepumper. Desse gir meir energi enn vanlege varmeomnar. Det gjer at vi bruker mindre elektrisk energi eller mindre ved, olje eller gass til oppvarming. Mykje av søppelet vårt blir brent opp i fjernvarmeanlegg, og denne varmen blir brukt for å varme opp hus.

Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.
Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.

Kjelder:

  • Bøe, Maria Vetleseter: energi i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/energi

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images