Energi kjem i mange former

Vi tenkjer kanskje mest på elektrisk straum når vi tenkjer på energi, men energi kan komme i mange former. Kva for nokre energikjelder kan gjere ein positiv forskjell for klimaet?

Accessibility icon Energi kjem i mange former

Energi kjem i mange former

Vi tenkjer kanskje mest på elektrisk straum når vi tenkjer på energi, men energi kan komme i mange former. Energi kan aldri oppstå eller forsvinne, men kan gå over til andre former. Energien du skaper når du spring, blir kalla rørsleenergi eller kinetisk energi. Vi kan få energi gjennom mat vi et, det blir kalla kjemisk energi. Tenk deg så at du først et og så spring – då går energien over frå kjemisk til kinetisk energi.

Vi får mest energi frå sola, og ho er ei fornybar energikjelde. Solenergien sørgjer for krinsløpet til vatnet, vind, bølgjer og fotosyntese. Dei energikjeldene vi bruker mest av, er kol, olje og gass. Dette er ikkje-fornybare energikjelder, altså energikjelder som blir brukte opp. Vi kallar slike energikjelder for fossile energikjelder.

Solen skinner på blå himmel
Solen skinner på blå himmel

Sola gir energi

Fornybare energikjelder blir ikkje brukte opp. Døme på slike er sola, vind, bølgjer og vatn. Vi kan også bruke sola for å få elektrisk energi, men då må vi bruke solcellepanel. Viss vi kunne brukt all energien frå sola som elektrisk energi, ville vi hatt 15 000 gongar meir energi enn det som blir brukt av menneske i dag.

I nokre land blir det brukt solenergi meir enn vi gjer i Noreg. Det er fordi dei har meir sol enn vi har, og solcellepanel kan bli utnytta i enda større grad. I varme land bruker dei òg sola til å varme opp vatn direkte. Då har dei vatn i ein behaldar som står på taket, og så blir vatnet varma opp av sola gjennom dagen.

Vasskraft

I Noreg produserer vi mykje elektrisk straum gjennom å bruke vasskraft frå fossar og større elvar. Sidan vi har så mykje elektrisk straum tilgjengeleg, bruker vi òg mykje. Å bruke vasskraft gjer at ein må byggje demningar, vegar, setje opp straummaster og kraftlinjer. Demningane gjer at ein kan samle opp vatnet og sleppe ut vatn etter behov.

Når ein byggjer demningar, blir landområde lagde under vatn, og desse kan skade dyre- og plantelivet i området. I enkelte andre land har ein bygd store demningar for å lage innsjøar for vasskraft. Då har folk måttet flytte frå heimstaden sin fordi han blir lagd under vatn.

Vindkraft

Viss du har vore på ferie i Danmark, har du kanskje sett alle vindmøllene? Dei bruker vind for å lage elektrisk straum. Land som Tyskland og USA har òg  mange vindmøller, og det finst òg nokre i Noreg. Vind er ein fornybar ressurs, og han forureinar ikkje. Ulempene med slike vindmøller er at dei er høge, er godt synlege i terrenget, tar stor plass og lager ein del støy. For fuglar kan slike vindmøller vere farlege.

Bølgjer og geotermikk

Vi kan òg utnytte geotermisk energi. Det betyr å hente ut varme langt nede i jorda for å bruke han på overflata. Nokre kilometer under jordoverflata finst det nemleg ein varm og glødande masse som blir kalla mantel.

Bølgjekraft kan òg bli gjort om til elektrisk energi. Då bruker ein energien som bølgjene lagar gjennom rørslene sine.

Begge desse formene for å lage elektrisk energi er kostbare og til dels vanskelege å få til – og dei er derfor lite brukte i dag.

📷  Varm kjelde som kokar over på Island, viser at temperaturen under jordoverflata er ganske høg.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Fossil energi

Kol, olje og gass ligg under jordoverflata. Vi kallar desse for fossil energi, fordi desse naturressursane består av restar av døde dyr og plantar som levde for mange millionar år sidan. Når vi bruker fossil energi, slepper vi ut mange giftige klimagassar som gjer at klimaet på jorda endrar seg.

Fossil energi gjer òg at regn kan falle ned som sur nedbør, og gjere skade på innsjøar, jord, skog og bygningar. Sur nedbør kjem av at forureina luft blandar seg med regn. Du kan førestelle deg sur nedbør som om det regnar sitronsaft framfor reint vatn.

Ein olje- og gassnasjon

Norge er ein olje- og gassnasjon. I 1969 gjorde ein det første store oljefunnet i Nordsjøen. Seinare har vi fått mange nye område der vi hentar opp olje og gass. Det vi ikkje bruker sjølve, sel vi til andre land. Dette har gitt Noreg store inntekter, og det har gjort at vi har hatt råd til å utvikle ein velferdsstat. Oljeleiting har både motstandarar og tilhengjarar. Motstandarane peikar på dei miljømessige konsekvensane, mens tilhengarane ofte peikar på velferd og det å skape arbeidsplassar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Atomkraft

Kjernekraftverk, eller atomkraftverk, gir mykje elektrisk energi. Energien frå kjernekraftverk er miljøvennleg, men dersom kjernekraftverket blir øydelagt, får det store konsekvensar for klimaet. I 1986 eksploderte eit kjernekraftverk (Tsjernobyl) i Ukraina, og mange som budde i nærleiken, vart veldig sjuke. I Japan vart eit kjernekraftverk i Fukushima ramma av eit jordskjelv i 2011. Mange land har derfor bestemt  å stengje  atomkraftverka sine etter desse ulykkene.

Spare straum

I Noreg bruker vi mykje elektrisk straum. Vi bør derfor vere merksame på kor mykje straum vi bruker, og vi må prøve å redusere forbruket vårt. Dette kan vi gjere gjennom å ha litt lågare temperatur i huset, lufte kort og ofte, slå av elektriske apparat heilt når vi ikkje bruker dei, og vere merksame på kor mykje vatn vi bruker.

I mange norske hus finn du i dag varmepumper. Desse gir meir energi enn vanlege varmeomnar, og dei gjer at vi bruker mindre elektrisk energi eller bruker mindre ved, olje eller gass til oppvarming. Mykje av søppelet vårt blir brent opp, og denne varmen blir brukt i fjernvarmeanlegg for å varme opp hus.

Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.
Varmepumpe som henger oppunder taket over et vindu med gardiner.

Kjelder:

  • Bøe, Maria Vetleseter: energi i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. februar 2022 frå https://snl.no/energi

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images