Er du på bærtur?

Kor ofte er du på bærtur? Her i Noreg har vi massevis av herlege bær som vi kan plukke i naturen. Det er heilt gratis, og dei inneheld masse god smak og næringsstoff. Enkelte har hemmelege bærplukkestader som dei ikkje avslører. Dette gjeld nok spesielt molter. Har du ein hemmeleg stad på fjellet eller i skogen der du plukkar bær?

Accessibility icon Er du på bærtur?

Vere på bærtur

På seinsommar og haust er det mange som bokstaveleg talt er på bærtur. Dei plukkar ulike typar skogsbær som blåbær, tyttebær og molter.

Elles blir uttrykket “å vere på bærtur” brukt om at ein har misforstått noko kraftig, eller har gått i heilt feil retning. Dersom noko er “berre blåbær” derimot – ja, då betyr det at noko er veldig lett og enkelt.

Bærtur
Bærtur

Blåbær

Blåbær kjenner dei fleste fordi bæra veks over store delar av landet. Mange sankar blåbær sjølve i skogen, men blåbær blir òg dyrka kommersielt. Det er som regel desse vi kan kjøpe i butikken. Butikkbæra er ofte større enn dei du finn i skogen.

Blåbæra blir brukte til syltetøy og safting.  Kanskje et du pannekaker med blåbærsyltetøy?

Bæra kan òg tørkast eller frysast. Før i tida brukte ein blåbær i folkemedisinen for å stoppe diaré. Då kokte ein bæra. Men et du friske bær, kan det òg hjelpe.

Blåbær inneheld mykje vitamin C og er svært rike på antioksidantar.

Antioksidantar

Forskarar trur antioksidantar vernar kroppen mot bakteriar og virus. Sjølv om kroppen lagar antioksidantar, blir det tilrådd å få i seg slike gjennom maten.

Når kroppen forbrenn oksygen, blir det produsert noko som blir kalla frie oksygenradikal. Blir det for mykje av desse, kan dei skade cellene og arvestoff.

Det er dette du ser om du deler eit eple i to. Då blir overflata fort brun etter at ho blir utsett for oksygenet i lufta. Antioksidantane er kroppen sitt eige forsvar mot desse radikala.

Bær inneheld masse antioksidantar.

Blokkebær

Blokkebær liknar ganske mykje på blåbær, men er ikkje like populære.

Dei kan brukast til syltetøy og saft.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!