Energi kjem i mange former

Vi tenkjer kanskje mest på elektrisk straum når vi tenkjer på energi, men energi kan komme i mange former. Kva for nokre energikjelder kan gjere ein positiv forskjell for klimaet?

Accessibility icon Energi kjem i mange former

Energi kjem i mange former

Tenkjer du mest på elektrisk straum når du tenkjer på energi? Energi kan komme i mange former. Energi kan aldri oppstå eller forsvinne, men kan gå over til andre former. Når du spring, skaper rørsla ein kinetisk energi. Når du et mat, blir det skapt ein kjemisk energi. Tenk deg at du først et og så spring – då går energien frå kjemisk til kinetisk energi.

Sola gir oss mest energi. Ho er ei fornybar energikjelde. Ho sørgjer for krinsløpet til vatnet, vind, bølgjer og fotosyntese. Vi bruker mest energi frå kol, olje og gass. Dette er fossile, ikkje-fornybare energikjelder som blir brukte opp.

Solen skinner på blå himmel
Solen skinner på blå himmel

Sola gir energi

Fornybare energikjelder blir ikkje brukte opp. Sola kan bli brukt for å få elektrisk energi. Då treng vi solcellepanel. Viss vi brukte all energi frå sola som elektrisk energi, kunne vi hatt 15 000 gongar meir energi.

I Noreg er det ofte kaldt og lite sollys. I varmare land kan ein ta i bruk meir av energien til sola. Der kan sola også varme opp vatn. I mange land set dei vatn på taket, og så blir det varma opp i løpet av dagen.

Vasskraft

I Noreg produserer vi mykje elektrisk straum. Det blir brukt vasskraft frå fossar og større elvar. Vi har mykje straum her, men vi bruker òg mykje. Med demningar samlar vi opp vatnet – så blir det sleppt  ut ved behov. Kraftverka treng òg vegar, straummaster og kraftlinjer.

Når ein byggjer demningar, hopar det seg opp med vatn på den eine sida. Det kan skade dyre- og plantelivet i området. I nokre land har ein bygd så store demningar at små byar har blitt lagde under vatn. Folk har måtta flytte frå heimstaden sin.

Vindkraft

Har du vore på ferie i Danmark og sett alle vindmøllene? Vind kan bli brukt for å lage elektrisk straum. Tyskland og USA har også mange vindmøller. Noreg har nokre, men ikkje mange. Vind er ein fornybar ressurs. Han forureinar ikkje. Vindmøller er likevel ikkje berre positivt. Dei er veldig høge og tar stor plass. Dei lagar ein del støy. For fuglar kan dei vere farlege.

Bølgjer og geotermikk

Nokre kilometer under jordoverflata er det ein varm og glødande masse. Han blir kalla mantel. Denne varmen kan vi hente og bruke på overflata. Det blir kalla geotermisk energi.

Det er òg noko som heiter bølgjekraft. Det er energien i rørsla til bølgjene, og denne kan bli gjort om til elektrisk energi. Men det kostar mykje å lage elektrisk energi på desse måtane, og det er ganske vanskeleg å få til. Derfor er dei lite brukte i dag.

📷  Varm kjelde som kokar over på Island, viser at temperaturen under jordoverflata er ganske høg.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Fossil energi

Visste du at det ligg naturressursar som kol, olje og gass under jordoverflata? Vi kallar det fossil energi, og det er eigentleg restar av døde dyr og plantar. Desse levde for mange millionar år sidan. Når vi bruker fossil energi, slepp vi ut mange giftige klimagassar. Det gjer at klimaet på jorda blir endra.

Fossil energi kan òg føre til sur nedbør. Det kan gjere skade på innsjøar, jord, skog og bygningar. Sur nedbør er forureina luft blanda med regn. Tenk om det regna sitronsaft i staden for reint vatn? Slik kan du førestelle deg sur nedbør.

Ein olje- og gassnasjon

Noreg er ein olje- og gassnasjon. Det første store oljefunnet i Nordsjøen var i 1969. Seinare har vi funne mange nye område med olje og gass. Det vi ikkje bruker sjølve, sel vi til andre land. Noreg tener veldig mykje pengar på dette. Det har gitt oss råd til å ha ein velferdsstat. Motstandarar av oljeleiting meiner at det skadar miljøet. Tilhengjarar meiner at det skaper velferd og arbeidsplassar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Atomkraft

Kjernekraftverk, eller atomkraftverk, gir mykje elektrisk energi. Denne krafta er miljøvennleg. Men viss kraftverket blir øydelagt, kan det vere veldig farleg. I 1986 eksploderte eit kjernekraftverk i Tsjernobyl i Ukraina. Mange som budde der, vart veldig sjuke. I Fukushima i Japan vart eit kjernekraftverk ramma av eit jordskjelv i 2011. Etter ulykkene har mange land valt å stengje atomkraftverka sine.

Spare straum

I Noreg bruker vi mykje elektrisk straum. Å vite akkurat kor mykje vi bruker, er veldig lurt. Då blir det enklare å spare på straumen. Vi kan senke temperaturen i huset, og vi kan skru av elektriske apparat som ikkje er i bruk. I tillegg kan vi passe på kor mykje vatn vi bruker.

Mange norske hus har varmepumper. Dei gir meir energi enn vanlege varmeomnar. Då bruker vi mindre strøm. Vi bruker òg mindre ved, olje eller gass til oppvarming. Mykje av søppelet vårt blir brent i fjernvarmeanlegg. Slike anlegg blir brukte for å varme opp hus.

Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.
Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.

Kjelder:

  • Bøe, Maria Vetleseter: energi i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/energi

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images